Semesters

ENG2B-510KFK Engelsk 2B for 5-10 årssteg, Kompetanse for kvalitet

Course code: 
ENG2B-510KFK
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2017 Spring
Assessment semester: 
2017 Spring
Language of instruction: 
English
Course content

Emnet er andre del av Engelsk 2, 5-10 Kompetanse for kvalitet: vidareutdanning for lærarar. Emnet gjev større grad av fagleg fordjuping i språkopplæring og fagdidaktikk og i eit rikt og variert utval av tekstar til personleg og fagleg vekst, og til bruk i undervisning på mellom- og ungdomssteget. Emnet gir meir kunnskap om fonologiske strukturar i det engelske språket og vidare utvikling av eiga språkferdigheit, tekstkompetanse og produktivt ordforråd. Språkets kulturelle forankring er sentralt i emnet.
 
Kritisk vurdering av ulike sider ved engelskopplæring for 5.-10. trinn står sentralt. I tillegg gir emnet meir innsikt i varierte, inspirerande og læringsfremjande aktivitetar og arbeidsmåtar. Engelsk blir sett i eit historisk og kulturelt perspektiv, med tekstar i ulike genrar.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Språk:

  • Studenten har kunnskap om lydsystemet i engelsk med særskild vekt på lydar i samanhengande tale

  • Studenten har noko kunnskap om ulikskapar mellom britisk og amerikansk uttale

  • Studenten har noko kunnskap om variantar av engelsk

 

Didaktikk:

  • Studenten har kunnskap om lytting, tale, lesing og skriving som prosessar

  • Studenten har kunnskap om korleis munnleg og skriftleg språk kan integrerast i inspirerande og meiningsfulle aktivitetar

  • Studenten har kjennskap til gjeldande læreplan for skulen som ramme for faglig utviklingsarbeid

 

Kultur:

  • Studenten kjenner samfunnsutviklinga i heile den engelskspråklege verda frå romantikken fram til det tjuande hundreåret

  • Studenten kjenner eit utval av litterære tekstar og andre kunstformer frå romantikken fram til det tjuande hundreåret til både personleg vekst og undervisningsbruk

Learning outcome skills

Språk:

  • Studenten kan bruke kunnskap om det engelske lydsystemet til å justere eigen uttale, til å leggje til rette for elevane si språklæring og til å rettleie språkbruken til elevane

  • Studenten kan skilje mellom britisk og amerikansk uttale og identifisere nokre variantar av engelsk

  • Studenten kan lese og skrive fonemiske transkripsjonar

 

Didaktikk:

  • Studenten kan gjere elevane medvitne om prosessar knytte til lytting, tale, lesing og skriving og korleis dei kan nytte desse strategisk i si eiga læring

  • Studenten kan bruke munnlege aktivitetar som utgangspunkt for skriftlege aktivitetar og omvendt

  • Studenten kan velje ut og legge til rette for arbeid med tekstar frå engelsktalande land for barn og ungdom på ein variert, utfordrande og inspirerande måte

  • Studenten kan vurdere eleven si måloppnåing med og utan karakter, og grunngi vurderingane

Kultur:

  • Studenten kan kombinere og samanfatte kunnskap om engelskspråklege samfunn, kunst, kultur og litteratur frå romantikken fram til det tjuande hundreåret

  • Studenten kan nyttegjere seg det holistiske perspektivet i eiga undervising

Learning outcome qualification
  • Studenten kan formidle relevant fagstoff og kommunisere på engelsk på ein måte som er tilpassa målgruppa

  • Studenten kan reflektere over eiga læring og praksis i forhold til etiske grunnverdiar og skulens ansvar for den personlege veksten hjå barn og unge

  • Studenten kan arbeide sjølvstendig og saman med andre for å løyse identifiserte problem knytte til elevar si læring og utvikling i engelskfaget

Working and learning activities

Emnet er nettbasert med to 2-dagars samlingar i Volda + ei vekessamling i York. Samlingane har obligatorisk oppmøte. Studentar som kan dokumentere gjennomført vekessamling i York i samband med tidlegare gjennomført engelskstudium vil få denne samlinga omgjort til eit ekstra arbeidskrav. HVO dekkjer overnatting og kursavgift på samlinga i York.

Nettundervising vert gitt i læringsportalen Fronter og Adobe Connect.

Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett, nødvendig programvare og utstyr som webkamera og hovudtelefon med mikrofon.

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Oppmøte til samlingane er obligatorisk

Arbeidskrav:

  • Språk (ordtal ikkje relevant)

  • Didaktikk 1500 ord

  • Kultur 1500 ord

  • Eitt eller fleire av desse arbeidskrava vil involvere pedagogisk bruk av IKT. Eitt eller fleire vil innebere ein prosess med kunnskapsdeling innan studenten sitt kollegamiljø. To av arbeidskrava skal vere skriftlege, eitt skal vere munnleg. Oppgåvene skal leverast til oppsett frist. Studenten får eitt høve til å forbetre oppgåver som ikkje fyller krava. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Minimum number of students: 
5
Maximum number of students: 
30
Person in charge: 
Kjetil Arve Myskja
Used in other programs
  • English 2 for Teachers years 5-10 - Compentence for Quality
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Home exam
Individual
6 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Eksamen vil vere ei prøve av både pensumkunnskap og språkbruk. Pensumkunnskap tel noko meir.