Semesters
TOD203 Bacheloroppgåve: Vitskapsteori, metode og kunstnarleg utviklingsarbeid
90 stp. i teater- og dramafag, med eit minimum av 15 stp. teaterkunnskap, 45 stp. i teaterproduksjon og 15 stp. på 200-nivå.
TOD203 er eit emne som skal gje studenten ei innføring i vitskapsteori, filosofi, akademisk skriving og teatervitskapelege forskingstradisjonar og metodar.
Hovudfokus skal være ei sjølvstendig vitenskapleg oppgåve der studenten skal velje tematikk/problemformulering frå ei av fordjupingane i studiet.
Studenten skal arbeide sjølvstendig og utvikle både den kunstnarlege kompetansen, og evna til akademisk refleksjon og skriftleggjering av eigen praksis.
Studentane skal m.a.:
- få ei innføring i vitskapleg metode, vitskapsteori og filosofi
- få ei innføring i teater- og dramavitskaplege forskingstradisjonar og metodar
- fordjupe seg i, og vidareutvikle eigen kompetanse innan ein valt tematikk
- velje ut og vidareutvikle ei problemformulering
- samle inn og vurdere kjelder og litteratur
- skal skrive ei bacheloroppgåve der studenten skal velje tematikk/problemformulering frå ei av fordjupingane i studie
- presentere/utforske tematikken i ein kunstnarleg eller kunstpedagogisk presentasjon
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har inngåande kunnskap om eit sjølvvalt tema innan teater- og dramafaget
- kjenner til nyare forsking og utviklingsarbeid innan utvalde delar av teater- og dramafaget
- har kunnskap om utvalde forskingstradisjonar og metodar som er aktuelle innan fagfeltet
Studenten
- kan reflektere kritisk og systematisk innanfor fordjupingsemnet
- kan utvikle ein strukturert akademisk tekst, som svarar på eiga problemformulering, og finne fram til relevant litteratur og forsking
- kan anvende sin fagkompetanse innanfor fordjupningsemne
- kan planleggje, gjennomføre og kritisk analysere eit sjølvstendig utviklingsarbeid innan fagfeltet
Studenten:
- kan vurdere eige arbeid, med tanke på både prosess og produkt
- kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre og slik medverke til utvikling av god praksis
- har skrivetekniske ferdigheiter som førebuing til ei masteroppgåve seinare
Emnet er basert på sjølvstendig individuelt arbeid under obligatorisk rettleiing av faglærar. Undervisinga er eit samspel mellom teoretisk, digitalt, praktisk og sjølvstendig arbeid, og vil ha ulike former som:
- seminar og verkstad
- praktisk undervisning
- framsyningar
- gruppearbeid
- sjølvstudium
- førelesingar
Frammøtekrav:
All undervisning er obligatorisk, og oppmøtet må vere av ei aktiv deltakande art.
Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6.
Arbeidskrav:
- Eit skrifteleg arbeidskrav i vitskapteori og filosofi.
- Ei mappe med 6 separate innleveringar
- Eit praktisk seminarinnlegg der skissa for det kunstnarlege utviklingsprosjektet vert presentert, og deler av utviklingsarbeidet visast performativt.
Alle arbeidskrav har 2 forsøk
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Theatre and Drama - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Bachelor's thesis | Individual | 4-6 Weeks | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 40 | Ei skriftleg forskingsoppgåve | 7-8000 ord. | |
Praktisk eksamen | Individual or Group exam | 4-6 Weeks | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 40 | Kunstnarleg framsyning som utforskar tematikken i forskningsoppgåva | Framsyninga: Omlag 30-40 minutt. | |
Oral examination | Individual | 20 Minutes | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 20 | Den munnlege samtalen skal forsvare og forklare samanhengen mellom forskningsoppgåva og kunstnarlege framsyninga . | Eigne notatar | 20 minutt. |