Semesters
BLUPRA3 Praksis 3. årssteg, 25 dagar.
Stått på BLUPRA2
Praksis skal vere ein integrert del av alle kunnskapsområda i utdanninga. Praksisopplæringa 3. studieår omfattar 25 dagar der 20 dagar er knytt til kunnskapsområdet Leiing, samarbeid og utviklingsarbeid (BLULSU) og 5 dagar er knytt til fordjupinga. Emneplan for praksisopplæring i barnehagen 3. studieår er samordna med emneplanen for kunnskapsområdet BLULSU.Erfaringane frå praksis skal danne grunnlag for refleksjon knytt til omgrepa leiing, endring og utvikling.
Etter bestått praksis tredje studieår skal studenten ha fylgjande læringsutbytte:KunnskaparStudenten har kunnskap om leiing og rettleiing av menneske med ulik bakgrunn og ulike føresetnader. har kunnskap om samarbeidsprosessar mellom barn, føresette og personale. har kunnskap om relevant forsking, metodar og verktøy som grunnlag for leiings- og utviklingsarbeid har brei kunnskap om barns rettar og om kva som kjenneteiknar eit inkluderande, likestilt, helsefremjande og lærande barnehagemiljø. har kunnskap om nasjonalt og internasjonalt forskings - og utviklingsarbeid med relevans for barnehagelærarprofesjonen og kan oppdatere kunnskapen sin innan fagområdet. FerdigheiterStudenten kan leie pedagogisk arbeid og ta avgjersle som fører til utvikling av barnehagen. kan vise sjølvstende i å leie rettleiings- og samarbeidsprosessar i utviklingsarbeid. kan vise relasjonell forståing og kommunikativ kompetanse og meistrar samarbeid med barn, føresette og personale. kan identifisere og reflektere over korleis strukturelle og kulturelle forhold legg rammer for leiing og utviklingsarbeid i barnehagen. kan ta i bruk eigna metodar og verkty i arbeid med utviklings - og læringsprosessar. kan reflektere over eigen praksis og barnehagen sin praksis i arbeid med utvikling av barnehagelærarrolla og profesjonsetikk kan leie og rettleie medarbeidarar, reflektere kritisk over eigen praksis og justere denne under rettleiing. kan finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff munnleg og skriftleg, kan delta i faglege diskusjonar innanfor utdanninga sine ulike fagområde og dele kunnskap og erfaringar. Generell kompetanseStudenten har innsikt i profesjonsetiske problemstillingar, særleg knytt til ansvar, respekt og maktperspektiv. kan identifisere område som krev utviklingsarbeid og vurdere kva leiingshandlingar som er naudsynte for å skape ei ønska utvikling. har endrings- og utviklingskompetanse, kan leie pedagogisk utviklingsarbeid og bidra til nytenking og innovasjonsprosessar for framtidas barnehage. kan formidle sentralt fagstoff munnleg og skriftleg, kan delta i faglege diskusjonar innanfor utdanninga sine ulike fagområde og dele kunnskapar og erfaringar
-
-
-
I samråd med styrar i praksisbarnehagane får studentane tildelt ein praksisbarnehage for tredje studieår.Praksis i 3. studiår skal ha vekt på korleis organisering, leiarhandlingar og samarbeid kan styrke barnehagen som lærings- og utviklingsarena for yngre og eldre barn.I praksis skal studenten leie og gjennomføre eit pedagogisk utviklingsarbeid retta mot samarbeid med barn og personale. Det betyr at studenten i gruppe eller individuelt skal planlegge, gjennomføre og evaluere eit konkret utviklingsarbeid i barnehagen. Erfaringane skal danne grunnlag for refleksjon knytt til omgrepa leiing, endring og utvikling. Arbeidsmåtane i praksis varierer mellom observasjon, refleksjon, dokumentasjon, skriftleg og munnleg framstilling av fagkompetanse, didaktisk arbeid, deltaking og rettleiing med praksislærar.Faglærarane skal undervise i aktuelle emne relatert til praksisperioden før praksis.Tidleg i praksis skal studenten og praksislærar gjennomføre ein forventningssamtale der forventningar og mål for sjølvutvikling blir klargjort. Alle dokument som omhandlar praksis og praksisbarnehagen, samt studenten sine skriftelege oppgåver, skal samlast i ei praksismappe.I praksis skal studenten gjennom aktiv deltaking gjere seg kjend med barnehagen sine rutinar og innhald, og med barn, foreldre og personale. Studenten skal ta aktivt del i barnehagen sine arbeidsoppgåver og vise initiativ og engasjement i høve barn, foreldre og personale. Studenten skal vere aktiv i rettleiingstimane og reflektere over eigen profesjonsidentitet.Praksislærar har ansvar for kvalitet og heilskap i praksisperioden. Han/ho skal framstå som ein tydeleg rettleiar og rollemodell. Praksislærar skal gi kvar student munnlege og skriftlege vurderingar med framovermeldingar undervegs og til slutt i praksis.Som ein del av førebuinga til praksis er det også krav om at studenten møter på generell praksisførebuing og til praksisførebuande møte.Samla fråvær for praksis kan ikkje overstige 10%.Viser her til § 4-6. Obligatorisk frammøte/deltaking i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.Vi viser til Praksishefte del I og II for Barnehagelærarutdanninga ved HVO for meir informasjon.
-
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.