Semesters
TOD101 Teaterproduksjon 1: Skodespelarteknikk og ensemblebyggjing
Ingen.
Emnet er eit introduksjonsemne til TOD103 Teaterproduksjon 2: Skodespelarteknikk og dramaturgi, og tek utgangspunkt i teoriane og arbeidsmetodane til den russiske teaterpedagogen Stanislavskij.
Studentane vil jobbe med:
- Grunntrening for kropp og stemme.
- Improvisasjon og teatersport.
- Teateropplevingar.
- Iscenesettjing av ulike dramatiske tekster.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har grunnleggjande kunnskap om fagterminologi i skodespelarteknikk og ensemblespill.
- har kunnskap om dramatiske verkemiddel og ulike funksjonar i ein teaterproduksjon.
- har grunnleggjande kunnskap om framsyningsanalyse.
Studenten
- kan formidle ein karakters mål og funksjon i eit dramatisk verk, gjennom interaksjon i samspill.
- kan arbeide praktisk-metodisk med improvisasjon, teatersport og skodespelarmetodikk.
- kan nytte fagterminologi og reflektere over teaterproduksjonar for ulike målgrupper både munnleg og skriftleg.
Studenten
- har sjølvstendige rutinar for oppvarming og vedlikehald av kropp og stemme.
- kan samarbeide med faglærar og medstudentar.
Undervisinga er eit samspel mellom teoretisk, praktisk og sjølvstendig arbeid, og vil innehalde seminar, workshops, gruppearbeid og førelesingar. Det vil arrangerast obligatoriske prosessvisningar, såkalla Husteater, for eit ope publikum. I hovud-teaterproduksjonen vil læraren fungere som regissør, og studentane skal fokusere på ensemblespill og skodespelarteknikk.
- Studenten må også delta på ei mindre studiereise, og 2-3 teaterframsyningar, til eigen kostnad.
a) Frammøtekrav:
- Emnet forutset aktiv deltaking og engasjement, og all undervisning er obligatorisk. For å kunne ta eksamen må studenten ha eit godkjent oppmøte på minimum 80%.
Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6, om obligatorisk frammøte/deltaking.
b) Arbeidskrav:
- Ei skriftleg oppgåve i framsyningsanalyse, i grupper (1500-2000 ord).
- Tre godkjente framvisingar på Husteater.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap.5.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)
Det vert lånt ut klassesett med manus til studentane. Manglande innlvering av manus gjer ei avgift på 100,- per manus.
- Storytelling and theatre production
- Theatre and Drama - bachelor
- Theatre and Drama - year course
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praktisk eksamen | Individual or Group exam | 4 Weeks | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 60 | Kunstnarleg scenisk framsyning for eit publikum, medstudentar, emneansvarleg og sensor, med individuell karakter. | Alle | |
Home exam | Individual | 3 Days | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 40 | Digital eksamen. Studenten skal ut frå eige arbeid reflektere og drøfte ulike faktorar frå framsyninga i lys av aktuell teori. | Alle | 800-1000 ord |