Semesters
BLUPRA3 Praksis 3. årssteg, 25 dagar.
Karakteren Stått på BLUPRA2
Praksis skal vere ein integrert del av alle kunnskapsområda i barnehagelærarutdanninga. Emneplan for praksisopplæring i barnehagen 3. studieår er samordna med emneplanane for kunnskapsområda lagt til 3. studieår: Leiing, samarbeid og utviklingsarbeid ( BLULSU) og fordjupingane. Praksis skal sikre heilskap og samanheng mellom studia til studentane på utdanningsinstitusjonen, i praksisfeltet og i vekslinga mellom dei ulike læringsarenaene. Frå tidleg i utdanninga skal studentane oppleve ei integrert opplæring som gjer at dei startar førebuinga til det å verte barnehagelærar. Praksisopplæringa, saman med kunnskapsområda i 3. årssteg, vil utfordre studenten til å utvikle sin profesjonelle identitet. Praksis skal vere rettleia og vurdert.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne
Studenten har kunnskap om
- leiing og rettleiing av menneske med ulik bakgrunn og ulike føresetnader.
- samarbeidsprosessar mellom barn, føresette og personale.
- relevant forsking, metodar og verktøy som grunnlag for leiings- og utviklingsarbeid
- barns rettar og om kva som kjenneteiknar eit inkluderande, likestilt, helsefremjande og lærande barnehagemiljø.
Studenten kan
- leie pedagogisk arbeid og ta avgjersle som fører til utvikling av barnehagen.
- vise sjølvstende i å leie rettleiings- og samarbeidsprosessar i utviklingsarbeid.
- vise relasjonell forståing og kommunikativ kompetanse og meistrar samarbeid med barn, føresette og personale.
- ta i bruk eigna metodar og verkty i arbeid med utviklings - og læringsprosessar.
- leie og rettleie medarbeidarar, reflektere kritisk over eigen praksis og justere denne under rettleiing.
- finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff munnleg og skriftleg,
Studenten
- kan identifisere område som krev utviklingsarbeid og vurdere kva leiarhandlingar som er naudsynte for å skape ei ønska utvikling.
- har endrings- og utviklingskompetanse,
- kan leie pedagogisk utviklingsarbeid og bidra til nytenking og innovasjonsprosessar for framtidas barnehage.
- kan delta i faglege diskusjonar innanfor utdanninga sine ulike fagområde og dele kunnskapar og erfaringar
Praksisopplæringa 3. studieår omfattar 30 dagar, fordelt på to bolkar. Som ein del av førebuinga til praksis er det krav om at studenten møter på generell praksisførebuing og til praksisførebuande møte.
I samråd med styrar i praksisbarnehagane får studentane tildelt ein praksisbarnehage for heile tredje studieår. Som hovudregel skal kvar praksislærar ta imot to studentar. Praksislærar har ansvar for kvalitet og heilskap i praksisperioden. Han/ho skal framstå som ein tydeleg rettleiar og rollemodell. Praksislærar skal gi kvar student munnlege og skriftlege vurderingar med framovermeldingar undervegs og til slutt i praksis.
Arbeidsmåtane i praksis varierer mellom observasjon, refleksjon, dokumentasjon, skriftleg og munnleg framstilling av fagkompetanse, didaktisk arbeid, deltaking og rettleiing med praksislærar. I første praksisbolk skal studenten leie og gjennomføre eit pedagogisk utviklingsarbeid retta mot samarbeid med barn og personale. I andre praksisbolk skal studenten gjennomføre arbeidskrav knytt til den valgte fordjupinga.
I praksis skal studenten gjennom aktiv deltaking gjere seg kjend med barnehagen sin struktur, og med barn, foreldre og personale. Studenten skal ta aktivt del i barnehagen sine arbeidsoppgåver og vise initiativ og engasjement i høve barn, foreldre og personale. Studenten skal vere aktiv i rettleiingstimane og reflektere over eige barnesyn, barnehagelæraryrket og profesjonsidentitet. Alle dokument som omhandlar praksis og praksisbarnehagen, samt studenten sine skriftelege oppgåver, skal samlast i ei praksismappe. Tidleg i praksis skal studenten gjennomføre ein forventningssamtale med praksislærar, der forventningar mellom partane vert klargjort.
Vi viser til Praksishefte for Barnehagelærarutdanninga ved HVO for meir informasjon.
- Studenten skal saman med personalet i barnehagen planlegge, gjennomføre og evaluere eit konkret utviklingsarbeid i barnehagen.
- Studenten skal planlegge, leie og evaluere leiardagar med utgangspunkt i barnehagen si dagsrytme og overordna planar.
- Studenten skal planlegge, gjennomføre og evaluere arbeidskrav knytt til valgt fordjuping
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrit om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap. 5.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praksis | Individual | Pass / fail |
Følgjande retningsliner skal praktiserast i samband med karakteren «Ikkje stått» i praksis: Dersom ein student får karakteren "Ikkje stått" i praksis eitt av studieåra, må studenten gjennomføre ein ny praksisperiode før utgangen av studieåret etter avtale med praksiskoordinator. Studenten skal få særskild rettleiing av ein annan praksislærar på det området/dei områda studenten har vist manglar. Praksislærar skal vere kjend med vurderinga frå perioden med ”Ikkje stått”, for å rettleie mest mogleg spesifikt på det studenten treng øving i. Får studenten "Ikkje stått" også i denne ekstra praksisperioden, må studenten avbryte studiet.
Studentar som syner manglar i forhold til å meistre yrket, må så tidleg som mogleg få vite korleis dei står i forhold til krava til skikkavurdering. Jmf. Forskrift om skikkethetsvurdering i høgreutdanning § 3: Lovdata - Forskrift om skikkethetsvurdering i høyere utdanning
Det vert utarbeid eige vurderingsskjema i samband med praksisgjennomføringa. Sjå meir utfyllande informasjon i Praksishefte for barnehagelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda.