Semesters

BLULSU-D Leiing, samarbeid og utviklingsarbeid

Course code: 
BLULSU-D
Duration: 
2 semesters
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2021 Autumn
2022 Spring
Assessment semester: 
2022 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite courses
BLUBULL-D Children's development, play and learning
BLUSRLE-D Society, Religion, Worldview and Ethics
Course content

Det overordna målet for kunnskapsområdet er å styrke kvaliteten i pedagogisk verksemd gjennom kompetanse i leiing. Det blir lagt vekt på korleis leiaråtferd, gjennom å ta ulike posisjonar, kan påverke og støtte barnehagen som lærande organisasjon og styrke han som lærings- og utviklingsarena for barna. 

Praksis er ein integrert del av kunnskapsområdet. Erfaringane frå praksis skal saman med teoretisk kunnskap danne grunnlag for kraftfulle og kritiske refleksjonar knytt til leiingsomgrepa.  Saman skal kunnskap, haldningar og erfaringar støtte utviklinga av eit medvete autoritetsgrunnlag som leiar og som profesjonell yrkesutøvar. 

Innhaldet bygger på den kompetansen som studenten har opparbeidd tidlegare i studiet.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge
  • Brei kunnskap om leiing og om ulike posisjonar innan leiing.
  • Kunnskap om korleis autoritetsgrunnlag og leiaråtferd påverkar menneske og prosessar i planlagt utviklingsarbeid.
  • Kjenner til og kan oppdatere seg om relevant forsking, metodar og verkøy som grunnlag for leiing, samarbeid og utviklingsarbeid.
Learning outcome skills
  • Saman med personet leie planlegging, gjennomføring og vurdering av eit mindre utviklingsarbeid i barnehagen. Det inkluderer å kartlegge og analysere pedagogiske prosessar, organisatoriske rammer, lovverk og styringsdokument som grunnlag for å vurdere og utvikle kvalitet i pedagogisk arbeid. Det omfattar også å støtte utvikling av indremotivasjon og meistring gjennom demokratiske leiingsprosessar og rettleiing.
  • Kan formidle sentralt fagstoff som omgrep, teoriar og moglege løysingar på leiingsutfordringar både munnleg, skrifteleg og gjennom andre relevante uttrykksformer.
Learning outcome qualification
  • Viser medvit om og tar ansvar for å leie prosessar som styrker barnehagen som lærande organisasjon og som bidrar til å utvikle kvalitet i pedagogiske prosessar - i samsvar med etiske krav og retningslinjer, jamfør samfunnsmandatet.
  • Viser medvit om eige autoritetsgrunnlag som leiar og profesjonell yrkesutøvar, eit grunnlag som bygg på kollektive,  kritiske og etiske refleksjonar rundt verdigrunnlag og oppdatert teoretisk og praktisk kunnskap. 
  • Studenten tar ansvar for eigen og andre sin profesjonsutøving og - utvikling. 
Working and learning activities

Det blir gitt undervisning på delar av vekesamlingar på Høgskulen i Volda og gjennom videokonferansesystem. Undervising blir gjort som individuelt arbeid, gruppearbeid og arbeid i plenum (f.eks. forelesingar) og blir knytt til arbeidskrav og praksisoppgåva. Det er 17 dagar rettleidd praksis. Tema for praksis er å planlegge, gjennomføre og vurdere eit mindre pedagogisk utviklingsarbeid. Studentar som har same praksislærar, samarbeider om utviklingsarbeidet. 

 

Assessment requirements

Frammøte til undervisinga etter gjeldande reglar.                                      

Godkjent arbeidskrav 1:  Eg som leiar av eit utviklingsarbeid - planlegging av leiarpraksis.

Godkjent arbeidskrav 2:  Eg som leiar av eit utviklingsarbeid - vurdering av leiarpraksis.

Begge arbeidskrava er prosessorienterte og bygg på individuelt arbeid og samarbeid i grupper. Dette omfattar medstudentrespons, medstudentrettleiing i gruppe og vurdering av eige arbeid.

For meir informasjon: sjå forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-7.

Evaluation system
Maximum number of students: 
100
Person in charge: 
Hilde Muren
Used in other programs
  • Early Childhood Education - bachelor (part time)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oral examination
Individual
30 Minutes
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Hjelpemiddel kan bli tillatt.
Del 1: Presenter eit innlegg som handlar om di utvikling som leiar gjennom studiet. Bruk teoriar, modellar og omgrep frå LSU.

Del 2: Presentasjon og refleksjon over eit fagleg tema som blir trekt av kandidaten. Aktuelle tema blir gjort kjent før eksamen.
Approval signature: 
Arne Myklebust