Semesters

BLUPRA1 Praksis 1. årssteg, 35 dagar.

Course code: 
BLUPRA1
Duration: 
2 semesters
Credits (ECTS): 
0
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2017 Autumn
2018 Spring
Assessment semester: 
2018 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

Praksis er ein integrert del av alle kunnskapsområda i barnehagelærarautdanninga. Emneplan for praksisopplæring i barnehagen 1. studieår er samordna med emneplanane for kunnskapsområda i studieåret: Barns utvikling, leik og læring I (BLUBULL), Natur, helse og rørsle (BLUNHR), og Samfunn, religion, livssyn og etikk (BLUSRLE). Praksis skal sikre heilskap og samanheng mellom studia til studentane på utdanningsinstitusjonen, i praksisfeltet og i vekslinga mellom dei ulike læringsarenaene. Frå tidleg i utdanninga skal studentane oppleve ei integrert opplæring som gjer at dei startar førebuinga til det å verte barnehagelærar. Studenten skal gjennom planlegging, leiing og evaluering av pedagogiske aktivitetar få utvikle sine faglege, pedagogiske og didaktiske kunnskapar. Praksisopplæringa, saman med kunnskapsområda, vil utfordre studenten til å utvikle sin profesjonelle identitet. Praksis skal vere rettleia og vurdert.

Praksisopplæringa skal heile tida ta omsyn til heilskapen i læringa for barna i barnehagen, og studentane skal ta omsyn til det barnegruppen har har arbeida med før praksis når dei skal planlegge og gjennomføre sine aktivitetar. I praksis 1. studieår skal ein ha fokus på observasjonsarbeid, didaktikk og leiing av barnegrupper og ei personalgruppe.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

 

Learning outcome knowledge

Studenten har kunnskapar om

  • barnehagen sine styringsdokument og planverk
  • bruk av observasjon og didaktiske modellar i det pedagogiske arbeidet
  • barns leik, og læring gjennom leik
  • motorisk utvikling hjå barn og korleis ein kan stimulere denne
  • samanhengar mellom individ, gruppe og samfunn
Learning outcome skills

Studenten kan

  • skape og ta aktivt del i gode og omsorgsfulle relasjonar med barn
  • vise at han er ein god rollemodell for barna
  • vise ei gryande evne til å leie ei barnegruppe og ei personalgruppe gjennom planlegging, gjennomføring og evaluering av pedagogiske aktivitetar og leiardagar
  • vise initiativ til å ta kontakt med føresette
  • viser evne til å kunne søke og ta i mot rettleiing
Learning outcome qualification

Studenten

  • greier å fange og halde på merksemda til ei gruppe med barn
  • viser ei gryande evne til å reflektere over eige barnesyn og eigen praksis
  • kan ta aktiv del i arbeidet i barnehagekvardagen
  • viser ei gryande evne til å utvikle ein profesjonell identitet
Working and learning activities

Praksisopplæringa 1. studieår omfattar 35 dagar fordelt på to praksisbolkar. Før studenten kan ta til i praksis første studieår, skal han/ho levere politiattest og teiepliktskjema til Høgskulen i Volda. Som ein del av førebuinga til praksis er det krav om at studenten møter på generell praksisførebuing og til praksisførebuande møte.

I samråd med styrar i praksisbarnehagane får studentane tildelt ein praksisbarnehage for heile første studieår. Som hovudregel skal kvar praksislærar ta imot to studentar. Praksislærar har ansvar for kvalitet og heilskap i praksisperioden. Han/ho skal framstå som ein tydeleg rettleiar og rollemodell. Praksislærar skal gi kvar student munnlege og skriftlege vurderingar med framovermeldingar undervegs og til slutt i praksis.Det er ein føresetnad at det også går føre seg rettleiiande samtalar i det daglege arbeidet mellom praksislærar og student.

Arbeidsmåtane i praksis varierer mellom observasjon, refleksjon, dokumentasjon, skriftleg og munnleg framstilling av fagkompetanse, didaktisk arbeid, deltaking og rettleiing med praksislærar. Studentane skal i tillegg til å gjere observasjonar vere deltakande i det daglege arbeidet saman med personalet i barnehagen. Første praksisbolk skal ha vekt på observasjon og leiing av ei barnegruppe. I andre praksisbolk skal studenten også skal ta med leiing av personalet i arbeidet sitt. Studenten skal gjennomføre leiardagar i av praksis.

I praksis skal studenten gjennom aktiv deltaking gjere seg kjend med barnehagen sin struktur, og med barn, foreldre og personale. Studenten skal ta aktivt del i barnehagen sine arbeidsoppgåver og vise initiativ og engasjement i høve barn, foreldre og personale. Studenten skal vere aktiv i rettleiingstimane og reflektere over eige barnesyn, barnehagelæraryrket og profesjonell identitet.  Alle dokument som omhandlar praksis og praksisbarnehagen, samt studenten sine skriftelege oppgåver, skal samlast i ei praksismappe. Tidleg i praksis skal studenten gjennomføre ein forventningssamtale med praksislærar, der forventningar til seg sjølv og praksislærar, medstudentar, praksisbarnehagen og praksisperioden blir klargjort. 

Vi viser til Praksishefte for Barnehagelærarutdanninga ved HVO for meir informasjon.

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Det er krav om minimum 90% frammøte for å få karakteren stått i praksis.

Arbeidskrav:

Det kan forekomme at det praktiske arbeidet vil ha innhald frå meir enn eit av Kunnskapområda.

  • Studenten skal gjennomføre prakstisk arbeid i tilknyting til emne BLUBULL
  • Studenten skal gjennomføre prakstisk arbeid i tilknyting til emne BLUNHR
  • Studenten skal gjennomføre prakstisk arbeid i tilknyting til emne BLUSRLE
  • Studenten skal planlegge, leie og evaluere leiardagar med utgangspunkt i barnehagen si dagsrytme og overordna planar.
Evaluation system

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrit om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap. 5.

I praksis skal det skje ei kontinuerlig vurdering av studenten si evne til å meistre si framtidige rolle som barnehagelærar. Praksislærar skal i løpet av praksis gje studenten ei munnleg, rettleiande undervegsvurdering av arbeidet frå dag til dag. På slutten av første praksisbolk skal kvar student i tillegg motta ei skriftleg undervegsvurdering. Etter andre praksisbolk skal studenten motta ei skriftleg sluttvurdering med karakteren "Stått"/"Ikkje stått". Dei skriftlege vurderingane skal leggjast fram for studenten, og studenten skal saman med praksislærar signere for at informasjon om vurderinga er gitt. Vurderingane skal vere læringsfremjande, og vere studenten sitt grunnlag for vidare utvikling. Praksislærar har hovudansvar for å gje vurderinga. Faglærar og styrar skal trekkast inn i vurderinga. Alle arbeidskrava i praksis skal vere gjennomførte og godkjente for å få karakteren «Stått» i praksis. I tillegg må kravet om 90% frammøte/deltaking vere stetta.

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maximum number of students: 
100
Person in charge: 
Hanne Elin Harnes
Used in other programs
  • Early Childhood Education - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praksis
Individual
Pass / fail
Det vert utarbeid eige vurderingsskjema i samband med praksisgjennomføringa. Sjå meir utfyllande informasjon i Praksishefte for barnehagelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda.