Semesters

EXP100-AVG Examen philosophicum

Course code: 
EXP100-AVG
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
10
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2018 Spring
Assessment semester: 
2018 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

Fagstoffet er fordelt på tre delar. Den første er på fem stp og omfattar filosofi- og vitskapshistorie. Den andre er på tre stp og omfattar allmenn moralfilosofi. Den tredje, på 2 stp, dreier seg om generell vitskapsfilosofi.

Del 1: Filosofi- og vitskapshistorie (5 stp). Delen gjev eit oversyn over filosofi- og vitskapshistoria frå oldtida til i dag med særleg konsentrasjon om oldtidsfilosofien og nyare tid frå og med Descartes. 

Del 2: Etikk (3 stp). Delen skal gje eit oversyn over grunnleggjande problem og teoriar innan moralfilosofien.

Del 3 Vitskapsfilosofi (2 stp). Delen skal gje eit oversyn over nokre grunnleggjande problem og teoriar innan vitskapsfilosofien. Hovudvekta ligg på utviklinga på 1900-talet.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Etter enda studium skal studenten

-ha kjennskap til kva dei sentrale filosofiske spørsmåla dreier seg om

-ha kjennskap til korleis nokre sentrale filosofar har drøfta og svara på desse spørsmåla til ulike tider

-ha særleg innsikt i ulike kunnskapsteoriar og kvar dei viktigaste filosofane plasserer seg kunnskapsteoretisk

Learning outcome skills

Etter enda studium skal studenten

-ha tileigna seg innsikt i grunnleggande vitskapelege tenkemåtar og metodar og til ei viss grad kunne applisere desse på ulike fagstudium

-ha tileigna seg innsikt i grunnleggane omgrep, teoriar og tenking innan allmenn etikk

-ha utvikla evne til sjølvstendig refleksjon omkring både filosofiske, viskapsteoretiske og grunnlagsetiske spørsmål 

Learning outcome qualification

Studiet vil utvikle

-kunnskapar og evner som vil kunne vere til nytte i ulike fagstudium, for utfordringar framtidige yrke kan kome til å byde på, og for eiga tenking kring eksistensielle spørsmål

Working and learning activities

Emnet er organisert som eit nettstudium med studieavgift.Undervisinga har form av leksjonar i Canvas, utveksling av spørsmål og synspunkt i diskusjonsforum i Canvas, skriving av tre minioppgåver, og kommunikasjon med lærar på e-post. Det vert utarbeidd detaljert ein plan/kalender over nettundervisninga med tidspunkt for utsending av leksjonar og fristar for innlevering av minioppgåvene.

Assessment requirements

I løpet av semesteret skal kvar student skrive tre minioppgåver – ei i filosofihistorie, ei i etikk og ei i vitskapsfilosofi. Oppgåvene skal ha ein storleik på ca. 5500 teikn utan mellomrom (ca. 1000 ord) og skal leverast i Canvas innan oppgjevne tidsfristar. Lærar kommenterer og vurderer dei tre oppgåvene. Oppgåvene må vere godkjende før ein kan ta eksamen.

Evaluation system

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11. (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Minimum number of students: 
5
Maximum number of students: 
50
Person in charge: 
Jonas Gamborg Lillebø
Knut-Willy Sæther
Costs

Kr. 2500,- + semesteravgift

Used in other programs
Assessment FormGroupingDurationGrading scaleProportionCommentSupport MaterialsScope
Home exam
Individual
1 Days
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade