Semesters

BLUPRA1-D Praksis 1. årssteg, 25 dagar

Course code: 
BLUPRA1-D
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
*
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2020 Spring
Assessment semester: 
2020 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

Praksis er ein integrert del av alle kunnskapsområda i barnehagelærarautdanninga. Emneplan for praksisopplæring i barnehagen 1. studieår deltid er samordna med emneplanane for kunnskapsområda i studieåret. Desse er: Barns utvikling, leik og læring (BLUBULL-D), og Samfunn, religion, livssyn og etikk (BLUSRLE-D). Praksis skal sikre heilskap og samanheng mellom studia til studentane på utdanningsinstitusjonen, i praksisfeltet og i vekslinga mellom dei ulike læringsarenaene. Frå tidleg i utdanninga skal studentane oppleve ei integrert opplæring som gjer at dei startar førebuinga til å bli barnehagelærar. Studenten skal gjennom planlegging, leiing og evaluering av pedagogiske aktivitetar få utvikle sine faglege, pedagogiske og didaktiske kunnskapar. Praksisopplæringa, saman med kunnskapsområda, vil utfordre studenten til å utvikle sin profesjonelle identitet. Praksis skal vere rettleidd og vurdert, og bidra til kontinuitet, samanheng og progresjon. 

Praksisopplæringa skal heile tida ta omsyn til heilskapen i læringa for barna i barnehagen, og studentane skal ta omsyn til det barnegruppa har arbeidd med før praksis når dei skal planlegge og gjennomføre sine aktivitetar. I praksis 1. studieår deltid skal ein ha fokus på observasjonsarbeid, didaktikk og leiing av barnegrupper og ei personalgruppe.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten har kunnskap om:

  • barnehagen sine styringsdokument og planverk
  • observasjon og didaktiske modellar 
  • barns omsorgs-, leike- og læringsbehov
  • barns språkutvikling
  • sammenhengar mellom individ, gruppe og samfunn og arbeid med verdiar i barnehagen
Learning outcome skills

Studenten skal:

  • vise evne til sjølvleiing i møte med praksisbarnehagen
  • skape og ta aktivt del i gode og omsorgsfulle relasjonar med barn
  • vise at han er ein god rollemodell for barna
  • vise ei begynnande evne til å leie ei barnegruppe og ei personalgruppe gjennom planlegging, gjennomføring og evaluering av pedagogiske aktivitetar og leiardagar
  • vise ei begynnande evne til å la personalet og barna medverke i arbeidet
  • vise initiativ til å ta kontakt med føresette
  • vise initiativ til å søke og ta imot rettleiing
Learning outcome qualification

Studenten:

  • greier å fange og halde på merksemda til ei gruppe med barn og legge til rette vor variert leik og godt samspel i barnegruppa
  • viser ei begynnande evne til å kritisk reflektere over eige barnesyn og eigen praksis, og over kva pedagogisk leiing har å seie i møte med barn og barnegrupper
  • kan vise initiativ og engasjement, og ta aktiv del i barnehagen sine arbeidsoppgåver
  • viser ei begynnande evne til å utvikle ein profesjonell identitet

 

 

Working and learning activities

Praksisopplæringa 1. studieår deltid omfattar 25 dagar. Før studenten kan ta til i praksis første studieår, skal han/ho levere politiattest og teiepliktskjema til Høgskulen i Volda. Som ein del av førebuinga til praksis er det krav om at studenten møter på generell praksisførebuing og til praksisførebuande møte.

I samråd med styrar i praksisbarnehagane får studentane tildelt ein praksisbarnehage første studieår. Som hovudregel skal kvar praksislærar ta imot to studentar. Praksislærar har ansvar for kvalitet og heilskap i praksisperioden. Han/ho skal framstå som ein tydeleg rettleiar og rollemodell. Praksislærar skal gi kvar student munnlege og skriftlege tilbakemeldingar og vurderingar med framovermeldingar undervegs og til slutt i praksis. Det er ein føresetnad at det også går føre seg rettleiiande samtalar i det daglege arbeidet mellom praksislærar og student.

