Semesters
DKL02K Leiing av digital skuleutvikling
Samfunnet er i kontinuerleg endring og utvikling, og når samfunnet endrar seg får skulen nye oppgåver. Målet for skuleutvikling er å gjere skulen betre for elevane. Emnet gir lærarar, skuleleiarar, IKT-ansvarlege og andre som har sitt daglege virke i skuleorganisasjonar nye verkty for å løyse utfordringar. DKL02K har fokus på bruk av arbeidsmåtar og digitale verktøy i eit samfunns- og skuleutviklingsperspektiv.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studentane vil gjennom aktive og utforskande arbeidsmåtar bli utfordra på korleis og kvifor skulen bør drive digitalt utviklingsarbeid, og kva for faktorar som kan fremje eller hemme ei ønska skuleutvikling.
Kandidaten i emnet Leiing av digital skuleutvikling:·
- har kunnskap om lærarar og skuleleiarar si rolle i endrings- og utviklingsprosessar·
- har kunnskap om styringsdokument og relevant metodikk i prosessar med integrering av digitale verktøy og arbeidsmåtar i skulen·
- har kunnskap om skulen som organisasjon, skulen som kulturell eining og kva for innverknad skulekulturen har på vilkåra for endring·
Kandidaten i emnet Leiing av digital skuleutvikling·
- kan identifisere vilkår for føremålstenleg integrering av digitale verktøy i læringsarbeid·
- kan planlegge og rettleie i prosessar med integrering av digitale verktøy og arbeidsmåtar·
- Kan reflektere over ein planlagt og gjennomført utviklingsprosess
Studenten på DKL02K skal kunne planlegge, gjennomføre og evaluere digitale utviklingsprosessar i eigen organisasjon.
Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Emnet er organisert med ein kombinasjon av samlingar, utprøving i eigen organisasjon og nettbaserte læringsressursar.
Frammøtekrav: Obligatorisk oppmøte på samlingar, angitt i semesterplan.
Arbeidskrav: Arbeidsoppgåver gjennom semesteret vil inngå i eksamensmappa.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)
Kr. 6300,-
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual or Group exam | 1 Semester | Pass / fail | Studenten skal levere ei vurderingsmappe med arbeida frå heile semesteret. Vurderingsmappa skal leverast elektronisk. Grunna den pågåande utviklinga i teknologiske moglegheiter vil arbeidet gjennom semesteret variere litt frå semester til semester, og vil vere tydeleg spesifisert i semesterplanen. |