Semesters
EXP100-AVG Examen philosophicum
Ingen
Fagstoffet er fordelt på tre delar. Den første er på fem stp og omfattar filosofi- og vitskapshistorie. Den andre er på tre stp og omfattar allmenn moralfilosofi. Den tredje, på 2 stp, dreier seg om generell vitskapsfilosofi.
Del 1: Filosofi- og vitskapshistorie (5 stp) Delen gjev eit oversyn over filosofi- og vitskapshistoria frå oldtida til i dag med særleg konsentrasjon om oldtidsfilosofien og nyare tid frå og med Descartes.
Del 2: Etikk (3 stp) Delen skal gje eit oversyn over grunnleggjande problem og teoriar innan moralfilosofien.
Del 3 Vitskapsfilosofi (2 stp)Delen skal gje eit oversyn over nokre grunnleggjande problem og teoriar innan vitskapsfilosofien. Hovudvekta ligg på utviklinga på 1900-talet.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne
Etter enda studium skal studenten
ha kjennskap til kva dei sentrale filosofiske spørsmåla dreier seg om
ha kjennskap til korleis nokre sentrale filosofar har drøfta og svara på desse spørsmåla til ulike tider
ha særleg innsikt i ulike kunnskapsteoriar og kvar dei viktigaste filosofane plasserer seg kunnskapsteoretisk.
Etter enda studium skal studenten
ha tileigna seg innsikt i grunnleggande vitskapelege tenkemåtar og metodar og til ei viss grad kunne applisere desse på ulike fagstudium
ha tileigna seg innsikt i grunnleggane omgrep, teoriar og tenking innan allmenn etikk
Etter enda studium skal studenten
ha utvikla evne til sjølvstendig refleksjon omkring både filosofiske, viskapsteoretiske og grunnlagsetiske spørsmål – som vil kunne vere til nytte i ulike fagstudium, for eiga tenking kring eksistensielle spørsmål, og for utfordringar framtidige yrke kan kome til å byde på
Emnet er organisert som eit nettstudium med studieavgift.Undervisinga har form av leksjonar på Fronter, utveksling av spørsmål og synspunkt i diskusjonsforum på Fronter, skriving av tre minioppgåver, og kommunikasjon med lærar på e-post.Det vert utarbeidd detaljert ein plan/kalender over nettundervisninga med tidspunkt for utsending av leksjonar og fristar for innlevering av minioppgåvene.
I løpet av semesteret skal kvar student skrive tre minioppgåver – ei i filosofihistorie, ei i etikk og ei i vitskapsfilosofi. Oppgåvene skal ha ein storleik på ca. 5500 teikn utan mellomrom (ca. 1000 ord) og skal leverast i Fronter innan oppgjevne tidsfristar.Lærar kommenterer og vurderer dei tre oppgåvene. Oppgåvene må vere godkjende før ein kan ta eksamen.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
kr. 2500 + semesteravgift
- Examen Philosophicum
Assessment Form | Grouping | Duration | Grading scale | Proportion | Comment | Support Materials | Scope |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Home exam | Individual | 1 Days | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade |