Semesters
BLUBULL Barns utvikling, leik og læring
Ingen.
Kunnskapsområdet består av faga norsk og pedagogikk og omhandlar barns leik, læring og utvikling. Emnet skal bidra til den faglege innsikta som er naudsynt for å kunne arbeide pedagogisk med leik, læring, omsorg og danning i et mangfaldig samfunn. Kunnskapsområdet tek føre seg barnehagepedagogiske tema som kan bidra til å skape eit inkluderande fellesskap prega av omsorg, tryggleik, anerkjenning, medverknad og utforsking. Barns språkutvikling og språkstimulering i barnehagen er sentrale tema i dette emnet. Emnet bygger på ei forståing av at leiken er ei grunnleggande livs- og læringsform, som både har ein eigenverdi og som skal danne grunnlaget for ei allsidig utvikling. Samarbeid og dialog med føresette og andre samarbeidspartnarar inngår også som ein del av kunnskapsområdet.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har kunnskap om:
- aktuelle teoriar og forsking om barns utvikling, leik og læring, og om samanhengar mellom desse
- barns medverknad og danning
- etablering og utvikling av gode og omsorgsfulle relasjonar (personale-barn, barn-barn)
- leiken sin eigenverdi og leiken som arena for læring og for å utvikle relasjonar og vennskap
- inkludering
- barns veremåtar, omsorgsbehov og leike- og læringslyst
- barns språkutvikling og språket som struktur
- samanhengen mellom språk og leik, og korleis barnehagelæraren kan arbeide med språkstimulering
- barn med behov for ekstra støtte
- foreldresamarbeid og betydinga foreldresamarbeid har for barns trivsel og utvikling
- didaktikk
- observasjon og pedagogisk dokumentasjon
- leiing og rettleiing i barnehagen
Studenten kan:
- planlegge, grunngje og reflektere over pedagogiske prosessar i barnehagen, og inkludere barna sine erfaringar, interesser og rett til medverknad i dette arbeidet
- leie pedagogiske prosessar og legge til rette for barns læring gjennom leik ved å delta i leik saman med barn, støtte barns nysgjerrigheit og utforsking, og bidra til trivsel og glede
- leie ei barnegruppe og utvikle omsorgsfulle relasjonar til barn
- etablere og utvikle gode og omsorgsfulle relasjonar med barn
- stå fram som ein medviten rolle- og språkmodell for barn i samarbeid med personalet og føresette
- med utgangspunkt i observasjon og refleksjon, skape eit inkluderande miljø for alle barn uavhengig av erfaringar, interesser og føresetnader
Studenten har kompetanse i:
- å møte alle barn og familiar med interesse, openheit og anerkjenning
- å reflektere kritisk over etiske utfordringar og eiga profesjonsutøving i samspel med barn, personale og føresette
- å utøve gryande profesjonelt skjønn, vidareutvikle sin pedagogiske kunnskap og vise evne til å formulere og formidle denne munnleg og skriftleg
Arbeidsmåtane i emnet er førelesingar, arbeid individuelt og i gruppe, og gjennomføring av studentpresentasjonar i gruppe. Studentane sine erfaringar frå praksis vert tekne med inn i undervisninga og i studentane sine arbeidskrav. Undervisninga vert knytt opp til desse overordna emna:
- Leik, læring og utvikling
- Didaktikk, observasjon og pedagogisk dokumentasjon
- Relasjonar
- Barns medverknad og danning
- Leiing og rettleiing
- Dei yngste barna i barnehagen
- Språkutvikling og språkstimulering
- Barn med behov for ekstra støtte
- Foreldresamarbeid
Praksis
Praksis første studieår er ein rettleidd praksis som er delt opp i to bolkar, ein på haust og ein på vår. Sjå emneplan praksis BLUPRA1
- Frammøte til undervisninga er obligatorisk etter gjeldande reglar.
- Arbeidskrav: To individuelle skriftlege oppgåver og ein munnleg presentasjon i gruppe
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
- Early Childhood Education - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oral examination | Individual | 30 min Minutes | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 |