Semestre
TOD103 Teaterproduksjon 2: Fra realismen til modernismen
Emnekode:
TOD103
Varighet:
1 semester
Studiepoeng:
15
Studienivå:
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester:
2025 Vår
Eksamenssemester:
2025 Vår
Undervisningsspråk:
Norsk
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Om emnet
I Teaterproduksjon 2: Frå realismen til modernismen, fokuserer undervisninga på utvalde teaterfornyarar frå omlag 1870-1980.
Studentane får undervising i ulike tilnærmingar til teaterproduksjon, og korleis nytte desse i eige produksjonsarbeid
Studentane vil jobbe med:
- Dramaturgi knytt til utvalde teaterfaglege retningar.
- Ulike skodespelarteknikkar og scenekunstnarlege verkemiddel i teateret (frå ca. 1870 - 1980).
- Manus- og førestillingsanalyse
- Teaterproduksjon
Læringsutbytte
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kunnskapar
Studenten
- har grunnleggjande kunnskap om fagterminologi i utvald skodespelarteknikk frå det 20. århundre
- har basiskunnskap om bruken av dramaturgiske verkemiddel hos utvalde sentrale teaterfornyarar frå det 20.århundre (fram til ca. 1980)
Ferdigheiter
Studenten
- kan nyttegjere seg kunnskap om dramaturgi og scenekunstens verkemiddel, i praktisk arbeid med utvalde retningar innan teatret fra det 20. århundre
- kan formidle sentralt fagstoff frå emnet gjennom bruk av relevante uttrykksformer
- kan omsette fagkunnskap til å formidle ei rolle, ved bruk av ulike skodespelarteknikkar i det moderne teateret
Generell kompetanse
Studenten
- kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre og slik medverke til utvikling av god praksis
- er kjend med scenekunstnarlege verkemiddel, som scenografi, kostyme, lyd og lys
Praktisk organisering og arbeidsmåtar
Undervisninga er eit samspel mellom teoretisk, digitalt, praktisk og sjølvstendig arbeid, og er samansett av:
- seminar og verkstader
- framsyningar
- gruppearbeid
- individuelt arbeid
Vilkår for å framstille seg til eksamen
Frammøtekrav:
- All undervisning er obligatorisk, og oppmøtet må vere av ei aktiv deltakande art.
Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Arbeidskrav:
- Ei godkjend visning på Husteater
- Ei skriftleg oppgåve på omlag 2000 ord
Alle arbeidskrav har 2 forsøk
Sensorordning
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §9-4.
Evaluering og kvalitetssikring
Minimumstal:
4
Maksimumstal:
20
Emneansvarleg:
Hege Holmqvist Synnes
Vibeke Preus
Jiri Nagy
Emnet inngår i følgande studieprogram
- Teater og drama - årsstudium
- Teater og drama - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praktisk eksamen | Individuell eller gruppe (etter avtale) | 5 Veker | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 50 | Kunstnarleg scenisk framsyning for eit publikum, medstudentar, faglærar og sensor med etterfølgjande samtale. Individuell karakter | Alle | |
Heimeeksamen | Individuell | 1 veke | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 50 | Ei vekes individuell skriftleg heimeeksamen. | Alle | 2000 ord |
Godkjent av:
Unni Hagen