Semesters
- 2025 Autumn
- 2024 Autumn
- 2023 Autumn
- 2022 Autumn
- 2021 Autumn
- 2020 Autumn
- 2019 Autumn
- 2018 Autumn
- 2017 Autumn
- 2016 Autumn
BLUNHR Natur, helse og rørsle
Ingen
Emnet skal gi studentane kunnskap og ferdigheiter i å leggje til rette for utforskande aktivitetar med barn i naturen, korleis drive førebyggjande helsearbeid, korleis planleggje og lage sunne måltid, samt korleis ein kan dekke borna sitt behov for omsorg, fysisk aktivitet, meistring og rørsleglede. Emne vil dekke sentrale tema som omhandlar livsmeistring, helse og berekraftig utvikling.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal:
- ha kunnskap om dei nasjonale kostråda og retningslinjene for mat og måltid i barnehagen
- ha kunnskap om kosthald og ernæring blant norske barnehagebarn, samt om matintoleranse, allergi, astma og inneklima
- ha innsikt i naturvitskaplege fenomen, biologisk mangfald, økologi, miljøproblem og berekraftig utvikling
- ha didaktisk kunnskap om korleis legge til rette for leik, læring og utforskning
- kunne vurdere betydninga av kroppsleg leik og korleis barn gjennom kropp, sansar og varierte læringsmiljø lærer om verda og forstår seg sjølve
- kunne forklare koordinative og fysiske eigenskapar og relatere utviklinga av desse til menneskekroppens oppbygning og funksjon, og fysisk og motorisk utvikling
Studenten skal:
- kunne reflektere over eigne verdiar og haldningar til mat og helse og vurdere myter og fakta om kosthald, og stimulere til ein sunn profil i barnehagen
- kunne reflektere over korleis praktisk arbeid på kjøkkenet kan vere med på å påverke arbeidet med mat og måltid i barnehagen for å fremje måltidsglede, smaksutvikling, deltaking, samtalar, fellesskapskjensle og innsikt i matens veg frå jord til bord
- kunne namnsette eit utval av vanlege planter, småkryp og dyr
- kunne observere, planlegge, gjennomføre og vurdere aktivitetar i forhold til ulike miljø, årstider og samisk kultur
- kunne gjennomføre enkle eksperiment og leik for å stimulere til undring og utforsking av naturen sitt mangfald, naturfenomen og kvardagsteknologi
- kunne reflektere kring moglegheiter i nærmiljøet og nytte naturen som ein arena for leik, undring, utforsking og læring
- kunne utføre førstehjelp og hjarte- og lungeredning (HLR)
Studenten skal:
- kunne gjere vurderingar kring tiltak som ivaretek eiga og barns helse og sikkerheit i barnehagen, og vurdere moglegheitene i nærmiljøet for rørsle gjennom leik og naturfagleg utforsking saman med barn
- kunne treffe slutningar om kva rolle mat og måltidsgjennomføring har i barnehagen
- kunne gjennomføre ein praksis som fremjar livsmeistring, folkehelse og berekraftig utvikling
Undervisninga i kunnskapsområdet er i stor grad praktisk retta. Undervisninga vil variere mellom førelesingar, seminar, prosjektarbeid, gruppe- og individuelt arbeid, ekskursjonar, praktisk arbeid på kjøkken, aktivitetar i nærmiljø, på banar og i sal.
I samband med temaarbeidet «Barn og snø» skal vi til snø-sikkert område. Studentane må ha skiutstyr. I tilfelle lite snø vil det bli gjennomført alternativt opplegg.
I samband med «Fleirkulturell veke» (2. sem), i samarbeid med kunnskapsområda SRLE og BULL, arrangerer NHR samisk dag.
Ein nyttar i hovudsak Canvas til innleveringar og kommunikasjon mellom studentar og faglærarar.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte og aktiv deltaking i BLUNHR: Krav til frammøte er slik det går fram av høgskulen sitt frammøtereglement forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §7-3. om frammøte/deltaking i undervisninga.
Arbeidskrav:
- Godkjent to digitale artsprøvar
- Godkjent individuelt skriftleg arbeidskrav etter praksis
- Godkjent innlevering og seminarpresentasjon i grupper om ein naturfagleg aktivitet i barnehagen
- Godkjent seminarpresentasjon i grupper med tema frå mat, helse og rørsle (helsefremmende arbeid i barnehagen)
- Godkjent praktisk metodisk oppgåve (PMO) i mindre grupper
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
Studentane betaler ei materialavgift på kr. 150,- til innkjøp av fellesmateriale, mat og utstyr. I tillegg må studentane rekne utgifter til transport, mat og utstyr/ingrediensar i samband med ekskursjonar og arbeidskrav.
- Early Childhood Education - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praktisk eksamen | Group | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 40 | Studentane skal i mindre gruppe ut i frå ei gitt oppgåve planleggje og demonstrere eit praktisk metodisk opplegg for born i nærmiljøet eller i sal. | Ingen | ||
Written Exam | Individual | 4 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 60 | Begge kursa, praktisk metodisk opplegg og skriftleg eksamen må vere bestått for å få samla karakter. | ||
Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt | Individual | Pass / fail | Gjennomføring og godkjenning av deltaking på vinterkurset "Barn og snø". Vurderingsgrunnlag: aktiv deltaking på kurset, førebuing og etterarbeid. | ||||
Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt | Individual | Pass / fail | Gjennomføring og godkjenning av førstehjelpskurs med HLR - hjerte, lungeredning. Vurderingsgrunnlag: 100% aktiv deltaking på kurset. |