Semesters

BLUPRA1 Praksis 1. årssteg, 35 dagar.

Course code: 
BLUPRA1
Duration: 
2 semesters
Credits (ECTS): 
*
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2023 Autumn
2024 Spring
Assessment semester: 
2024 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

Praksis skal bida til kontinuitet, samanheng, progresjon og ha ei klar forankring i kunnskapsområda. Emneplan for praksisopplæring 1. studieår er samordna med emneplanane for kunnskapsområda i studieåret. Desse er Barns utvikling, leik og læring (BLUBULL), Natur, helse og rørsle (BLUNHR) og Samfunn, religion, livssyn og etikk (BLUSRLE). 

I praksis første studieår skal studenten ha fokus på observasjon, didaktikk, leiing av barnegrupper og leiing av ei personalgruppe (andre praksisbolk).

Praksis skal vere rettleidd, variert og vurdert.

Studenten skal gjennom planlegging, leiing og evaluering av pedagogiske aktivitetar og leiardagar få utvikle sine faglege, pedagogiske og didaktiske kunnskapar. Praksisopplæringa, saman med kunnskapsområda, skal utfordre studenten til å utvikle sin profesjonelle identitet. Studenten skal utvikle seg frå å være student til å bli ein profesjonsutøvar med barnehagefagleg handlingskompetanse.

Frå første studieår skal det vere tydleg for studenten at det å bli barnehagelærar inneber å ha pedagogisk leiaransvar. Å bli barnehagelærar er ein prosess som krev både fagleg kunnskap, analytisk refleksjon og praktisk erfaring. Studenten skal øve seg i å reflektere over korleis teori og praksis spelar saman, og kva etiske utfordringar barnehagekvardagen kan by på. Studenten skal oppmuntrast til sjølv å være pådrivar for utvikling av eigen profesjonskompetanse.

Praksisopplæringa skal heile tida ta omsyn til heilskapen i læringa for barna i barnehagen, og studentane skal ta omsyn til det barnegruppa har arbeidd med før praksis når dei skal planlegge og gjennomføre sine aktivitetar.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten har kunnskap om

  • barnehagen sine styringsdokument og planverk
  • observasjon og didaktiske modellar 
  • barns behov for omsorg og leik, og korleis fremje læring og danning
  • etablering og utvikling av gode relasjonar til barna
  • barns motoriske utvikling
  • barns språkutvikling
  • samanhengar mellom individ, gruppe og samfunn
  • overgangs- og rutinesituasjonar som del av det pedagogisk arbeidet
Learning outcome skills

Studenten kan:

  • vise evne til sjølvleiing i møte med praksisbarnehagen
  • skape og ta aktivt del i gode og omsorgsfulle relasjonar med barn
  • vise at han er ein god rollemodell for barna
  • vise ei begynnande evne til å leie ei barnegruppe og ei personalgruppe gjennom planlegging, gjennomføring og evaluering av pedagogiske aktivitetar og leiardagar
  • vise ei begynnande evne til å la personalet og barna medverke i arbeidet
  • vise initiativ til å ta kontakt med føresette
  • vise initiativ til å søke og ta imot rettleiing
Learning outcome qualification

Studenten:

  • fangar og held på merksemda til ei gruppe med barn, og legg til rette for leik og godt samspel i barnegruppa
  • viser initiativ og engasjement, og tek aktivt del i barnehagen sine arbeidsoppgåver
  • viser ei begynnande evne til kritisk refleksjon over eige barnesyn og praksis, og over kva pedagogisk leiing har å seie i møte med barn og barnegrupper
  • viser ei begynnande evne til å utvikle ein profesjonell identitet
Working and learning activities

Praksisopplæringa 1. studieår omfattar 35 dagar fordelt på to praksisbolkar. Før studenten kan ta til i praksis første studieår skal han levere politiattest, og signere digitalt teiepliktskjema ved Høgskulen i Volda. Som ein del av førebuinga til praksis skal studenten delta på generell praksisførebuing og praksisførebuande møte.

I samråd med styrar i praksisbarnehagane og praksiskoordinator får studentane tildelt ein praksisbarnehage for heile første studieår. Praksislærar har ansvar for kvalitet og heilskap i praksisperioden, og skal framstå som ein tydeleg rettleiar og rollemodell. Praksislærar skal gi studenten munnlege og skriftlege tilbakemeldingar og vurderingar med framovermeldingar undervegs og til slutt i praksis. Det er ein føresetnad at praksislærar har rettleiiande samtalar med studenten i det daglege arbeidet.

