Semesters

BLUPRA2-A Praksis 2. årssteg, 30 dagar.

Course code: 
BLUPRA2-A
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
0
Level of study: 
-
Course name in Norwegian Nynorsk: 
Praksis 2. årssteg, 30 dagar.
Teaching semester: 
2015 Autumn
Course name in Norwegian Bokmål: 
Praksis 2. årstrinn, 30 dager.
Assessment semester: 
2015 Autumn
Required prerequisite knowledge

Stått på BLUPRA1-A

Course content

Praksis er ein integrert del av alle kunnskapsområda i barnehagelærarautdanninga. Emneplan for praksisopplæring i barnehagen 2. studieår er samordna med emneplanane for kunnskapsområda i 2. studieår: Barns utvikling, leik og læring II (BLUBULLII-A), Kunst, kultur og kreativitet (BLUKKK-A) og Natur, helse og rørsle (BLUNHR-A).Praksis skal sikre heilskap og samanheng mellom studia til studentane på utdanningsinstitusjonen, i praksisfeltet og i vekslinga mellom dei ulike læringsarenaene. Frå tidleg i utdanninga skal studentane oppleve ei integrert opplæring som gjer at dei startar førebuinga til det å verte barnehagelærar. Praksisopplæringa, saman med kunnskapsområda i 2. årssteg, vil utfordre studenten til å utvikle sin profesjonsidentitet. Praksis skal vere rettleia og vurdert. Praksisopplæringa 2. studieår omfattar 30 dagar praksis.

Learning outcome

Etter stått praksis i andre studieår skal studenten ha fylgjande læringsutbytte:KunnskaparStudenten har kunnskap om barnehagen sine fagområde har kunnskap om profesjonsidentitet, yrkesetiske prinsipp og rettleiing har kunnskap om leiing og tilrettelegging av pedagogisk arbeid i barnegruppa har kunnskap om foreldresamarbeid har kunnskap om språkleg og kulturelt mangfald, inkludering og tilpassa opplæring, og barn med særskilde behov har kunnskap om korleis motivasjon, identitet og sjølvoppfatning verkar inn på utøving, oppleving og læring i estetiske fag har kunnskap om korleis leggje til rette for naturstudiar og leikprega aktivitetar med og i naturen FerdigheiterStudenten kan analysere og leggje til rette for tilpassa opplæring og inkludering i barnehagen kan utvikle omsorgsfulle relasjonar til barn der relasjonane ber preg av innleving og anerkjenning av kvart einskilt barn kan framstå som ein medviten rolle- og språkmodell for barn i samarbeid med personalet og føresette kan planlegge, leie, gjennomføre, dokumentere og vurdere kunstfaglege prosessar, for og med barn og vaksne kan fremje kreative prosessar med fokus på barns skapande aktivitet, heilskapleg læring og oppleving av meistring kan reflektere over og ta omsyn til ulike kulturelle perspektiv i arbeidet med helse, natur og rørsle kan bruke lokale naturressursar i praktisk arbeid med barn Generell kompetanseStudenten   kan trekke globale, nasjonale, regionale, lokale og fleirkulturelle perspektiver, prega av  respekt og toleranse, inn i barnehagens arbeid skal kunne gjere greie for korleis ein kan kommunisere og drøfte fagleg-pedagogiske problemstillingar med personalet, føresette og eksterne samarbeidspartnarar kan nytte varierte arbeidsformer i planlegginga av opplegg for barn der ein tek omsyn til alder og sosial, språkleg og kulturell bakgrunn kan leie personalet og samarbeide med føresette i planlegginga av arbeidet med barna har ei medviten haldning til, og evne til, innleving i barn sine ulike estetiske uttrykksformer forstår barnehagelæraren si rolle som medskapar, deltakar og rollemodell i barna si utforsking og i deira uttrykk, og kan stimulere barna si skaparglede og meistringskjensle er aktiv medverkande og inspirerande saman med barn i deira rørsleleik og naturopplevingar og kunne gje høvelege svar på barn sine spørsmål kan orientere seg i og bruke moglegheitene i nærmiljøet for naturfagleg utforsking og rørsle gjennom leik saman med barn kan ta vare eiga helse i arbeidet i barnehagen

Learning outcome knowledge

-

Learning outcome skills

-

Learning outcome qualification

-

Working and learning activities

I samråd med styrar i praksisbarnehagane får studentane tildelt ein praksisbarnehage for andre studieår.Praksis i 2. studiår skal ha vekt på korleis mangfald, estetiske opplevingar, nærmiljøet og naturen  kan vere ein ressurs i pedagogisk arbeid i barnehagen.Studentane skal få erfaring med å planleggje, leie og gjennomføre eit temaarbeid.Studenten skal gjennomføre fire leiardagar i løpet av praksisen.Arbeidsmåtane i praksis varierer mellom observasjon, refleksjon, dokumentasjon, skriftleg og munnleg framstilling av fagkompetanse, didaktisk arbeid, deltaking og rettleiing med praksislærar.Faglærarane skal undervise i aktuelle emne relatert til praksisperioden før praksis.I praksis skal studenten gjennom aktiv deltaking gjere seg kjend med barnehagen sine rutinar og innhald, og med barn, foreldre og personale. Studenten skal ta aktivt del i barnehagen sine arbeidsoppgåver og vise initiativ og engasjement i høve barn, foreldre og personale. Studenten skal vere aktiv i rettleiingstimane og reflektere over eigen profesjonsidentitet.Tidleg i praksis skal studenten og praksislærar gjennomføre ein forventningssamtale der forventningar og mål for sjølvutvikling blir klargjort. Alle dokument som omhandlar praksis og praksisbarnehagen, samt studenten sine skriftelege oppgåver, skal samlast i ei praksismappe. Praksislærar har ansvar for kvalitet og heilskap i praksisperioden. Han/ho skal framstå som ein tydeleg rettleiar og rollemodell. Praksislærar skal gi kvar student munnlege og skriftlege vurderingar med framovermeldingar undervegs og til slutt i praksis.Som ein del av førebuinga til praksis er det også krav om at studenten møter på generell praksisførebuing og til praksisførebuande møte. Vi viser til Praksishefte for Barnehagelærarutdanninga ved HVO for meir informasjon. 

Assessment requirements

-

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maximum number of students: 
100
Used in other programs