Semesters
ANT162 Animasjonsteori 2: Former for animasjon
Ingen.
Kva vegar har animasjonsfilmen teke opp igjennom historia? Dette emnet gir ein introduksjon til animasjonsfilmhistorie, og til det å analysera ulike former for animasjon, film og biletkunst ut frå eit estetisk og historisk perspektiv. Du vil bli kjent med ulike kunstnariske former og stilar innanfor kunst-, film- og animasjonshistoria, og lære om moglege måtar å tolka og drøfta desse formene på. Gjennom dette søkjer emnet å utvikla ei historisk og analytisk forståing for mangfoldigheten ved animasjon og dets moglegheiter som uttrykksform.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgande læringsutbytte etter fullført emne:
Studentene skal ha grunnleggande
- kunnskap om ulike historiske tilnærmingar til animasjonsfilm som uttrykksform
- kjennskap til ulike former og stilar innanfor og utanfor dei tradisjonelle animasjonsteknikkane
- kjennskap til ikkje-lineære forteljarstrukturar og poetiske uttrykksformer innan animasjonsfilm
- kunnskap om animasjonsfilmens relasjon til andre former for kunst og film
Studentane skal ha grunnleggande
- ferdigheiter innan analyse av ulike former og stilar innanfor animasjonsfilm
- evne til å reflektere over animasjonsfilmens kunstnariske moglegheiter og karakteristiske trekk i ein større kunstnarisk samanheng
- evne til å reflektere over samanhengen mellom konvensjonar og eksperimentering
- evne til å differensiere mellom teknikkar og stilar, og mellom gruppestilar og individuelle stilar
Studentane skal
- kunne sjå og diskutere animasjonsfilm i ein vitskapleg samanheng
- kunne sjå sin egen praksis i lys av ei større historie
Emnet består hovedsakleg av forelesingar og seminar. Det vil bli gitt individuelle skriveøvingar med rettleiing. Det leggast vekt på å sjå animasjonsfilmar saman, diskutere filmopplevingane og snakke om teoretiske tema i lys av dette.
Levere evaluering av emnet. Denne evalueringa skjer anonymt.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Animation - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Home exam | Individual | 5 Days | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Alle | Om lag 2000 ord |