Første praksisbolk skal ha vekt på observasjon og didaktisk arbeid. Student og praksislærar skal i rettleiing sikre seg at studenten har forstått innhaldet i dei didaktiske kategoriane innhald, barns føresetnadar, rammefaktorar og arbeidsmåtar. I første praksisbolk skal studenten legge vekt på å skape relasjonar til barna i barnegruppa, i tillegg til planlegging og gjennomføring av pedagogiske aktivitetar for barn.

I andre praksisbolk skal studenten fokusere på å vise utvikling i didaktisk planlegging. I rettleiing skal studenten og praksislærar sikre seg at  kategoriane overordna mål, mål, innhald og evaluering/vurdering. I denne praksisbolka skal studenten også ta med leiing av personalet i arbeidet sitt. Studenten skal gjennomføre leiardagar i praksis, i tillegg til arbeidskrav som er forankra i kunnskapsområda. Studenten må aktivt ta initiativ til å ta kontakt med dei føresette.

I praksis skal studenten gjennom aktiv deltaking gjere seg kjend med barnehagen sin struktur, og med barn, føresette og personale. Studenten skal ta aktivt del i barnehagen sine arbeidsoppgåver og vise initiativ og engasjement i høve barn, føresette og personale. Studenten skal vere aktiv i rettleiingstimane og reflektere over eige barnesyn og barnehagelæraryrket.  

All dokumentasjon av praksis skjer gjennom rettleiings- og dokumentasjonsverktøyet MOSO (Mentoring and Observation Software). Tidleg i begge praksisbolkane skal studenten gjennomføre ein forventningssamtale med praksislærar, der forventningar til seg sjølv og praksislærar, medstudentar, praksisbarnehagen og praksisperioden blir klargjort. 

Vi viser til emnet i Canvas for meir informasjon.

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Det er krav om 35 dagar frammøte for å få karakteren stått i praksis.

Arbeidskrav:

  • Studenten skal gjennomføre to prakstiske arbeidskrav i tilknyting til emne BLUBULL
  • Studenten skal gjennomføre eitt prakstisk arbeidskrav i tilknyting til emne BLUNHR
  • Studenten skal gjennomføre eitt prakstisk arbeidskrav i tilknyting til emne BLUSRLE
  • Studenten skal planlegge, leie og evaluere leiardagar med utgangspunkt i barnehagen si dagsrytme og overordna planar.
Evaluation system

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrit om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.

I praksis skal det skje ei kontinuerlig vurdering av studenten si evne til å meistre si framtidige rolle som barnehagelærar. Praksislærar skal i løpet av praksis gje studenten tilbakemeldingar og ei munnleg rettleiande undervegsvurdering av arbeidet frå dag til dag. På slutten av første praksisbolk skal studenten i tillegg motta ei skriftleg undervegsvurdering. Etter andre praksisbolk skal studenten motta ei skriftleg sluttvurdering med karakteren stått/ikkje stått. Dei skriftlege vurderingane skal leggjast fram for studenten, og studenten skal saman med praksislærar signere for at informasjon om vurderinga er gitt. Vurderingane skal vere læringsfremjande, og vere studenten sitt grunnlag for vidare utvikling. Praksislærar har hovudansvar for å gje vurderinga. Oppfølgingslærar og styrar skal innvolverast i vurderinga. Praksislærar skal gjennom heile praksis gjere løpande skikkavurdering, og gi tilbakemeldingar så tidleg som mogleg dersom  studenten viser manglar etter Forskrift om skikkethetsvurdering i høyere utdanning. Manglar på dette område kan vere grunnlag for karakteren ikkje stått. Alle arbeidskrava i praksis skal vere gjennomførte og godkjente, og kravet om 100% frammøte må være stetta for å få karakteren stått i praksis. 

Følgjande retningsliner skal praktiserast i samband med karakteren ikkje stått i praksis:

  • Studenten skal motta skjema 1, varsel om fare for ikkje stått i praksis, før karakteren kan setjast til ikkje stått.
  • Ein student som får ikkje stått i praksis får høve til å gjennomføre eitt nytt praksisforsøk. Studenten får i ny praksisperiode rettleiing av ein ny praksislærar på det området studenten har vist manglar. Praksislærar skal vere kjend med vurderinga frå perioden med ikkje stått, for å rettleie mest mogleg spesifikt på det studenten skal forbetre. 
  • Ein student som har karakteren ikkje stått på andre praksisforsøk, får ikkje flytte opp i neste studieår og må avbryte studiet. 
Maximum number of students: 
100
Person in charge: 
Hanne Elin Harnes
Used in other programs
  • Early Childhood Education - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praksis
Individual
Pass / fail
Det vert utarbeid eige vurderingsskjema i samband med praksisgjennomføringa. Vi viser til emnet i Canvas for meir informasjon.
Approval signature: 
Arne Myklebust