Semesters
BVP152 Oppvekst, migrasjon og marginalisering
Pensum går fram av eiga pensumliste for emnet.
Ingen.
Emnet handlar om strukturelle maktforhold og prosessar i samfunnet som gjeld klasse, kjønn, migrasjon og ulike minoritetsposisjonar. Risikoen for marginalisering og diskriminering av utsette barn, unge og familiar er særleg sentralt i emnet. Emnet består av to modular.
I den første modulen vil studenten lære om synet på barn, barndom og familieliv i eit historisk perspektiv og få ei forståing for korleis dette er i stadig endring. Det sentrale i denne modulen er barn unge og familiar i utsette situasjonar, kva som kjenneteiknar desse, og kva konsekvensar desse situasjonane har for barn og unge. Forebyggande arbeid for å motverke marginalisering og sosial eksklusjon på arenaer der barn og unge ferdast, vil bli tematisert. I den samanhengen er det sentralt å få kunnskap om korleis ein kan fremje sosial inkludering og deltaking gjennom miljøarbeid.
I den andre modulen skal studenten tileigne seg kunnskap om migrasjon og flukt som fenomen og prosessar, og om marginalisering og diskriminering som innvandrarar og flyktningar kan oppleve. Studenten vil også lære om andre minoritetar i samfunnet, og om risiko for diskriminering blant urfolk, nasjonale minoritetar og ulike former for seksuell orientering og funksjonsnedsetting. Det vert lagt vekt på forståing for korleis kultur og makt verkar i relasjonar, og kva som kjenneteiknar makt- og kultursensitiv praksis.
Marginalisering og diskriminering på bakgrunn av kjønn og klasse vert tematisert som eit gjennomgåande perspektiv. Utvikling av kunnskap om korleis marginaliserings –og diskrimineringsmekanismar i samfunnet verkar, og korleis kunnskapen kan verke inn på eigne haldningar og yrkesutøving, er sentralt i emnet.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket, har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- Har kunnskap om marginaliserings- og diskrimineringsprosessar relaterte til m.a. sosial klasse, kjønn, migrasjon, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetting, seksuell orientering, kjønnsuttrykk, kjønnsidentitet og alder
- Har kunnskap om ulike former for familieliv, og kjenner til korleis synet på barn og familie har vore, og er i endring
- Har kunnskap om barns oppvekst i eit familieperspektiv, og om sosialisering, samspel og meistring
- Har kunnskap om betydninga av leik og aktivitetar i kvardagen og i miljøarbeid på arenaer der barn og unge ferdast
- Har kunnskap om samanhengar mellom helse, utdanning, arbeid, sosioøkonomiske faktorar, og om utsette barn, unge og familiar sine levekår
- Har kunnskap om ulike perspektiv på deltaking, og kan oppdatere sin kunnskap om barn, unge og foreldre sine erfaringar med deltaking på arenaer der barn ferdast
- Har kunnskap om sosialpedagogisk og forebyggande arbeid på digitale og fysiske arenaer, der barn og unge ferdast, med særleg vekt på å fremme sosial inkludering og deltaking
- Har kunnskap om kultur- og maktsensitivitet i sosialt arbeid
- Har kunnskap om urfolk, etniske minoritetar og flyktningar sine livssituasjonar og rettar
Studenten:
- Kan reflektere over den kontinuerlege endringa i familieliv og barnesyn, og identifisere samanhengen mellom eigne erfaringar og denne forståinga
- Kan identifisere faktorar som bidreg til marginalisering og utsette livssituasjonar
- Kan anvende kunnskap frå barn, unge og foreldre som del av grunnlaget for å sikre deltaking og medverknad
- Kan anvende faglitteratur om sentrale barnevernsfaglege fenomen i skriftlege og munnlege framstillingar
- Kan anvende fagleg kunnskap om sosial ulikskap og kulturelt mangfald til å utøve makt- og kultursensitiv tilnærming i tenesteutøvinga
Studenten:
- Har innsikt i forhold som bidreg til sosial ulikskap og diskriminering, og kan fremme sosial rettferd, ikkje - diskriminerande praksis og eit inkluderande samfunn i lag med menneske i utsette posisjonar
- Kan samarbeide om og planlegge forebyggande arbeid i lag med barn og unge på deira arenaer, på måtar som fremmer deltaking og inkludering
- Kan utveksle synspunkt og faglege vurderingar, og delta i diskusjonar om god praksis
- Kan presentere og diskutere kunnskap om barndom, oppvekst og marginalisering skriftleg
- Kjenner til menneske sine ulike utgangspunkt, sårbarheit, verdiar og levemåtar
I emnet vert det brukt varierte læringsformer, som gruppearbeid, skriftlege og praktiske arbeidskrav og seminar, førelesingar og sjølvstudium. I seminara skal studentane analysere fagtekst og praksisnære kasus, og få øving i å samarbeide om skriftleg og praktisk arbeid.
Arbeidskrav
- Deltaking på oppgåveseminar
- Innlevering av tekst til individuell rettleiing på eksamensoppgåva
- Deltaking på individuell rettleiing
- Skriftleg arbeid ved slutten av emnet (pensumprøve eller liknande). Kravet fell bort dersom studenten kan dokumentere minimum 70 % frammøte ved ordinære undervisingsaktivitetar
Alle arbeidskrav skal skrivast/gjennomførast på norsk. Nærare retningslinjer vil gå fram av informasjon i Canvas. Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-7 om arbeidskrav.
- Social work, Child Welfare Work - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individual | 1 Semesters | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Studenten vel sjølv om eksamensbesvarelsen vert skrive på norsk eller engelsk. | 3500 ord |