Semesters
BLUFSPMD Småbarnspedagogikk med vekt på musikk og drama
BLUBULL/-D, BLUSRLE/-D og BLUNHR/-D
Dette fordjupingsemnet er valbart for både heiltids- og deltidsstudentane ved HVO. Fordjupningsemnet Småbarnspedagogikk med vekt på musikk og drama er særskilt retta mot arbeidet med barn under tre år. Emnet har ei fleirfagleg, allsidig og forskingsbasert tilnærming til kunnskap om dei yngste barna. Ulike vitskapelege og teoretiske retningar er representert. Emnet omhandlar den profesjonelle barnehagelæraren si rolle i arbeidet med barn, foreldre og medarbeidarar. Undervisninga legg vekt på fordjuping innan tema omsorg, leik, relasjonar og deltaking, med eit spesielt fokus på faga musikk og drama. Emnet skal bidra til utvida kunnskapar og ferdigheiter i pedagogisk og estetisk arbeid med dei yngste barna i barnehagen.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha:
- utvida kunnskap om og forståing av dei yngste barna sin leik, læring og utvikling på bakgrunn av relevant og nyare forsking
- utvida kunnskap om og forståing av dei yngste barna sine veremåtar og perspektiv
- utvida kunnskap om og forståing av deltaking og medverknad når det gjeld dei yngste barna i barnehagen
- kunnskap om livsmestring og psykisk helse i arbeid med dei yngste barna
- særleg kunnskap om og forståing av foreldresamarbeid og foreldremedverknad i arbeid med dei yngste barna
- innsikt i eiga rolle som barnehagelærar, omsorgsperson og kulturformidlar for og med dei yngste barna
- utvida kunnskap om korleis fagområda musikk og drama kan bidra med innhald og arbeidsmåtar som imøtekjem dei yngste barna sine veremåtar, interesser og behov
- kunnskap om kunst for og med dei yngste barna
Studenten skal kunne
- bruke fagområda musikk og drama i pedagogisk arbeid med dei yngste barna
- planlegge, gjennomføre, dokumentere og vurdere pedagogisk arbeid med dei yngste barna
- ivareta dei yngste barna sin rett til medverknad, og kunne reflektere over korleis makt og diskursar kan påverke barnehagekvardagen for dei yngste
- nytte fagleg innsikt og kompetanse i relasjonsarbeid med barn, foreldre og personale
- tilrettelegge og leie estetiske prosessar med barn og personale i barnehagen
- utvikle og ta i bruk eigne ferdigheiter i musikk og drama
- ta i bruk kropp og stemme i arbeid med dei yngste barna
- nytte ukulele og ulike rytmeinstrument i arbeid med barn under tre år
Studenten
- har brei teoretisk og praktisk kjennskap til pedagogisk og estetisk arbeid i barnehagen med dei yngste barna i barnehagen
- skal kunne ta i bruk fordjupa fagleg kunnskap og profesjonelt skjønn for å ivareta dei yngste barna sine behov for omsorg og leik, rett til medverknad, og fremme dei yngste barna si læring og danning.
Arbeidsmåtane i emnet er forelesingar, arbeidsverkstadar og praktisk arbeid, sjølvstudium og arbeid i grupper, samt gjennomføring av studentpresentasjonar. Studentane sine erfaringar frå praksis vert tekne med inn i undervisninga og i studentane sine arbeidskrav. Emnet inneheld fem dagar rettleia praksis i barnehage.
Det inngår ein frivillig studietur over fire dagar. Studentane må rekne med utgifter til mellom anna transport, overnatting og billettar til eventuelle arrangement, samt ei studieturavgift på kr. 500,-. Dei studentane som ikkje har høve til å delta, gjennomfører eit alternativt opplegg.
Undervisninga vert knytt opp til desse overordna emna :
- Den profesjonelle barnehagelærar
- Dei yngste barna sin leik, læring og utvikling
- Dei yngste barna sine væremåtar og perspektiv
- Overgangar og tilvenning
- Foreldresamarbeid
- Det fysiske miljøet
- Omsorg
- Musikk for og med dei yngste
- Drama for og med dei yngste
Arbeidskrav:
- Praktisk arbeidskrav i drama med individuelt skriftlig refleksjonstekst på 1000 ord (+/- 10%)
- Individuell presentasjon for klassen og individuell skriftleg teori- og praksisbasert refleksjonstekst på 2000 ord (+/- 10%) basert på småbarnspedagogikk og erfaringar frå praksis.
- Presentasjon i grupper med utgangspunkt i opplevingar frå studietur/alternativ studietur.
- Praktisk arbeidskrav i musikk med individuelt skriftlig refleksjonstekst på 1000 ord (+/-10%)
Frammøte til undervisning/deltaking er obligatorisk etter gjeldande reglar. Jmf. §4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Det inngår ein frivillig studietur over fire dagar. Studentane må rekne med utgifter til mellom anna transport, overnatting og billettar til eventuelle arrangement, samt ei studieturavgift på kr. 500,-
- Early Childhood Education - bachelor
- Early Childhood Education - bachelor (part time)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praktisk eksamen | Individual or Group exam | 1 Day | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 50 | Obligatorisk rettleiing i forkant av praktisk eksamen | ||
Home exam | Individual | 19 Days | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 50 | 3000 ord (+/- 10%) |