Semesters

BLUNHR Natur, Helse og Rørsle

Course code: 
BLUNHR
Duration: 
2 semesters
Credits (ECTS): 
20
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2019 Autumn
2020 Spring
Assessment semester: 
2020 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

Emnet består av fagområda natur, helse og rørsle. Kunnskapsområdet skal gi studentane grunnlag for å kunne ta med barn ut i naturen, drive førebyggjande helsearbeid i barnehagen, planleggje og lage sunne måltid, samt dekke barns behov for omsorg og fysisk aktivitet. Barn er kroppslege i sin veremåte, og det er mellom anna gjennom kropp og rørsle barn blir kjende med seg sjølve og verda rundt. Gjennom studiet skal studentane lære om plantar og dyr i nærområdet og om korleis ein kan leggje til rette for naturstudiar og leikprega aktivitetar med og i naturen til alle årstider. Ved å ha eit aktivt friluftsliv i barnehagen der naturkunnskap og rørsleerfaring står i fokus, vil ein leggje eit grunnlag for at barna skal kunne lære å ta vare på seg sjølve, kvarandre og naturen. Emnet inneheld fylgjande tema:forskarfrø, miljø og berekraftig utvikling, born i naturen, turplanlegging, biologisk mangfald og økologi, årstider, vær og klima, verdsrommet, fysikkleikar, artskunnskapar, spor og sporteikn, natursti, friluftsliv  kroppsleg vekst og motorisk utvikling, uteleikar i ulike rørslemiljø, «Barn og snø», aktivitetar i sal, dans, vasstilvenning, førstehjelp, førebyggjande helsearbeid, hygiene, sunt kosthold og matlaging både inne og ute.

 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten har kunnskap om:

  • kroppsleg leik og korleis barn gjennom kropp og sansar lærer om verda og forstår seg sjølv
  • korleis barn lærer i samspel med varierte læringsmiljø og korleis ein kan initiere og støtte opp om barn sine læringsprosessar
  • naturen: økologi, økosystem, artskunnskap, vêrfenomen og endringar i naturen gjennom årstidene
  • korleis leggje til rette for naturstudiar, friluftsliv og leikprega aktivitetar med og i naturen til ulike årstider 
  • fysiske fenomen-fysikkforsøk i barnehagen, lokale og globale miljøtema, biologisk mangfald, berekraftig utvikling og mennesket som del av heilskapen
  • korleis menneskekroppen er bygd opp og korleis den fungerer
  • grunnleggjande fyrstehjelp, fysisk aktivitet, helse, kosthald, ernæring og hygiene
  • korleis ein kan stimulere den fysiske og motoriske utviklinga, slik at borna kan oppleve rørsleglede, meistring og styrkja sjølvbilete
  • mangfaldet i barnehagen
Learning outcome skills

Studenten kan:

  • utforske naturen og eksperimentere med fenomen i den fysiske verda og med kvardagsteknologi saman med barn
  • bruke lokale naturressursar i praktisk arbeid med barn
  • reflektere over og ta omsyn til ulike kulturelle perspektiv i arbeidet med natur, helse og rørsle
  • planleggje, leie/gjennomføre og vurdere behov for fysisk aktivitet, kvile, varierte måltid og god hygiene for barn i barnehagen
  • legge til rette for mangfoldige naturopplevingar og bruke naturen som arena for leik, undring, utforsking og læring
  • vurdere risiko i leikemiljø og leggje til rette for barns risikomeistring, både på barnehagens område og på turar utanfor barnehagens område 
  • kunne utføre førstehjelp og HLR - hjerte, lungeredning
Learning outcome qualification

Studenten har generell kompetanse i:

