Semesters

BLUPRA3-20 Praksis 3. årssteg, 20 dagar

Course code: 
BLUPRA3-20
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
*
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2018 Autumn
Assessment semester: 
2018 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite courses
BLUPRA1 Practice/Pre-School Teacher Education 1, 35 days.
BLUPRA2 Practice/Pre-School Teacher Education 2, 40 days.
Course content

Praksis skal vere ein integrert del av alle kunnskapsområda i barnehagelærarutdanninga. Emneplan for praksisopplæring i barnehagen 3. studieår er samordna med emneplanane for kunnskapsområdet Leiing, samarbeid og utviklingsarbeid ( BLULSU). Praksis skal sikre heilskap og samanheng mellom studia til studentane på utdanningsinstitusjonen, i praksisfeltet og i vekslinga mellom dei ulike læringsarenaene. Frå tidleg i utdanninga skal studentane oppleve ei integrert opplæring som gjer at dei startar førebuinga til det å verte barnehagelærar. Praksisopplæringa, saman med kunnskapsområde 3. årssteg, vil utfordre studenten til å utvikle sin profesjonelle identitet. Praksis skal vere rettleia og vurdert.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten har kunnskap om:

  • leiing og rettleiing av personale med ulik bakgrunn og ulike føresetnader
  • relevant forsking, metodar og verktøy som grunnlag for leiings- og utviklingsarbeid
  • barns rettar og om kva som kjenneteiknar eit inkluderande, likestilt, helsefremjande og lærande barnehagemiljø.
Learning outcome skills

Studenten skal kunne:

  • leie pedagogisk arbeid og ta avgjersle som fører til utvikling av barnehagen.
  • vise sjølvstende i arbeidet
  • vise relasjonell forståing og kommunikativ kompetanse og meistre samarbeid med barn, føresette og personale i barnehagen sitt kvardagsliv
  • reflektere kritisk over eigen praksis og justere denne under rettleiing.
  • finne, vurdere, vise til og formidle fagkunnskap munnleg og skriftleg
Learning outcome qualification

Studenten:

  • kan identifisere område som krev utviklingsarbeid og vurdere kva leiarhandlingar som er naudsynte for å skape ei ønska utvikling.
  • kan leie pedagogisk utviklingsarbeid og bidra til nytenking for barnehagen
  • kan delta i faglege diskusjonar innanfor utdanninga sine ulike fagområde og dele kunnskapar og erfaringar
Working and learning activities

Praksisopplæringa 3. studieår omfattar 25 dagar, fordelt på to bolkar. Som ein del av førebuinga til praksis er det krav om at studenten møter på generell praksisførebuing og til praksisførebuande møte.

I samråd med styrar i praksisbarnehagane får studentane tildelt ein praksisbarnehage for heile tredje studieår. Som hovudregel skal kvar praksislærar ta imot to studentar. Praksislærar har ansvar for kvalitet og heilskap i praksisperioden. Han/ho skal framstå som ein tydeleg rettleiar og rollemodell. Praksislærar skal gi kvar student tilbakemeldingar og munnlege og skriftlege vurderingar med framovermeldingar undervegs og til slutt i praksis. Det er ein føresetnad at det går føre seg rettleiiande samtalar i det daglege arbeidet mellom praksislærar og student.

Arbeidsmåtane i praksis varierer mellom observasjon, refleksjon, dokumentasjon, skriftleg og munnleg framstilling av fagkompetanse, didaktisk arbeid, deltaking og rettleiing med praksislærar. I første praksisbolk skal studenten leie og gjennomføre eit pedagogisk utviklingsarbeid retta mot samarbeid med barn og personale.

I praksis skal studenten gjennom aktiv deltaking gjere seg kjend med barnehagen sin struktur, og med barn, foreldre og personale. Studenten skal ta aktivt del i barnehagen sine arbeidsoppgåver og vise initiativ og engasjement i høve barn, foreldre og personale. Studenten skal vere aktiv i rettleiingstimane og reflektere over eige barnesyn, barnehagelæraryrket og profesjonsjonell identitet. Alle dokument som omhandlar praksis og praksisbarnehagen, samt studenten sine skriftelege oppgåver, skal samlast i ei praksismappe. Tidleg i praksis skal studenten gjennomføre ein forventningssamtale med praksislærar, der forventningar mellom partane vert klargjort. 

Vi viser til praksishefte for barnehagelærarutdanninga ved HVO for meir informasjon.

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Det er krav om 20 dagar frammøte for å få karakteren stått i praksis

Arbeidskrav:

  • Studenten skal saman med personalet i barnehagen planlegge, gjennomføre og evaluere eit konkret utviklingsarbeid i barnehagen.
  • Studenten skal planlegge, leie og evaluere leiardagar med utgangspunkt i barnehagen si dagsrytme og overordna planar.

 

Evaluation system

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)

I praksis skal det skje ei kontinuerlig vurdering av studenten si evne til å meistre si framtidige rolle som barnehagelærar. Praksislærar skal i løpet av praksis gje studenten ei munnleg, rettleiande undervegsvurdering av arbeidet frå dag til dag. Midtvegs i praksis skal kvar student i tillegg motta ei skriftleg undervegssvurdering. Til slutt i praksis skal student motta ei skriftleg sluttvurdering, med karakteren stått/ikkje stått. Denne vurderinga skal leggjast fram for studenten, og studenten skal saman med praksislærar signere for at informasjon om vurderinga er gitt. Begge desse vurderingane skal vere læringsfremjande, og vere studenten sitt grunnlag for vidare utvikling. Praksislærar har hovudansvar for å gje vurderinga. Faglærar og styrar skal trekkast inn i vurderinga. Alle arbeidskrava i praksis skal vere gjennomførte og godkjente for å få karakteren stått i praksis. I tillegg må kravet om 100% frammøte/deltaking vere stetta.

Følgjande retningsliner skal praktiserast i samband med karakteren ikkje stått i praksis: Dersom ein student får karakteren ikkje stått i praksis eitt av studieåra, må studenten gjennomføre ein ny praksisperiode før utgangen av studieåret etter avtale med praksiskoordinator. Studenten skal få særskild rettleiing av ein annan praksislærar på det området/dei områda studenten har vist manglar. Praksislærar skal vere kjend med vurderinga frå perioden med ikkje stått, for å rettleie mest mogleg spesifikt på det studenten treng øving i. Får studenten ikkje stått også i denne ekstra praksisperioden, må studenten avbryte studiet.

Studentar som syner manglar i forhold til å meistre yrket, må så tidleg som mogleg få vite korleis dei står i forhold til krava til skikkavurdering. Jmf. Forskrift om skikkethetsvurdering i høgreutdanning § 3: Lovdata - Forskrift om skikkethetsvurdering i høyere utdanning

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Maximum number of students: 
100
Person in charge: 
Elisabeth Welle
Hanne Elin Harnes
Used in other programs
  • Early Childhood Education - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praksis
Individual
20 Days
Pass / fail
Det vert utarbeid eige vurderingsskjema i samband med praksisgjennomføringa. Sjå meir utfyllande informasjon i praksishefte for barnehagelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda.
20 dagar