Semesters

BLUBULL Barns utvikling, leik og læring

Course code: 
BLUBULL
Duration: 
2 semesters
Credits (ECTS): 
20
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2019 Autumn
2020 Spring
Assessment semester: 
2020 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen. 

Course content

Emnet tek utgangspunkt i faga norsk og pedagogikk, og omfattar barns utvikling, leik og læring i eit samfunn prega av mangfald. Målet med emnet er å utvikle forståing for og innsikt i å leggje til rette for å planleggje og leie barns leike-, lærings- og danningsprosessar. Ei slik kompetanse er viktig for å fremje barns heilskaplege utvikling i eit inkluderande fellesskap prega av omsorg, medverknad, samarbeid og dialog. Leiken er ei grunnleggjande livs- og læringsform som både har ein eigenverdi og som skal danne grunnlaget for ei allsidig utvikling. Emnet omhandlar tema som leiing av barnegrupper, foreldresamarbeid, didaktikk, språkutvikling, barn med behov for ekstra støtte, inkludering og mangfald.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten har kunnskap om:

  • grunnleggjande teoriar og forsking om barns utvikling, leik, læring og danning
  • leiken sin eigenverdi og leiken som arena for læring og for å utvikle relasjonar og vennskap 
  • barns veremåtar, omsorgsbehov og leike- og læringslyst
  • barns språkutvikling og språket som struktur
  • samanhengen mellom språk og leik, og korleis barnehagelæraren kan arbeide med språkstimulering
  • den fleirkulturelle barnehagen med eit ressursperspektiv på mangfald
  • samisk språk 
  • inkludering og barn med behov for ekstra støtte
  • foreldresamarbeidet si tyding for barns utvikling og læring
  • observasjon og pedagogisk dokumentasjon
  • didaktikk
  • leiing og rettleiing i barnehagen
Learning outcome skills

Studenten kan:

  • planlegge, grunngje og reflektere over pedagogiske prosessar i barnehagen, og inkludere barna sine erfaringar, interesser og rett til medverknad i dette arbeidet
  • leie pedagogiske prosessar og legge til rette for barns læring gjennom leik ved å delta i leik saman med barn, støtte barns nysgjerrigheit og skapande uttrykk, og bidra til trivsel og glede 
  • leie ei barnegruppe og utvikle omsorgsfulle relasjonar til barn der relasjonane ber preg av innleving og anerkjenning av kvart einskild barn
  • framstå som ein medviten rolle- og språkmodell for barn i samarbeid med personalet og føresette
  • med utgangspunkt i observasjon og refleksjon, skape eit inkluderande miljø for alle barn uavhengig av erfaringar, interesser og føresetnader
Learning outcome qualification

Studenten :

  • har kompetanse i å planlegge varierte pedagogiske aktivtetar for barn, der ein tek omsyn til alder, føresetnadar og sosial, språkleg og kulturell bakgrunn
  • har kompetanse i å utøve gryande profesjonelt skjønn, vidareutvikle sin pedagogiske kunnskap og vise evne til å formulere og formidle denne munnleg og skriftleg
  • har kompetanse i å reflektere kritisk over etiske utfordringar og eiga profejsonsutøving i samspel med barn, personale og føresette
  • har kompetanse i å vise grunnleggjande toleranse, interesse og respekt i møte med eit mangfald av barn og familiar

 

Working and learning activities

Arbeidsmåtane i emnet er forelesingar, arbeid individuelt og i gruppe, og gjennomføring av studentpresentasjonar i gruppe. Studentane sine erfaringar frå praksis vert tekne med inn i undervisninga og i studentane sine arbeidskrav. Undervisninga vert knytt opp til desse overordna emna:

  • Leik, læring og utvikling

  • Didaktikk, observasjon og pedagogisk dokumentasjon

  • Leiing og rettleiing

  • Dei yngste barna i barnehagen

  • Barn med behov for ekstra støtte

  • Språkutvikling og språkstimulering

  • Den fleirkulturelle barnehagen

  • Samisk språk

  • Foreldresamarbeid

Praksis

Praksis første studieår er ein rettleidd praksis som er delt opp i to bolker, ei på haust og ei på vår. Sjå praksishefte del II.

Assessment requirements
  • Frammøte til undervisninga er obligatorisk etter gjeldande reglar. 
  • Arbeidskrav:
    • Eg som leiar: Individuell skriftleg oppgåve basert på erfaringar frå praksis. Oppgåva skal vere på 1500 ord (+/- 10 %). Dette er det første av tre arbeidskrav i utdanninga som omhandlar studenten si utvikling som leiar (sjå også emneplan for BLUKKK og  BLULSU).
    • Dei yngste barna i barnehagen: Presentasjon i gruppe, logg for arbeidet og eit samandrag på om lag 400 ord.
    • Barns språkutvikling. Individuell skriftleg oppgåve som førebuing til  observasjonar i praksis. Oppgåva skal vere på 1800  ord (+/- 10 %).

 

Evaluation system
Maximum number of students: 
100
Person in charge: 
Kristin Rostad Gangstad
Used in other programs
  • Early Childhood Education - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Home exam
Individual
6 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
Alle