Semesters

ENG1A-510KFK Engelsk 1A (5-10)

Course code: 
ENG1A-510KFK
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2018 Autumn
Assessment semester: 
2018 Autumn
Language of instruction: 
English
Required prerequisite knowledge

Ingen 

Course content

Emnet er fyrste del av studiet Engelsk 1 for 5.-10. årssteg, Kompetanse for kvalitet. Emnet gir ei innføring i språklæring og fagdidaktikk, og innsikt i kulturelle og samfunnsmessige forhold i heile den engelskspråklege verda. Emnet omfattar kunnskap om grammatiske strukturar i det engelske språket og utvikling av eiga språkferdigheit, tekstkompetanse og produktivt ordforråd. Engelsk blir sett i eit kulturelt perspektiv, og studenten får kjennskap til moderne engelskspråkleg kultur (inkludert populærkultur) og historie frå den engelskspråklege verda, med hovudvekt på USA. Kritisk vurdering av ulike sider ved engelskopplæring for 5.-10. årssteg står sentralt, spesielt med fokus på problematikk knytt til overgangen mellom årsstega. I tillegg gir emnet innsikt i varierte, inspirerande og læringsfremjande aktivitetar og arbeidsmåtar.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne

Learning outcome knowledge

Studenten

  • har grunnleggande kjennskap til engelsk grammatikk med vekt på ordklasser, ordforråd og syntaks, og til skilnader og likskapar mellom norsk og engelsk på desse områda
  • har kjennskap til sjangrar og dei sentrale kjenneteikna deira, stilnivå og kulturelle konvensjonar for å tilpasse språkbruk til ulike situasjonar
  • har kunnskap om fagplanen i engelsk i Kunnskapsløftet (LK06)
  • har kunnskap om barn og unge si språklæring i eit framandspråkperspektiv, om språklæringsteoriar, metodar og strategiar
  • har innsikt i arbeidet med å vidareutvikle dei grunnleggjande ferdigheitene og legge til rette for progresjon i overgangen mellom barne- og ungdomssteget
  • har kjennskap til korleis ein kan tilpasse språkopplæringa til einskildeleven
  • kjenner kulturelle og samfunnsmessige hovudtrekk ved den moderne engelskspråklege verda med hovudvekt på USA
  • har innsikt i populærkultur, film, sport, tradisjonar og musikk frå den engelskspråklege verda  
Learning outcome skills
  • Studenten kan bruke engelsk sikkert og funksjonelt skriftleg og munnleg tilpassa målgruppa i ulike situasjonar 
  • Studenten kan bruke kunnskap om engelsk grammatikk til å justere eigen språkbruk, til å leggje til rette for elevane si språklæring og til å rettleie språkbruken til elevane
  • Studenten kan legge til rette for eit trygt læringsmiljø med variert, differensiert og meiningsfylt læringsarbeid som er forankra i fagplanen i engelsk, teori og eiga erfaring og som fremjar vidareutviklinga av dei grunnleggjande ferdigheitene for alle elevar 
  • Studenten kan planlegge, leie og vurdere elevane sitt læringsarbeid på ein måte som tek omsyn til mangfaldet i gruppa 
  • Studenten kan vurdere elevane si måloppnåing med og utan karakterar og grunngje vurderingane
  • Studenten kan utøve ein heilskapleg vurderingspraksis og legge til rette for elevane si sjølvstendige språklæring ved å gjere dei medvetne om val av læringsstrategiar 
  • Studenten kan gjere greie for kulturelle og samfunnsmessige hovudtrekk frå den engelskspråklege verda, med hovudvekt på USA 
  • Studenten kan leggje til rette for elevane si utforsking av levesett og kulturutrykk i engelsktalande land sett i relasjon til eigen kultur 
Learning outcome qualification
  • Studenten kan formidle relevant fagstoff og kommunisere på engelsk på ein måte som er tilpassa målgruppa
  • Studenten kan reflektere over eiga læring og praksis i forhold til etiske grunnverdiar og skulens ansvar for den personlege veksten hjå barn og unge
  • Studenten kan arbeide sjølvstendig og saman med andre for å løyse identifiserte problem knytte til elevar si læring og utvikling i engelskfaget
Working and learning activities

Undervisninga blir gitt i form av nettforelesingar, innlevering av arbeidskrav, seminardiskusjonar på nett, og to samlingar i Volda: ei på tre dagar og ei på to dagar. Det er obligatorisk oppmøte til samlingane. 

Assessment requirements

Studenten skal gjennomføre arbeidskrav i:

  • Språk (ordtal ikkje relevant)
  • Didaktikk (1500 ord)
  • Kultur (munnleg presentasjon)

Oppgåvene skal leverast til fastsett frist. Studenten får eitt høve til å forbetre oppgåver som ikkje fyller krava. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

Evaluation system
Minimum number of students: 
5
Maximum number of students: 
30
Person in charge: 
Kjetil Arve Myskja
Used in other programs
  • English 1 for Teachers years 5. -10. Compentence for Quality
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Home exam
Individual
6 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Digital eksamen. Endeleg vurdering i emnet skjer på grunnlag av ein individuell 6-timars skriftleg netteksamen. Eksamen vil vere ei prøve av både pensumkunnskap og språkbruk. Pensumkunnskap tel noko meir.
6-timars skriftleg netteksamen