Semesters

BLUPRA1-D Praksis 1. årssteg, 30 dagar

Course code: 
BLUPRA1-D
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
0
Level of study: 
-
Teaching semester: 
2015 Autumn
Assessment semester: 
2015 Autumn
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

Praksis er ein integrert del av alle kunnskapsområda i barnehagelærarautdanninga. Emneplan for praksisopplæring i barnehagen 1.studieår er samordna med emneplanane for kompetanseområda lagt til 1. studieår: Barns utvikling, leik og læring (BLUBULL1-D), Kunst, kultur og kreativitet (BLUKKK-D) og Samfunn, religion, livssyn og etikk (BLUSRLE-D).Praksis skal sikre heilskap og samanheng mellom studia til studentane på utdanningsinstitusjonen, i praksisfeltet og i vekslinga mellom dei ulike læringsarenaene. Frå tidleg i utdanninga skal studentane oppleve ei integrert opplæring som gjer at dei startar førebuinga til det å verte barnehagelærar. Praksisopplæringa, saman med kunnskapsområda i 1. årssteg, vil utfordre studenten til å utvikle sin profesjonsidentitet. Praksis skal vere rettleia og vurdert.Praksis i første årssteg skal ha vekt på observasjon og leiing av ei barnegruppe og ei personalgruppe med tema «Leik og læring», «Estetiske opplevingar» og «Mangfald, barn og samfunn». 

Learning outcome

Etter bestått praksis fyrste studieår skal studenten ha fylgjande læringsutbytte:KunnskaparStudenten har kunnskap om• barnehagens styringsdokument og planverk• at det er viktig å vise omsorg for enkeltbarn og barnegruppa• profesjonsidentitet, yrkesetiske prinsipp og rettleiing• bruk av didaktiske verktøy i det pedagogiske arbeidet• barns leik, og læring gjennom leikFerdigheiter:Studenten har ferdigheiter i å• bruke observasjon som grunnlag i det pedagogiske arbeidet• nytte didaktisk verktøy i det pedagogiske arbeidet• leie ei barnegruppe gjennom eit didaktisk/pedagogisk opplegg• leie ei personalgruppe gjennom planlegging, gjennomføring og evaluering av leiardagar• ta aktivt del i omsorgsfulle og læringsrike opplevingar med barn• vurdere, stimulere og støtte ulike barns allsidige utvikling i samarbeid med heimen, og ta omsyn til barns ulike bakgrunn og føresetnadGenerell kompetanse:Studenten• har fått innsikt i kva det vil seie å utvikle eigen profesjonsidentitet og ha gode yrkesetiske haldningar• syner evne til å reflektere over eige barnesyn• syner evne til å leie andre gjennom samarbeid, kommunikasjon, motivasjon og rettleiing• syner evne til å gjere seg nytte av rettleiing• syner evne til aktiv deltaking i arbeidet i barnehagenI tillegg kjem læringsutbytte i dei andre emneplanane knytt til 1. årssteg deltid.

Learning outcome knowledge

-

Learning outcome skills

-

Learning outcome qualification

-

Working and learning activities

I samråd med styrar i praksisbarnehagane får studentane tildelt ein praksisbarnehage for heile fyrste studieår. Som hovudregel skal kvar praksislærar ta imot to studentar.Praksisopplæringa 1. studieår omfattar 30 dagar.Før studenten kan ta til på praksis første studieår, skal han/ho levere politiattest og teiepliktskjema.I praksis skal studenten få erfaring med observasjon og med leiing av ei barnegruppe på grunnlag av tema «Leik og læring». Dei skal også få erfaring med å skape felles estetiske opplevingar på grunnlag av tema «Estetiske opplevingar». I tillegg skal dei få erfaring med å planlegge, gjennomføre, leie og evaluere eit didaktisk tverrfagleg temaarbeid  pedagogiske aktivitetar på grunnlag av tema "Mangfald, barn og samfunn". Arbeidsmåtane i praksis varierer mellom observasjon, refleksjon, dokumentasjon, skriftleg og munnleg framstilling av fagkompetanse, didaktisk arbeid, deltaking og rettleiing med praksislærar. Faglærarane skal undervise i aktuelle emne relatert til praksisperioden før praksis.I praksis skal studenten gjennom aktiv deltaking gjere seg kjend med barnehagen sine rutinar og innhald, og med barn, foreldre og personale. Studenten skal ta aktivt del i barnehagen sine arbeidsoppgåver og vise initiativ og engasjement i høve barn, foreldre og personale. Studenten skal vere aktiv i rettleiingstimane og reflektere over eige barnesyn, barnehagelæraryrket og profesjonsidentitet.Alle dokument som omhandlar praksis og praksisbarnehagen, samt studenten sine skriftelege oppgåver, skal samlast i ein praksisperm. Tidleg i praksis skal studenten og praksislærar gjennomføre ein forventningssamtale der forventningar og mål for sjølvutvikling blir klargjort.Praksislærar har ansvar for kvalitet og heilskap i praksisperioden. Han/ho skal framstå som ein tydeleg rettleiar og rollemodell. Praksislærar skal gi kvar student munnlege og skriftlege vurderingar med framovermeldingar undervegs og til slutt i praksis.Som ein del av førebuinga til praksis er det også krav om at studenten møter på generell praksisførebuing og til praksisførebuande møte.Samla fråvær for praksis kan ikkje overstige 10%.Viser her til § 4-6. Obligatorisk frammøte/deltaking i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.Vi viser til Praksishefte del I og II for Barnehagelærarutdanninga ved HVO for meir informasjon.

Assessment requirements

-

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimum number of students: 
30
Maximum number of students: 
50
Used in other programs