Semestre
TOD103 Teaterproduksjon 2: Fra realismen til modernismen
Emnekode:
TOD103
Varighet:
1 semester
Studiepoeng:
15
Studienivå:
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester:
2023 Vår
Eksamenssemester:
2023 Vår
Undervisningsspråk:
Norsk
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Om emnet
Teaterproduksjon 2: Fra realisme til modernisme, fokuserer på utvalde teaterfornyarar frå omlag 1870-1980.
Studentane får undervising i ulike tilnærmingar til teaterproduksjon, og korleis nytte desse i eige produksjonsarbeid
Studentane vil jobbe med:
- Dramaturgi knytt til prosess og produkt i utvalde teaterfaglege retningar.
- Skodespelarteknikken og scenekunstens verkemiddel i teateret (frå ca. 1870 - 1980).
- Manus- og førestillingsanalyse
- Teaterproduksjon
Læringsutbytte
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kunnskapar
Studenten
- har grunnleggjande kunnskap om fagterminologi i utvald skodespelarteknikk frå det 20. århundre
- har basiskunnskap om bruken av dramaturgiske verkemiddel hos utvalde sentrale teaterfornyarar frå det 20.århundre (fram til ca. 1980)
Ferdigheiter
Studenten
- kan nyttegjere seg kunnskap om dramaturgi og scenekunstens verkemiddel, i praktisk arbeid med utvalde retningar innan teatret fra det 20. århundre
- kan formidle sentralt fagstoff frå emnet gjennom bruk av relevante uttrykksformer
- kan omsette fagkunnskap til å formidle ei rolle, ved bruk av ulike skodespelarteknikkar i det moderne teateret
Generell kompetanse
Studenten
- kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre og slik medverke til utvikling av god praksis
- er kjend med scenekunstnarlege verkemiddel, som scenografi, kostyme, lyd og lys
Praktisk organisering og arbeidsmåtar
Undervisninga er eit samspel mellom teoretisk, digitalt, praktisk og sjølvstendig arbeid, og er samansett av:
- seminar og verkstader
- framsyningar
- gruppearbeid
- individuelt arbeid
Vilkår for å framstille seg til eksamen
Frammøtekrav:
- All undervisning er obligatorisk, og oppmøtet må vere av ei aktiv deltakande art.
Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6.
Arbeidskrav:
- Ein akademisk tekst på omlag 1500 ord
- Ei skriftleg analyse på omlag 2500 ord
Alle arbeidskrav har 2 forsøk
Sensorordning
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
Evaluering og kvalitetssikring
Minimumstal:
5
Maksimumstal:
24
Emneansvarleg:
Jiri Nagy
Hege Holmqvist Synnes
Emnet inngår i følgande studieprogram
- Teater og drama - årsstudium
- Teater og drama - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praktisk eksamen | Individuell eller gruppe (etter avtale) | 4 Veker | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 60 | Kunstnarleg scenisk framsyning for eit publikum, medstudentar, faglærar og sensor med individuell karakter | Alle | |
Heimeeksamen | Individuell | 1 veke | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 40 | Ei vekes individuell skriftleg heimeeksamen knytt til teaterprosess og teori. | Alle | 2000 ord |
Godkjent av:
Unni Hagen