Arbeidsmåtane i praksis varierer mellom observasjon, refleksjon, dokumentasjon, skriftleg og munnleg framstilling av fagkompetanse, didaktisk arbeid, deltaking og rettleiing med praksislærar. Studentane skal i tillegg til å gjere observasjonar vere deltakande i det daglege arbeidet saman med personalet i barnehagen. Praksis skal ha vekt på observasjon og leiing av ei barnegruppe og personalgruppe. 

I praksis skal studenten gjennom aktiv deltaking gjere seg kjend med barnehagen sin struktur, og med barn, foreldre og personale. Studenten skal ta aktivt del i barnehagen sine arbeidsoppgåver og vise initiativ og engasjement i høve barn, foreldre og personale. Studenten skal vere aktiv i rettleiingstimane og reflektere over eige barnesyn, barnehagelæraryrket og profesjonell identitet.  Alle dokument som omhandlar praksis og praksisbarnehagen, samt studenten sine skriftelege oppgåver, skal samlast i ei praksismappe. Tidleg i praksis skal studenten gjennomføre ein forventningssamtale med praksislærar, der forventningar til seg sjølv og praksislærar, medstudentar, praksisbarnehagen og praksisperioden blir klargjort. 

Vi viser til praksishefte for barnehagelærarutdanninga ved HVO for meir informasjon.

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Det er krav om 25 dagar frammøte for å få karakteren stått i praksis.

Arbeidskrav:

Det kan forekomme at det praktiske arbeidet vil ha innhald frå meir enn eit av kunnskapområda.

  • Studenten skal gjennomføre prakstisk arbeid i tilknyting til emne BLUBULL-D
  • Studenten skal gjennomføre prakstisk arbeid i tilknyting til emne BLUSRLE-D
  • Studenten skal planlegge, leie og evaluere leiardagar med utgangspunkt i barnehagen si dagsrytme og overordna planar.
Evaluation system

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.

I praksis skal det skje ei kontinuerlig vurdering av studenten si evne til å meistre si framtidige rolle som barnehagelærar. Praksislærar skal i løpet av praksis gje studenten tilbakemeldingar og ei munnleg, rettleiande undervegsvurdering av arbeidet frå dag til dag. Midtvegs skal kvar student i tillegg motta ei skriftleg undervegsvurdering. Til slutt i praksis skal studenten motta ei skriftleg sluttvurdering med karakteren stått/ikkje stått. Dei skriftlege vurderingane skal leggjast fram for studenten, og studenten skal saman med praksislærar signere for at informasjon om vurderinga er gitt. Vurderingane skal vere læringsfremjande, og vere studenten sitt grunnlag for vidare utvikling. Praksislærar har hovudansvar for å gje vurderinga. Faglærar og styrar skal trekkast inn i vurderinga. Praksislærar skal gjere løpande skikkavurdering, og gi tilbakemeldingar dersom  studenten viser manglar. Manglar på dette område kan vere grunnlag for karakteren ikkje stått. Alle arbeidskrava i praksis skal vere gjennomførte og godkjente for å få karakteren stått i praksis. I tillegg må kravet om 100% frammøte vere stetta.

Følgjande retningsliner skal praktiserast i samband med karakteren ikkje stått i praksis: Dersom ein student får karakteren ikkje stått i praksis eitt av studieåra, må studenten gjennomføre ein ny praksisperiode etter avtale med praksiskoordinator. Studenten skal få særskild rettleiing av ein annan praksislærar på det området/dei områda studenten har vist manglar. Praksislærar skal vere kjend med vurderinga frå perioden med ikkje stått, for å rettleie mest mogleg spesifikt på det studenten treng øving i. Får studenten ikkje stått også i denne ekstra praksisperioden, må studenten avbryte studiet.

 

Minimum number of students: 
30
Maximum number of students: 
100
Person in charge: 
Hanne Elin Harnes
Used in other programs
  • Early Childhood Education - bachelor (part time)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praksis
Individual
Pass / fail
Det vert utarbeid eige vurderingsskjema i samband med praksisgjennomføringa. Sjå meir utfyllande informasjon i praksishefte for barnehagelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda.
Approval signature: 
Anne Øie