Semesters
BLUPRA3-20 Praksis 3. årssteg, 20 dagar
Praksis skal bida til kontinuitet, samanheng, progresjon og ha ei klar forankring i kunnskapsområda. Emneplan for praksisopplæring i barnehagen tredje studieår er samordna med emneplanane for kunnskapsområdet Leiing, samarbeid og utviklingsarbeid ( BLULSU).
I praksis tredje studieår skal studentane, saman med personalet, leie eit mindre pedagogisk utviklingsarbeid på avdelinga/basen.
Praksis skal vere rettleidd, variert og vurdert.
Studenten skal gjennom planlegging, leiing og evaluering av utviklingsarbeid utvikle sine faglege, pedagogiske og didaktiske kunnskapar. Praksisopplæringa, saman med kunnskapsområde tredje studieår, skal utfordre studenten til å utvikle sin profesjonelle identitet. Studenten skal ha utvikla seg frå å være student til å være ein profesjonsutøvar med barnehagefagleg handlingskompetanse.
Dette er siste praksisperiode, og studenten skal vise ein tydleg profesjonell identitet. Studenten skal ha oversikt, og tydleg leie både barn og personale. I denne praksisperioden skal studenten arbeide med leiing av utviklingsarbeid, og studenten skal vise at han kan leie delar av eit utviklingsarbeid samstundes som han gjennomfører leiardagar. Studenten skal identifisere utviklingsområde, og saman med personalet gjere endringar som utviklar kvaliteten for barna. Studenten skal vise at han er trygg i samarbeidet med dei føresette, og skarpar gode relasjonar til dei.
Praksisopplæringa skal heile tida ta omsyn til heilskapen i læringa for barna i barnehagen, og studentane skal ta omsyn til det barnegruppa har arbeidd med før praksis når dei skal planlegge og gjennomføre sine aktivitetar.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har kunnskap om:
- pedagogisk leiing, endringsleiing og rettleiing av personale med ulik bakgrunn og ulike føresetnader
- relevant forsking, metodar og verktøy som grunnlag for leiings- og utviklingsarbeid
- barnehagen som ein lærande organisasjon
Studenten kan:
- leie pedagogisk arbeid og ta avgjersle som fører til utvikling av praksis i praksisbarnehagen
- vere sjølvstendig, vise ein tydleg profesjonell identitet, og kunne reflektere rundt ulike perspektiv ved profesjonsutøvinga
- vise relasjonell forståing og kommunikativ kompetanse
- meistre samarbeid med barn, føresette og personale
- reflektere og balansere mellom målstyrt pedagogisk leiing og dialog med personalet
- balansere mellom å ta omsyn til eigne behov og være andreorientert
- reflektere kritisk over eigen praksis og justere denne under rettleiing
- finne, vurdere, vise til og formidle relevant fagkunnskap munnleg og skriftleg
Studenten:
- identifisere område som krev utvikling og vurderer kva leiarhandlingar som er naudsynte for å skape ei ønska utvikling i høve utviklingsarbeidet
- leier pedagogisk utviklingsarbeid og bidreg til nytenking i barnehagen
- deltek i faglege diskusjonar knytt til leiing av utviklingsarbeid, og deler kunnskap og erfaringar
Praksisopplæringa 3. studieår omfattar 25 dagar, fordelt på to bolkar. Av dei 25 dagane er 20 dagar til kunnskapsområdet Leiing, samarbeid og utviklingsarbeid i vårsemesteret og 5 dagar knytt til fordjupinga i haustsemesteret. Denne emneplanen gjeld praksis 20 dagar knytt til vårsemesteret. Som ein del av førebuinga til praksis skal studenten delta på fagleg praksisførebuing og på praksisførebuande møte.
I samråd med styrar i praksisbarnehagane og praksiskoordinator ved høgskulen får studentane tildelt ein praksisbarnehage for heile tredje studieår. Praksislærar har ansvar for kvalitet og heilskap i praksisperioden, og skal framstå som ein tydeleg rettleiar og rollemodell. Praksislærar skal gi studenten tilbakemeldingar og munnlege og skriftlege vurderingar med framovermeldingar undervegs og til slutt i praksis. Det er ein føresetnad at praksislærar har rettleiande samtalar med studenten i det daglege arbeidet.
