Semesters

BLUFBNF Barn, natur og friluftsliv

Course code: 
BLUFBNF
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
30
Level of study: 
Specialization level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2019 Spring
Assessment semester: 
2019 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

BLUNHR og BLUBULL I eller tilsvarande

Course content

Emnet er ei fordjuping som byggjer vidare på kunnskapar frå emna Natur, helse og rørsle og Barns utvikling, leik og læring 1. Emneplanen byggjer på Rammeplan for barnehagen (2017) og Rammeplan for barnehagelærarutdanninga (2012). Emnet har fokus på barn sine aktivitetar i ulike naturmiljø til ulike årstider og omfattar tema som fysisk aktivitet, friluftsliv, naturkjennskap og korleis ein kan bruke uteområdet og nærområdet til barnehagen.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten skal ha kunnskap om

  • barns utvikling, læring og kroppslege erfaringar og opplevingar knytt til barns bruk av naturen
  • lovverk og reglar knytt til friluftsliv, naturforvaltning og naturleikeplassar
  • ulike landskapstypar, økosystem, biologisk mangfald og berekraftig utvikling
  • matressursar i naturen
Learning outcome skills

Studenten skal kunne

  • gjere fagdidaktiske vurderingar knytt til planlegging og gjennomføring av frie og organiserte uteaktivitetar for barn
  • gjere naturfaglege observasjonar og undersøkje både flora og fauna
  • kjenne igjen ulike landskapselement og naturfenomen
  • planlegge og praktisere trygg og skånsam ferdsel i ulike naturmiljø i ulike årstider – på barmark, på snødekt mark, og på, i og ved vatn og sjø
  • gjennomføre grunnleggjande og livreddande førstehjelp
Learning outcome qualification

Studenten skal

  • ha innsikt i relevante faglege og etiske problemstillingar og kunne utøve kvalifiserte skjønn
  • ha grunnlag for å kunne utveksle synspunkt og erfaringar for å kunne utvikle god praksis innan fagfeltet
Working and learning activities

Det nyttast arbeidsformer som førelesingar, feltarbeid, prosjekt- og gruppearbeid, samt eigenstudier. Undervisninga vert organisert i bolkar. Store delar av undervisninga går føre seg ute, der ein tek i bruk nærmiljøet rundt høgskulen og område lenger unna. 

Emnet inneheld praksis i barnehage.

Under vinterkurset vil studentane bu inne. Studentane betalar for mat og opphald og organiserer matlaginga sjølve.

Under kystkurset vil studentane bu i telt. Her må studentane også ha med nok proviant.

Det er planlagt ein overnattingstur til Runde, der studentane betalar for overnattinga på Runde fyr, eigd av Ålesund turistforening.

All undervisning er obligatorisk. Studentar som er borte frå undervisninga har sjølve ansvar for å orientere seg om det som gjekk føre seg i deira fråvær. Dersom det ikkje er råd for studentane å møte på ei av samlingane vil arbeidskrav knytt til desse verte gjennomført i Volda. Vi viser til forskrift om opptak studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6, om obligatorisk frammøte/deltaking.https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697#KAPITTEL_4

Assessment requirements

Følgjande arbeidskrav må vere gjennomført med godkjent resultat for at studenten får framstille seg til avsluttande eksamen:

1. Planlagt og gjennomført leiing av ein aktivitet med resten av studentane

2. Godkjent oppgåve på 2000 - 3000 ord knytt til vinterkurset 

3. Godkjent årstidskalender på 2000 - 3000 ord

4. Godkjent refleksjonsoppgave etter praksis

5. Godkjent kunnskapsprøve

6. Gjennomført og godkjent vinterkurs

7. Gjennomført og godkjent kystkurs 

Evaluation system

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap 5.

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimum number of students: 
15
Maximum number of students: 
20
Person in charge: 
Eirik Søvik
Dag Erik Wold
Expenses

300 kr

Used in other programs
  • Early Childhood Education - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oral examination
Individual
30 Minutes
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100