Semesters
ANI263 Animasjon 3: Spesialisering
For english speaking exchange students: Admission for exchange students is based exclusively on portfolio assessment. All exchange students must submit a link to their online portfolio, together with the application documents.
Studentane skal gjennom emnet fordjupe seg i ein sjølvvald animasjonsteknikk. Emnet består i hovedsak av eit gruppearbeid der oppgåva er å lage ein kortfilm i den sjølvvade teknikken. Studentane utviklar først ein idé og produksjonsplan, før dei set i gang med sjølve produksjonen. Gjennom arbeidet med filmproduksjonen, som blir rettleia av faglærar, vil studentane få fordjupande trening i animasjonsteknikken dei har valt.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten er forventa å ha grunnleggjande forståing av
- moglegheiter, prosessar, metoder og verktøy innanfor animasjonsteknikken 2D, stop-motion eller 3D-dataanimasjon
- korleis 2D, stop-motion eller 3D-dataanimasjon kan brukast i framstillinga og utforskinga av idear, og som verktøy i historieforteljing
Studenten er forventa å kunna
- ha spesialiserte ferdigheiter innan 2D, stop-motion eller 3D-dataanimasjon
- gi form til ein idé gjennom 2D, stop-motion eller 3D-dataanimasjon
- produsere ein animert kortfilm med lyd
Studenten er forventa å kunna
- jobbe i gruppe med eit animasjonsprosjekt
- videreutvikla sine kreative, praktiske og kommunikative evner innan fagområdet
- nytte animasjon til å framstille og utforske idear og/eller fortelje ei historie
Studenten blir undervist i kortfilmproduksjon og teknikk, og arbeider ut frå dette sjølv med animasjonsfilmproduksjon i gruppe. Rammene og vurderingskriteria for produksjonen blir oppgitt ved emnets start, og en rettleiar følger produksjonen gjennom semesteret.
Levere evaluering av emnet. Denne evalueringa skjer anonymt.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
- Animation - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | 1 Semester | Pass / fail | 100 | Alle |
Emneansvarleg opplyser ved semesterstart om filformat.