Semestre

TOD103 Teaterproduksjon 2: Fra realismen til modernismen

Emnekode: 
TOD103
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2024 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Theatre production 2: From realism to modernism
Emnenavn på bokmål: 
Teaterproduksjon 2: Fra realismen til modernismen
Eksamenssemester: 
2024 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen.

Om emnet

Teaterproduksjon 2: Fra realisme til modernisme, fokuserer på utvalde teaterfornyarar frå omlag 1870-1980.
Studentane får undervising i ulike tilnærmingar til teaterproduksjon, og korleis nytte desse i eige produksjonsarbeid

Studentane vil jobbe med:

  • Dramaturgi knytt til prosess og produkt i utvalde teaterfaglege retningar.
  • Skodespelarteknikken og scenekunstens verkemiddel i teateret (frå ca. 1870 - 1980).
  • Manus- og førestillingsanalyse
  • Teaterproduksjon
Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har grunnleggjande kunnskap om fagterminologi i utvald skodespelarteknikk frå det 20. århundre
  • har basiskunnskap om bruken av dramaturgiske verkemiddel hos utvalde sentrale teaterfornyarar frå det 20.århundre (fram til ca. 1980)
Ferdigheiter

Studenten

  • kan nyttegjere seg kunnskap om dramaturgi og scenekunstens verkemiddel, i praktisk arbeid med utvalde retningar innan teatret fra det 20. århundre
  • kan formidle sentralt fagstoff frå emnet gjennom bruk av relevante uttrykksformer
  • kan omsette fagkunnskap til å formidle ei rolle, ved bruk av ulike skodespelarteknikkar i det moderne teateret
Generell kompetanse

Studenten

  • kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre og slik medverke til utvikling av god praksis
  • er kjend med scenekunstnarlege verkemiddel, som scenografi, kostyme, lyd og lys
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga er eit samspel mellom teoretisk, digitalt, praktisk og sjølvstendig arbeid, og er samansett av:

  • seminar og verkstader
  • framsyningar
  • gruppearbeid
  • individuelt arbeid
Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

  • All undervisning er obligatorisk, og oppmøtet må vere av ei aktiv deltakande art.
    Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. 

Arbeidskrav:

  • Ei godkjend visning på Husteater
  • Ei skriftleg analyse på omlag 2500 ord

Alle arbeidskrav har 2 forsøk

 

Sensorordning

Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
24
Emneansvarleg: 
Jiri Nagy
Hege Holmqvist Synnes
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Teater og drama - årsstudium
  • Teater og drama - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praktisk eksamen
Individuell eller gruppe (etter avtale)
4 Veker
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
60
Kunstnarleg scenisk framsyning for eit publikum, medstudentar, faglærar og sensor med individuell karakter
Alle
Heimeeksamen
Individuell
1 veke
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
40
Ei vekes individuell skriftleg heimeeksamen knytt til teaterprosess og teori.
Alle
2000 ord
Godkjent av: 
Unni Hagen