Semesters

BVP152 Oppvekst, migrasjon og marginalisering

Course code: 
BVP152
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
20
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Course name in Norwegian Nynorsk: 
Oppvekst, migrasjon og marginalisering
Teaching semester: 
2023 Spring
Course name in Norwegian Bokmål: 
Oppvekst, migrasjon og marginalisering
Assessment semester: 
2023 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Curriculum: 

Pensum går fram av eiga pensumliste for emnet.

Required prerequisite knowledge

Ingen. 

Course content

Emnet handlar om strukturelle maktforhold og prosessar i samfunnet som gjeld klasse, kjønn, migrasjon og ulike minoritetsposisjonar. Risikoen for marginalisering og diskriminering av utsette barn, unge og familiar er særleg sentralt i emnet.

Emnet består av to modular. I den første modulen vil studenten lære om synet på barn, barndom og familieliv i eit historisk perspektiv og få ei forståing for korleis dette er i stadig endring. Det sentrale i denne modulen er barn unge og familiar i utsette situasjonar, kva som kjenneteiknar desse, og kva konsekvensar desse situasjonane har for barn og unge. Forebyggande arbeid for å motverke marginalisering og sosial eksklusjon på arenaer der barn og unge ferdast, vil bli tematisert. I den samanhengen er det sentralt å få kunnskap om korleis ein kan fremje sosial inkludering og deltaking gjennom miljøarbeid.

I den andre modulen skal studenten tileigne seg kunnskap om migrasjon og flukt som fenomen og prosessar, og om marginalisering og diskriminering som innvandrarar og flyktningar kan oppleve. Studenten vil også lære om andre minoritetar i samfunnet, og om risiko for diskriminering blant urfolk, nasjonale minoritetar og ulike former for seksuell orientering og funksjonsnedsetting. Det vert lagt vekt på forståing for korleis kultur og makt verkar i relasjonar, og kva som kjenneteiknar makt- og kultursensitiv praksis.

Marginalisering og diskriminering på bakgrunn av kjønn og klasse vert tematisert som eit gjennomgåande perspektiv. Utvikling av kunnskap om korleis marginaliserings –og diskrimineringsmekanismar i samfunnet verkar, og korleis kunnskapen kan verke inn på eigne haldningar og yrkesutøving, er sentralt i emnet. 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket, har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten skal ha kunnskap om:

  • marginaliserings- og diskrimineringsprosessar relaterte til m.a. sosial klasse, kjønn, migrasjon, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetting, seksuell orientering, kjønnsuttrykk, kjønnsidentitet og alder
  • ulike former for familieliv, og korleis synet på barn og familie har vore, og er i endring
  • barns oppvekst i eit familieperspektiv, og om sosialisering, samspel, meistring og utviklingsstøttande omsorg, og om årsaker til og uttrykk for omsorgssvikt, vald og overgrep
  • at leik og aktivitetar i kvardagen og i miljøarbeid på arenaer der barn og unge ferdast er viktig
  • samanhengar mellom helse, utdanning, arbeid, sosioøkonomiske faktorar, og om utsette barn, unge og familiar sine levekår
  • ulike perspektiv på deltaking, og om å oppdatere sin kunnskap om barn, unge og foreldre sine erfaringar med deltaking på arenaer der barn ferdast
  • sosialpedagogisk og forebyggande arbeid på digitale og fysiske arenaer, der barn og unge ferdast, med særleg vekt på å fremme sosial inkludering og deltaking
  • kultur- og maktsensitivitet i sosialt arbeid
  • urfolk, etniske minoritetar og flyktningar sine livssituasjonar og rettar
Learning outcome skills

Studenten kan:

  • ha forståing for familieliv og synet på barn og unge som i kontinuerleg endring, og identifisere samanhengen mellom eigne erfaringar og denne forståinga
  • identifisere faktorar som bidreg til marginalisering og omsorgssvikt
  • utføre forebyggande arbeid på arenaer der barn og unge ferdast, og identifisere behov for å involvere andre tenester
  • anvende kunnskap frå barn, unge og foreldre som del av grunnlaget for å sikre deltaking og medverknad
  • bruke fagomgrep og teoriar til å drøfte fenomen som er sentrale i barnevernsfagleg arbeid, og nytte faglitteratur i skriftlege og munnlege framstillingar
  • anvende fagleg kunnskap om sosial ulikskap og kulturelt mangfald til å utøve makt- og  kultursensitiv tilnærming i tenesteutøvinga
Learning outcome qualification

Studenten:

  • har innsikt i forhold som bidreg til sosial ulikskap og diskriminering, og kan fremme sosial rettferd, ikkje - diskriminerande praksis og eit inkluderande samfunn i lag med menneske i utsette posisjonar
  • kan samarbeide om og sette i verk forebyggande arbeid i lag med barn og unge på deira arenaer, for å fremme deltaking og inkludering
  • kan analysere, dokumentere og formidle faglege vurderingar, munnleg og skriftleg
  • kjenner til menneske sine ulike utgangspunkt, sårbarheit, verdiar og levemåte
  • kan reflektere over korleis strukturelle forhold påverkar yrkesutøvinga
Working and learning activities

I emnet vert det brukt varierte læringsformer, som problembasert læring i grupper, skriftlege og praktiske arbeidskrav og seminar, i tillegg til førelesingar og sjølvstudium. I seminara skal studentane analysere fagtekst og praksisnære kasus, og få øving i å samarbeide om skriftleg og praktisk arbeid. 

Emnet går parallelt med BVP158 Praksisstudiar barnevernspedagog, 16 dagar. 

Assessment requirements

Arbeidskrav

  1. Innlevering av tekst til individuell rettleiing på eksamensoppgåva
  2. Deltaking på oppgåveseminar
  3. Deltaking på individuell rettleiing
  4. Skriftleg arbeid ved slutten av emnet (pensumprøve eller liknande). Kravet fell bort dersom studenten kan dokumentere minimum 70 % frammøte ved fysiske undervisingsaktivitetar
Maximum number of students: 
70
Person in charge: 
Hilde Langlo
Used in other programs
  • Social work, Child Welfare Work - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individual
1 Semesters
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Studenten vel sjølv om eksamensbesvarelsen vert skrive på norsk eller engelsk.
3500 ord
Approval signature: 
Randi Bergem 11.04.2022