Semestre

TOD103 Teaterproduksjon 2: Skodespelarteknikk og dramaturgi

Emnekode: 
TOD103
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2017 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Theatre production 2: From realism to modernism
Emnenavn på bokmål: 
Teaterproduksjon 2: Fra realismen til modernismen
Eksamenssemester: 
2017 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
TOD101 Teaterproduksjon 1: Ensemblebygging
Krav til forkunnskapar

15 stp. i teaterproduksjon.

Om emnet

Teaterproduksjon 2: Skodespelarteknikk og dramaturgi er eit emne som byggjar på Teaterproduksjon 1: Skodespelarteknikk og ensemblebyggjing, og som går djupare inn i skodespelarteknikken, med eit fokus på dramaturgi og utvalde teaterfornyarar frå det 20.århundre.

Studentane vil jobbe med:

  • Dramaturgi knytt til prosess og produkt i ulike teaterproduksjonsprosessar.
  • Skodespelarteknikk i det moderne teateret (frå 1900 og fram mot vår tid).
  • Teateropplevingar.
  • Teaterproduksjon.
Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om dramaturgiske omgrep og verkty i analysearbeid og i iscenesettjing.
  • har kunnskap om skodespelarteknikken til utvalde sentrale teaterfornyarar frå det 20.århundre.
Ferdigheiter

Studenten

  • kan nyttegjere seg ulike dramaturgiske strategier i arbeid med ulike teaterproduksjonsprosessar.
  • kan formidle sentralt fagstoff frå emnet gjennom bruk av relevante uttrykksformer.
  • kan formidle ei rolle gjennom ulike skodespelarteknikkar.
Generell kompetanse

Studenten

  • kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre og slik medverke til utvikling av god praksis.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga er eit samspel mellom teoretisk, praktisk og sjølvstendig arbeid, og inneheld m.a. seminar, workshops, førelesingar, gruppearbeid, sjølvstudium og framsyningar. Det vil arrangerast obligatoriske visningar, såkalla Husteater, for eit ope publikum. I teaterproduksjonen vil faglærar fungere som regissør, og studentane skal jobbe med både skodespel og anna produksjonsarbeid, som td. lys, lyd, scenografi og kostyme.

  • Studenten må også delta på 1-2 teaterframsyningar, til eigen kostnad.
Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

  • Emnet forutset aktiv deltaking og engasjement, og all undervisning er obligatorisk. For å kunne ta eksamen må studenten ha eit godkjent oppmøte på minimum 80%

Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6, om obligatorisk frammøte/deltaking.

Arbeidskrav:

  • Eit praktisk - munnleg foredrag, individuelt eller i gruppe, om utvalde teaterfornyarar. Oppgåva vert gitt av emneansvarleg og framleggjast for medstudentar og faglærar.
  • To godkjende Husteater.

 

Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap.5

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Minimumstal: 
8
Maksimumstal: 
25
Emneansvarleg: 
Ingeborg Marie Stige
Materialavgift

Det vert lånt ut klassesett med manus til studentane. Manglande innlvering av manus gjer ei avgift på 100,- per manus.

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Forteljing og teaterproduksjon
  • Teater og drama - årsstudium
  • Teater og drama - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praktisk eksamen
Individuell eller gruppe (etter avtale)
4 Veker
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
50
Kunstnarleg scenisk framsyning for eit publikum, medstudentar, faglærar og sensor med individuell karakter
Alle
Heimeeksamen
Individuell
7 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
50
Ei vekes individuell skriftleg heimeeksamen knytt til teaterprosess og teori
Alle
3000 ord
Godkjent av: 
Aud Folkestad