Semesters

BLUFBNF Barn, natur og friluftsliv

Course code: 
BLUFBNF
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
30
Level of study: 
Specialization level (bachelor’s degree level)
Course name in Norwegian Nynorsk: 
Barn, natur og friluftsliv
Teaching semester: 
2024 Autumn
Course name in Norwegian Bokmål: 
Barn, natur og friluftsliv
Assessment semester: 
2024 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

For heiltidsstudentar: BLUBULL, BLUSRLE, BLUNHR og BLUPRA2.

For deltidsstudentar: BLUBULL-D, BLUSRLE-D og BLUPRA3-D.

Course content

Emnet er ei fordjuping som byggjer vidare på kunnskapar frå emna Natur, helse og rørsle og Barns utvikling, leik og læring. Emneplanen byggjer på Rammeplan for barnehagen (2023). Emnet har fokus på barn sine aktivitetar i ulike naturmiljø til ulike årstider og omfattar tema som fysisk aktivitet, friluftsliv, naturkjennskap og korleis ein kan bruke uteområdet og nærområdet til barnehagen gjennom heile året.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten skal ha kunnskap om

  • barns utvikling, læring og kroppslege erfaringar og opplevingar knytt til barns bruk av naturen
  • lovverk og reglar knytt til friluftsliv, naturforvaltning og naturleikeplassar
  • ulike landskapstypar, økosystem, biologisk mangfald og berekraftig utvikling
  • matressursar i naturen
Learning outcome skills

Studenten skal kunne

  • gjere fagdidaktiske vurderingar knytt til planlegging og gjennomføring av frie og organiserte uteaktivitetar for barn
  • gjere naturfaglege observasjonar og undersøkje både flora og fauna
  • kjenne igjen ulike landskapselement og naturfenomen
  • planlegge og praktisere trygg og skånsam ferdsel i ulike naturmiljø
  • gjennomføre grunnleggjande og livreddande førstehjelp
Learning outcome qualification

Studenten skal

  • ha innsikt i relevante faglege og etiske problemstillingar og kunne utøve kvalifiserte skjønn
  • ha grunnlag for å kunne utveksle synspunkt og erfaringar for å kunne utvikle god praksis innan fagfeltet
Working and learning activities

Det nyttast arbeidsformer som førelesingar, feltarbeid, prosjekt- og gruppearbeid, samt eigne studiar. Undervisninga vert organisert i bolkar. Store delar av undervisninga går føre seg ute, der ein tek i bruk nærmiljøet rundt høgskulen og område lenger unna. 

Emnet inneheld praksis i barnehage.

Emnet inneheld fleire turar ut i naturen med og utan overnatting, inklusiv kystkurs på Yksnøya med overnatting i telt.

All undervisning er obligatorisk. Studentar som er borte frå undervisninga har sjølve ansvar for å orientere seg om det som gjekk føre seg i deira fråvær. Dersom det ikkje er råd for studentane å møte på ei av samlingane vil arbeidskrav/kompensatorisk arbeid knytt til desse verte gjennomført i Volda. Vi viser til Forskrift om opptak studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §6-6, om obligatorisk frammøte/deltaking.

Assessment requirements

Følgjande arbeidskrav må vere gjennomført med godkjent resultat for at studenten får framstille seg til avsluttande eksamen:

1. Planlagt og gjennomført leiing av ein aktivitet med resten av studentane

2. Tre individuelle skriftlege innleveringar

3. Ei artssamling

Evaluation system
Minimum number of students: 
12
Maximum number of students: 
20
Person in charge: 
Øyvind Arne Høydal
Expenses

Kr. 500,-

Used in other programs
  • Early Childhood Education - bachelor
  • Early Childhood Education - bachelor (part time)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oral examination
Individual
30 Minutes
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100