Semestre

TOD103 Teaterproduksjon 2: Moderne teater

Emnekode: 
TOD103
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2020 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Theatre production 2: From realism to modernism
Emnenavn på bokmål: 
Teaterproduksjon 2: Fra realismen til modernismen
Eksamenssemester: 
2020 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
TOD101 Teaterproduksjon 1: Ensemblebygging
Krav til forkunnskapar

15 stp. i teaterproduksjon.

Om emnet

Teaterproduksjon 2 er eit emne som går djupare inn i skodespelarteknikken, med fokus på utvalde teaterfornyarar frå det 20.århundre.
Emnet tek utgangspunkt i regimessige tilnærmingar i episk og absurd teater, og ser på samanhengane til dagens iscenesettjingar av skodespel frå t.d. Brecht og Lonesco.

Studentane vil jobbe med:

  • Regi knytt til prosess og produkt i ulike teaterfaglege retningar.
  • Skodespelarteknikk i det moderne teateret (frå 1900 og fram mot vår tid).
  • Teaterproduksjon.
Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har grunnleggjande kunnskap om fagterminologi i modernistisk skodespelarteknikk
  • har basiskunnskap om regiteknikken til utvalde sentrale teaterfornyarar frå det 20.århundre (fram til ca. 1960)
Ferdigheiter

Studenten

  • kan nyttegjere seg kunnskap om regi i arbeid med utvalde retningar innan teatret fra det 20. århundre
  • kan formidle sentralt fagstoff frå emnet gjennom bruk av relevante uttrykksformer
  • kan omsette fagkunnskap til å formidle ei rolle, ved bruk av ulike skodespelarteknikkar
Generell kompetanse

Studenten

  • kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre og slik medverke til utvikling av god praksis
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga er eit samspel mellom teoretisk, praktisk og sjølvstendig arbeid, og er samansett av:

  • seminar og verkstader
  • framsyningar
  • gruppearbeid
  • individuelt arbeid

Det vil arrangerast obligatoriske visningar, såkalla Husteater, for eit ope publikum, i tillegg til studentdrevne morgontreningar.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

  • All undervisning er obligatorisk, og oppmøtet må vere av ei aktiv deltakande art.
    Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6. 

Arbeidskrav:

  • To godkjende framsyningar på Husteater, eit knytt til episk eller absurd teater, og eit til regiarbeid.

 

Sensorordning
Minimumstal: 
10
Maksimumstal: 
24
Emneansvarleg: 
Jiri Nagy
Materialavgift

Det vert lånt ut klassesett med manus til studentane. Manglande innlvering av manus gjer ei avgift på 200,- per manus.

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Teater og drama - årsstudium
  • Teater og drama - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
12 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
40
Skriftleg heimeeksamen knytt til teaterprosess og teori.
Alle
2000 - 2500 ord
Godkjent av: 
Aud Folkestad