Semestre
TOD103 Teaterproduksjon 2: Moderne teater
TOD101 Teaterproduksjon 1: Realistisk teater (15stp.), eller tilsvarande.
Teaterproduksjon 2: Moderne teater, fokuserer på utvalde teaterfornyarar frå omlag 1900-1960.
Studentane får undervisning i dramaturgiske tilnærmingar i episk og absurd teater, og ser på samanhengane til dagens iscenesettjingar av skodespel frå t.d. Brecht og Ionesco.
Studentane vil jobbe med:
- Dramaturgi knytt til prosess og produkt i utvalde teaterfaglege retningar.
- Skodespelarteknikken og scenekunstens verkemiddel i det moderne teateret (ca. 1900 - 1960).
- Manusanalyse
- Teaterproduksjon
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har grunnleggjande kunnskap om fagterminologi i utvald skodespelarteknikk frå det 20. århundre
- har basiskunnskap om bruken av dramaturgiske verkemiddel hos utvalde sentrale teaterfornyarar frå det 20.århundre (fram til ca. 1960)
Studenten
- kan nyttegjere seg kunnskap om dramaturgi og scenekunstens verkemiddel, i praktisk arbeid med utvalde retningar innan teatret fra det 20. århundre
- kan formidle sentralt fagstoff frå emnet gjennom bruk av relevante uttrykksformer
- kan omsette fagkunnskap til å formidle ei rolle, ved bruk av ulike skodespelarteknikkar i det moderne teateret
Studenten
- kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre og slik medverke til utvikling av god praksis
- er kjend med scenekunstnarlege verkemiddel, som scenografi, kostyme, lyd og lys
Undervisninga er eit samspel mellom teoretisk, digitalt, praktisk og sjølvstendig arbeid, og er samansett av:
- seminar og verkstader
- framsyningar
- gruppearbeid
- individuelt arbeid
Frammøtekrav:
- All undervisning er obligatorisk, og oppmøtet må vere av ei aktiv deltakande art.
Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6.
Arbeidskrav:
- Eit reflekterande notat på omlag 1000-1500 ord
- Ei skrifteleg analyse på omlag 2500 ord
Alle arbeidskrav har 2 forsøk
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Teater og drama - årsstudium
- Teater og drama - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praktisk eksamen | Individuell eller gruppe (etter avtale) | 5 Veker | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 60 | Kunstnarleg scenisk framsyning for eit publikum, medstudentar, faglærar og sensor med individuell karakter | Alle | |
Heimeeksamen | Individuell | 7 Dagar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 40 | Ei vekes individuell skriftleg heimeeksamen knytt til teaterprosess og teori. | Alle | 2000 ord |