Semesters
- 2025 Autumn
- 2024 Autumn
- 2023 Autumn
- 2022 Autumn
- 2021 Autumn
- 2020 Autumn
- 2019 Autumn
- 2018 Autumn
- 2017 Autumn
- 2015 Autumn
BLUSRLE-D Samfunn, religion, livssyn og etikk
Ingen.
Kunnskapsområdet rettar merksemda mot barnehagen sitt samfunnsmandat og verdigrunnlag i eit samfunn prega av mangfald. Moglegheiter og utfordringar knytt til møte mellom menneske med ulik bakgrunn, som fleirkulturalitet, religion, livssyn og etikk, er aktuelle i barnehagen. Kunnskapsområdet skal utdanne studentane til å møte desse utfordringane ved å sette i gang individuelle danningsprosessar til barnehagelærarprofesjonen.
Verdiane i formålsparagrafen ligg til grunn for alt arbeid i barnehagen. Desse verdiane skal også støtte barnehagens rolle i samfunnet. Det krev at barnehagepersonalet har kunnskap om og respekt for ulike kulturar, religionar og livssyn. Verdiane i barnehagelova og rammeplanen skal aktualiserast i kunnskapsområdet.
Kunnskapsområdet byggjer i hovudsak på faga samfunnsfag, religion, livssyn, etikk og pedagogikk. Undervisninga skal bruke relevant forsking frå kunnskapsområdet og tydeleggjere ei barnehagepedagogisk og fagdidaktisk tilnærming. Praksis inngår som ein integrert del av emnet.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har kunnskap om:
- verdigrunnlaget til barnehagen og kva dette inneber i praksis i det norske, fleirkulturelle samfunnet samt kunnskap om samiske kulturar og samar sine rettar som urfolk
- samfunnsutvikling med vekt på mangfald, inkludering, demokrati, velferdsstaten og sosial utjamning
- barndom, barnehage og familie i eit historisk, notidig og framtidig perspektiv
- barn sine dannings- og sosialiseringsprosessar, samt barns reaksjonar i vanskelege livssituasjonar
- dei store verdsreligionane og ulike livssyn, med særskilt fokus på religiøse høgtider og møte med religiøs praksis
- den fleirkulturelle barnehagen med eit ressursperspektiv på mangfald
- etisk teori og kritisk refleksjon med særskilt omsyn til aktuelle utfordringar i barnehagen, digitale utfordringar og bærekraftig utvikling
- aktuelle lover og forskrifter som regulerer barnehagedrifta
Studenten kan:
- praktisere, formidle og grunngi innhaldet i barnehagen sitt samfunnsmandat og verdigrunnlag
- reflektere kritisk over eigne verdiar, haldningar og veremåtar
- samtale med barn om etiske, religiøse, filosofiske og livssynsmessige spørsmål
- formidle forteljingar frå ulike religionar og i samarbeid med heimen legge til rette for markering av høgtider og merkedagar
- legge til rette for barn si medverknad og stimulere til demokratiforståing og demokratisk praksis
- gi barna opplevingar knytt til tradisjonar og læringsmoglegheiter i samfunnet som omgir barnehagen
Studenten:
- har kompetanse i å arbeide tverrfagleg og profesjonelt i barnehagen
- har kompetanse i å identifisere profesjonsetiske utfordringar i barnehagen sitt kvardagsliv, reflektere kritisk over desse og grunngi eigne handlingsval
- har kompetanse i å samarbeide med barn og føresette med sikte på å skape ein inkluderande fellesskap
- har kompetanse i å sjå samanhengar mellom individ, gruppe og samfunn og relatere desse samanhengane til praksis
Undervisninga i dette emnet går over to semester. Arbeidsmåtane er m.a. forelesing; arbeid individuelt og i gruppe; seminar; skriving av profesjonstekstar; rettleiing individuelt og i gruppe med medstudentar; praktisk arbeid og formidling av erfaringslæring. Undervisninga vert gitt i vekesamlingar på Campus og ein dag kvar veke på Zoom.
Fagdidaktikk og praktisk barnehagearbeid står sentralt i emnet sine arbeidskrav. Dette skal sikre at dei kunnskapsbaserte læringsutbytta kan visast att i praksis som ferdigheiter for den profesjonelle barnehagelæraren. Emnet inneheld rettleia praksis i barnehage. Sjå meir informasjon om praksis i emneplan for praksis, BLUPRA1. Studenterfaringane frå praksis vert teke inn i undervisninga og studentane sine arbeidskrav.
Frammøte til undervisning er obligatorisk, jf. forskrift om opptak, studium og eksamen § 4-6.
For å kunne gå opp til eksamen skal studenten ha fått godkjent følgjande arbeidskrav i emnet:
- I gruppe og/eller individuelt levere og få godkjend 3 arbeidsoppgåver, som vert delt ut gjennom semesteret.
Oppgåvene bygg på individuelt arbeid og samarbeid i grupper. Dette kan også omfatte medstudentrettleiing, levering av læringslogg (evnt. refleksjonsnotat) og evaluering av oppgåva (innhald og prosess). Meir informasjon om innhald og formkrav kjem i Canvas ved semesterstart.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §5-11.
- Early Childhood Education - bachelor (part time)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individual | 2 Days | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Prosessoppgåve: Ein av tekstane levert som arbeidskrav skal vidareutviklast til ei individuell levering. | 1000 ord +\- 10% |