Semesters

EXP100N Examen philosophicum, 10 stp, nettbasert

Course code: 
EXP100N
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
10
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2024 Autumn
Assessment semester: 
2024 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen.

Course content

Emnet er ei innføring i tradisjonelle emne i examen philosophicum. Fagstoffet er fordelt på tre delar, og omfattar filosofi- og vitskapshistorie, generell vitskapsfilosofi og allmenn moralfilosofi.
Del 1 gjev oversyn over filosofi- og vitskapshistoria frå oldtida til i dag med særleg konsentrasjon om oldtidsfilosofien og nyare tid frå og med Descartes. Del 2 gjev eit oversyn over nokre grunnleggjande problem og teoriar i vitskapsfilosofien. Hovudvekta ligg på utviklinga på 1900-talet. Del 3 gjev eit oversyn over grunnleggjande problem og teoriar i moralfilosofien.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten:

  • har kjennskap til kva dei sentrale filosofiske spørsmåla dreier seg om
  • har kjennskap til korleis nokre sentrale filosofar har drøfta og svara på desse spørsmåla til ulike tider
  • har innsikt i ulike kunnskapsteoriar og kvar dei viktigaste filosofane plasserer seg kunnskapsteoretisk
  • har innsikt i grunnleggande vitskapelege tenkjemåtar og metodar
  • har innsikt i grunnleggande omgrep, teoriar og tenking innan allmenn moralfilosofi og etikk
Learning outcome skills

Studenten:

  • har ferdigheiter i fagleg skriving
  • har ferdigheiter i planmessig arbeid med emneavgrensing, problemformulering, stoffsamling og kjelder
  • kan reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette etter respons
  • kan nytte relevante faglege verktøy, teknikkar og uttrykksformer
  • kan reflektere over filosofiske problemstillingar og filosofiske omgrep
  • kan applisere vitskapelege tenkemåtar og metodar på ulike fagstudium
  • kan anvende etisk tenking på utvalde etiske problemstillingar 
Learning outcome qualification

Studenten

  • kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg og munnleg
  • kan utveksle oppfatningar og erfaringar med andre med bakgrunn innan fagområdet
  • kan utvikle evne til sjølvstendig refleksjon omkring både filosofiske, vitskapsteoretiske og grunnlagsetiske spørsmål  - som vil kunne vere til nytte i ulike fagstudium, for eiga tenking kring eksistensielle spørsmål, og for utfordringar framtidige yrke kan kome til å byde på.
Working and learning activities

Emnet er organisert som eit nettstudium. Undervisinga er ei variasjon av digitale møtepunkt, skriftlege leksjonar og undervisningsfilmar i Canvas. Studenten får også individuell respons på skriftlege arbeid. 

Assessment requirements

Student skal levere og få tilbakemelding på fleire skriftlege arbeid. Arbeida må vere godkjende før ein kan ta eksamen.

Evaluation system

Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 9-4.

Minimum number of students: 
5
Maximum number of students: 
50
Person in charge: 
Mathias Nygaard
Used in other programs
  • Examen Philosophicum
  • Religion and Culture - bachelor (net-based)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Home exam
Individual
3 Days
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
Studenten vel sjølv om eksamen skrivast på norsk eller engelsk.
Alle
Endeleg vurdering i emnet skjer på grunnlag av ein individuell heimeeksamen. 2500 ord (+/- 10%).
Approval signature: 
Arne Myklebust