Semesters

ENG1A-510KFK Engelsk 1A (5-10)

Course code: 
ENG1A-510KFK
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2022 Autumn
Assessment semester: 
2022 Autumn
Language of instruction: 
English
Required prerequisite knowledge

Ingen 

Course content

Emnet er fyrste del av studiet Engelsk 1 for 5.-10. årssteg, Kompetanse for kvalitet. Emnet gir ei innføring i språklæring og fagdidaktikk, og innsikt i kulturelle og samfunnsmessige forhold i fleire deler av den engelskspråklege verda, med vekt på USA. Emnet omfattar kunnskap om grammatiske strukturar i det engelske språket og utvikling av eiga språkferdigheit, tekstkompetanse og produktivt ordforråd. Engelsk blir sett i eit kulturelt perspektiv, og studenten får kjennskap til moderne engelskspråkleg litteratur, kultur (inkludert populærkultur) og historie frå fleire deler av den engelskspråklege verda. Studenten får innsikt i praktiske metodar for å utvikle undervisningmateriale og formidle dette i klasserommet. Kritisk vurdering av ulike sider ved engelskopplæring for 5.-10. årssteg står sentralt, spesielt med fokus på overgangen frå barne til ungdomsskule. I tillegg gir emnet innsikt i varierte, inspirerande og læringsfremjande aktivitetar og arbeidsmåtar, inkludert tverrfagleg arbeid der studenten kan trekke vekslar på eiga undervisningserfaring i andre fag. Deltaking på studium innan Kompetanse for Kvalitet-programmet vil også innebere kunnskapsdeling med kollegaer. 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne

Learning outcome knowledge

Studenten

  • har grunnleggande kjennskap til engelsk grammatikk med vekt på ordklasser, ordforråd og syntaks, og til skilnader og likskapar mellom norsk og engelsk, og grunnleggande fleirspråkleg perspektiv på desse områda
  • har kjennskap til sjangrar og dei sentrale kjenneteikna deira, stilnivå og kulturelle konvensjonar for å tilpasse språkbruk til ulike situasjonar
  • har kunnskap om fagplanen i engelsk i gjeldande læreplanar
  • har kunnskap om barn og unge si språklæring i eit framandspråkperspektiv, om språklæringsteoriar, metodar og strategiar
  • har innsikt i arbeidet med å vidareutvikle dei grunnleggjande ferdigheitene og legge til rette for progresjon i overgangen mellom barne- og ungdomssteget
  • har kjennskap til korleis ein kan tilpasse språkopplæringa til einskildeleven
  • kjenner utvalde kulturelle og samfunnsmessige hovudtrekk ved den moderne engelskspråklege verda 
  • har innsikt i litteratur, kultur og populærkultur, film, tradisjonar og musikk frå fleire deler av den engelskspråklege verda, hovudsakleg retta mot barn og ungdom 
Learning outcome skills

Studenten kan

  • bruke engelsk sikkert og funksjonelt skriftleg og munnleg, tilpassa målgruppa i ulike situasjonar 
  • bruke normer for akademisk skriving
  • bruke kunnskap om engelsk grammatikk til å justere eigen språkbruk, til å leggje til rette for elevane si språklæring og til å rettleie språkbruken til elevane
  • legge til rette for eit trygt læringsmiljø med variert, differensiert og meiningsfylt læringsarbeid som er forankra i fagplanen i engelsk, teori og eiga erfaring og som fremjar vidareutviklinga av dei grunnleggjande ferdigheitene for alle elevar 
  • planlegge, leie og vurdere elevane sitt læringsarbeid på ein måte som tek omsyn til mangfaldet i gruppa 
  • vurdere elevane si måloppnåing gjennom både formativ og summativ vurdering, med og utan karakterar, og grunngje vurderingane
  • utøve ein heilskapleg vurderingspraksis og legge til rette for elevane si sjølvstendige språklæring ved å gjere dei medvetne om val av læringsstrategiar 
  • gjere greie for utvalde kulturelle og samfunnsmessige hovudtrekk frå den engelskspråklege verda 
  • leggje til rette for elevane si utforsking av levesett og kulturutrykk i engelsktalande land sett i relasjon til eigen kultur 
Learning outcome qualification

Studenten kan

  • formidle relevant fagstoff og kommunisere på engelsk på ein måte som er tilpassa målgruppa
  • reflektere over eiga læring og praksis i forhold til etiske grunnverdiar og skulens ansvar for den personlege veksten hjå barn og unge
  • arbeide sjølvstendig og saman med andre for å løyse identifiserte problem knytte til elevar si læring og utvikling i engelskfaget
  • nytte kjelder etisk og kritisk
Working and learning activities

Undervisninga blir gitt i form av nettforelesingar, innlevering av arbeidskrav, seminardiskusjonar på nett, og to 2-dagarssamlingar i Volda og ei vekesamling i York. Det er obligatorisk oppmøte til samlingane. Studentar som ikkje har høve til å delta på vekesamlinga i York, kan kompensere for dette med ei ekstra innlevering. 

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Obligatorisk frammøte på samlingane og på studietur til York.

Arbeidskrav:

Studenten skal gjennomføre:

  • Eit skriftleg arbeidskrav i Språk (ordtal ikkje relevant)
  • Ei skriftleg oppgåve i Didaktikk (1500 ord)
  • Eit skriftleg og munnleg arbidskrav i Kultur (kort refleksjonsnotat og munnleg presentasjon)

Sjå elles tilleggsmerknad om samlinga i York over. Oppgåvene skal leverast til fastsett frist. Studenten får eitt høve til å forbetre oppgåver som ikkje fyller krava. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

Evaluation system
Minimum number of students: 
5
Maximum number of students: 
30
Person in charge: 
Siri Vevle
Used in other programs
  • English 1 for Teachers years 5. -10. Compentence for Quality
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Home exam
Individual
2 Days
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Digital eksamen. Endeleg vurdering i emnet skjer på grunnlag av ein individuell 2 dagars skriftleg heimeeksamen/netteksamen. Eksamen vil vere ei prøve av både pensumkunnskap og språkbruk. Pensumkunnskap tel noko meir.
Approval signature: 
Arne Myklebust