Writing and referencing

Skriftlege arbeid står sentralt gjennom heile studieløpet. På denne sida finn du informasjon som kan hjelpe deg. APA 7 eksempelsamling viser deg korleis du siterer kjelder i ein akademisk tekst og set opp ei kjeldeliste. Under kjeldekritikk får du tips om korleis du kritisk vurderer dei ulike kjeldene du ønskjer å ha med i teksten din, og vidare får du råd om korleis du kan unngå plagiering. Zotero og EndNote er hjelpeverktøy du kan ta i bruk for for å samle, organisere og sitere kjelder. For studentar tilrår vi Zotero, medan mange tilsette brukar EndNote. Resten av boksane på sida peikar til ulike eksterne nettressursar som gir tips og råd om akademisk skriving, og heilt nedst finn du ein introduksjonsfilm om oppgåveskriving.