Semestre

TOD103 Teaterproduksjon 2: Moderne teater

Emnekode: 
TOD103
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2021 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Theatre production 2: From realism to modernism
Emnenavn på bokmål: 
Teaterproduksjon 2: Fra realismen til modernismen
Eksamenssemester: 
2021 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Bestått TOD101 Teaterproduksjon 1: Realistisk teater eller 15 stp. i teaterproduksjon.

Om emnet

Teaterproduksjon 2 er eit emne som går djupare inn i skodespelarteknikken, med fokus på utvalde teaterfornyarar frå det 20.århundre.
Emnet nyttar teaterproduksjon som læringsmodell og studentane får undervisning i regimessige tilnærmingar i episk og absurd teater, og ser på samanhengane til dagens iscenesettjingar av skodespel frå t.d. Brecht og Lonesco.

Studentane vil jobbe med:

  • Regi knytt til prosess og produkt i ulike teaterfaglege retningar.
  • Skodespelarteknikk i det moderne teateret (ca. 1900 - 1960).
  • Teaterproduksjon.
Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har grunnleggjande kunnskap om fagterminologi i utvald skodespelarteknikk frå det 20. århundre
  • har basiskunnskap om regiteknikken til utvalde sentrale teaterfornyarar frå det 20.århundre (fram til ca. 1960)
Ferdigheiter

Studenten

  • kan nyttegjere seg kunnskap om regi i arbeid med utvalde retningar innan teatret fra det 20. århundre
  • kan formidle sentralt fagstoff frå emnet gjennom bruk av relevante uttrykksformer
  • kan omsette fagkunnskap til å formidle ei rolle, ved bruk av ulike skodespelarteknikkar
Generell kompetanse

Studenten

  • kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre og slik medverke til utvikling av god praksis
  • er kjend med tekniske verkemiddel i teateret: scenografi, lyd og lys
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga er eit samspel mellom teoretisk, praktisk og sjølvstendig arbeid, og er samansett av:

  • seminar og verkstader
  • framsyningar
  • gruppearbeid
  • individuelt arbeid

Det vil arrangerast obligatoriske visningar, såkalla Husteater, for eit ope publikum, i tillegg til studentdrevne morgontreningar.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

  • All undervisning er obligatorisk, og oppmøtet må vere av ei aktiv deltakande art.
    Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6. 

Arbeidskrav:

  • Ei godkjend framsyning på Husteater med reflekterande logg
  • Ei skrifteleg analyse på omlag 2000 ord

 

Sensorordning
Minimumstal: 
10
Maksimumstal: 
24
Emneansvarleg: 
Hege Holmqvist Synnes
Materialavgift

Det vert lånt ut klassesett med manus til studentane. Manglande innlvering av manus gjer ei avgift på 200,- per manus.

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Teater og drama - årsstudium
  • Teater og drama - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praktisk eksamen
Individuell eller gruppe (etter avtale)
5 Veker
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
60
Kunstnarleg scenisk framsyning for eit publikum, medstudentar, faglærar og sensor med individuell karakter
Alle
Heimeeksamen
Individuell
7 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
40
Ei vekes individuell skriftleg heimeeksamen knytt til teaterprosess og teori.
Alle
2000 ord
Godkjent av: 
Unni Hagen