I denne praksisperioden skal studentane, saman med personalet, leie eit mindre pedagogisk utviklingsarbeid på avdelinga/basen. Når ein leier eit utviklingsarbeid inngår det planlegging, gjennomføring og vurdering av læring og læringsprosessar i personalgruppa. Det føreset didaktisk planlegging, dvs. kunnskap om situasjonen no (kva kan dei), eit målbilde (kva ønskjer vi å kunne gjere) og tiltak (kva er god praksis, til dømes utifrå nyare forsking).
Studenten skal gjennomføre leiardagar i praksis, der ein legg til rette for at nokre av medarbeidarane på avdelinga kan fristillast til andre oppgåver slik at studentane inngår som ein del av grunnbemanninga.
Studenten skal ta aktivt del i barnehagen sine arbeidsoppgåver og vise initiativ og engasjement i høve barn, foreldre og personale. Studenten skal vere aktiv i rettleiingstimane og reflektere over barnehagelæraryrket og profesjonell identitet. All dokumentasjon av praksis skjer gjennom rettleiings- og dokumentasjonsverktøyet MOSO (Mentoring and Observation Software). Tidleg i praksis skal studenten gjennomføre ein forventningssamtale med praksislærar, der forventningar mellom partane vert klargjort. Studenten skal gjere oppsummering/konklusjon med framovermelding frå praksis året før kjent for praksislærar i den første forventingssamtalen, om dette ikkje vart gjort i første praksisbolk (5 dagar).
Vi viser til emnet i Canvas for meir informasjon.
Frammøtekrav:
Det er krav om 20 dagar frammøte for å få karakteren stått i praksis.
Arbeidskrav:
- Studenten skal gjennomføre praktisk arbeidkrav i tilknyting til emne BLULSU.
- Studenten skal planlegge, leie og evaluere leiardagar med utgangspunkt i barnehagen si dagsrytme og overordna planar.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
I praksis skal det skje ei kontinuerlig vurdering av studenten si evne til å meistre si framtidige rolle som barnehagelærar. Praksislærar skal i løpet av praksis gje studenten ei munnleg, rettleiande undervegsvurdering av arbeidet frå dag til dag. Midtvegs i praksis skal studenten i tillegg motta ei skriftleg undervegssvurdering. Til slutt i praksis skal student motta ei skriftleg sluttvurdering, med karakteren stått/ikkje stått. Denne vurderinga skal leggjast fram for studenten, og studenten skal saman med praksislærar signere for at informasjon om vurderinga er gitt. Vurderingane skal vere læringsfremjande, og vere studenten sitt grunnlag for vidare utvikling. Praksislærar har hovudansvar for å gje vurderinga. Oppfølgingslærar og styrar skal involverast i vurderinga. Alle arbeidskrava i praksis skal vere gjennomførte og godkjente for å få karakteren stått i praksis. I tillegg må kravet om 20 dagar frammøte vere stetta.
Praksislærar skal gjennom heile praksis gjere løpande skikkavurdering, og gi tilbakemeldingar dersom studenten viser manglar etter Forskrift om skikkethetsvurdering i høyere utdanning. Manglar på dette område kan vere grunnlag for karakteren ikkje stått. Alle arbeidskrava i praksis skal vere gjennomførte og godkjente for å få karakteren stått i praksis. I tillegg må kravet om 100% frammøte vere stetta.
Følgjande retningsliner skal praktiserast i samband med karakteren ikkje stått i praksis:
- Studenten skal motta skjema 1, varsel om fare for ikkje stått i praksis, før karakteren kan setjast til ikkje stått.
- Ein student som får ikkje stått i praksis får høve til å gjennomføre eitt nytt praksisforsøk. Studenten får i ny praksisperiode rettleiing av ein ny praksislærar på det området studenten har vist manglar. Praksislærar skal vere kjend med vurderinga frå perioden med ikkje stått, for å rettleie mest mogleg spesifikt på det studenten skal forbetre.
- Ein student som har karakteren ikkje stått på andre praksisforsøk må avbryte studiet, og vil ikkje få vitnemål på bachelorgrad.
- Early Childhood Education - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praksis | Individual | 20 Days | Pass / fail | Det vert utarbeid eige vurderingsskjema i samband med praksisgjennomføringa. Vi viser til emnet i Canvas for meir informasjon. | 20 dagar |