  • å vere aktiv, medverkande og inspirerande rollemodell saman med barn i deira rørsleleik og naturopplevingar
  • å gje barna tid og anledning til å stille spørsmål, reflektere og lage egne forklaringar på problemstillingar, og til å delta i samtalar om det dei har erfart og opplevd
  • å bruke kunnskapar om menneskekroppen, kosthald, fysisk aktivitet og hygiene som førebyggjande og helsefremjande faktor i barnehagen
  • å leggje til rette for at barn utviklar eit bevisst forhold til retten til å bestemme over eigen kropp og respekt for andre sine grenser
  • å analysere og kritisk reflektere over korleis kjønn, likestilling, likeverd og kulturelt mangfald blir ivaretatt gjennom barnehagens rutinar
  • å orientere seg i nærmiljøet og bruke moglegheitene til naturfagleg utforsking saman med barna, samt legge til rette for rørsle gjennom leik
  • å ta vare på eiga helse i arbeidet i barnehagen
  • å utarbeide gode rutinar for helse, miljø og tryggleik i barnehagen
  • å analysere og kritisk reflektere over forsking i kunnskapsområdet/fagfeltet samt  nødvendigheita av å kjenne til ny forsking
Working and learning activities

Undervisninga i kunnskapsområdet er i stor grad praktisk retta der studentane er aktive og undersøkjande. Vi nyttar varierte undervisnings - og arbeidsformer som tilhøyrer faga i emnet. Undervisninga vil variere mellom førelesningar, seminar, prosjektarbeid, gruppe- og individuelt arbeid, ekskursjonar, praktisk arbeid på kjøkken, aktivitetar i nærmiljø,  på banar, i symjehall og i sal.

I samband med temaarbeidet «Barn og snø» skal vi til snø- sikkert område. Studentane må ha skiutstyr. I tilfelle lite snø vil det bli gjennomført alternativt opplegg. 

I vårsemesteret 1.studieår (2.sem.) skal kunnskapsområdet NHR ha ei felles prosjektveke «Fleirkulturell veke» saman med kunnskapsområda SRLE og BULL. NHR arrangerer «Samisk dag».

Didaktikk og praktisk barnehagearbeid står sentralt i deler av emnet sine arbeidskrav. NHR inneheld rettleia praksis i barnehage. Sjå nærare informasjon i praksishefte del II.

Ein nyttar i hovudsak Canvas til innleveringar og kommunikasjon mellom studentar og faglærarar.

 

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte og aktiv deltaking i BLUNHR: Krav til frammøte er slik det går fram av høgskulen sitt frammøtereglement forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §7-3. om frammøte/deltaking i undervisninga.

I kurset vasstilvenning vert det stilt krav om å vere aktivt deltakande i 2 av 3 økter. For å kunne avvike frå dette kravet må studenten leggje fram legeattest som syner at han/ho ikkje kan ta aktivt del i bassengaktivitetar, studenten vil då få merknad i vitnemålet. Det vert gitt tilbod om ei praktisk prøve i livberging i vatn.

Arbeidskrav:

  • Godkjent individuell test av artskunnskap
  • Godkjent individuelt skriftleg arbeidskrav etter praksis.
  • Godkjent innlevering og seminarpresentasjon i grupper om ein naturfagleg aktivitet i barnehagen
  • Godkjent seminarpresentasjon i grupper med tema frå mat, helse og rørsle (helsefremmende arbeid i barnehagen)
  • Godkjent praktisk metodisk oppgåve (PMO) i mindre grupper, der studentane skal planlegge, legge til rette og leie/gjennomføre aktivitetar i nærmiljøet eller sal for og med ei gruppe barn og/eller medstudentar
Evaluation system
Maximum number of students: 
100
Person in charge: 
Mailinn Corrado-Knutsen
Expenses

Studentane betaler ei materialavgift på kr. 150,- til innkjøp av fellesmateriale, mat og utstyr. I tillegg må studentane rekne utgifter til transport, mat og personleg utstyr i samband med ekskursjonar.

Used in other programs
  • Early Childhood Education - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Home exam
Individual
3 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
40
Faktabaserte kortsvarsoppgåver frå alle fagområder
Alle hjelpemiddel tilatt
Home exam
Individual
4 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
60
Tverrfagleg didaktisk plan
Alle hjelpemiddel tilatt
1500-2000 ord
Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt
Individual
Pass / fail
Gjennomføring og godkjenning av deltaking på vinterkurset "Barn og snø". Vurderingsgrunnlag: aktiv deltaking på kurset, førebuing og etterarbeid.
Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt
Individual
Pass / fail
Gjennomføring og godkjenning av førstehjelpskurs med HLR - hjerte, lungeredning. Vurderingsgrunnlag: 100% aktiv deltaking på kurset.