Semesters
ANT162 Animasjonsteori 2: Former for animasjon
Ingen.
Dette emnet søkjar å gi studentane ei historisk og analytisk forståing for ulike former for animasjonsfilm. Emnet består av å sjå og diskutera animasjonsfilmar frå ulike tider, og å utforska ulike aspekt ved animasjon som historieforteljing og estetisk uttrykksform.
Målet er å gjera studentane kjende med store linjer i animasjonshistoria samtidig som dei oppøves i å næranalysere enkeltverk. Tema og døme kan variera frå semester til semester, men animasjon og dets formspråk vil sjåast i samanheng med ein større kunst- og filmhistorie.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten er forventa å ha ei grunnleggjande forståing for
- sentrale historiske linjer i animasjonsfilmhistoria
- ulike stilar og estetiske uttrykk i animasjonsfilmhistoria
- konvensjonar og eksperimentering i animasjonsfilmhistoria
- filmvitskaplege omgrep som kastar lys over animasjon som historisk og estetisk kunstform
Studenten er forventa å kunna nytta
- faglege omgrep i refleksjon og analyse av animasjonsfilm
- historisk kunnskap i refleksjon og analyse av animasjonsfilm
- faglitteratur for å utforska animasjonshistoria og drøfta animasjonshistoriske problemstillingar
Studenten er forventa å kunna
- sjå og diskutera animasjon i ein vitskapleg samanheng
- sjå sin eigen praksis i lys av ei større historie
Emnet består hovedsakleg av forelesingar og seminar. Utover dette er det forventa sjølvstendig arbeid med pensum.
Levere evaluering av emnet. Denne evalueringa skjer anonymt.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
- Animation - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Assignment | Individual | 1 Semester | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Meir informasjon kjem ved semesterstart. | Alle | Fagtekst på 1000-3000 ord. |