Semesters
- 2025 Spring
- 2024 Autumn
- 2024 Spring
- 2023 Autumn
- 2023 Spring
- 2022 Autumn
- 2022 Spring
- 2021 Autumn
- 2021 Spring
- 2020 Autumn
- 2020 Spring
- 2019 Autumn
EXP100-AVG Examen philosophicum
Ingen.
Fagstoffet er fordelt på tre delar. Den første er på 5 stp og omfattar filosofi- og vitskapshistorie. Den andre er på 3 stp og omfattar allmenn moralfilosofi. Den tredje, på 2 stp, dreier seg om generell vitskapsfilosofi.
Del 1: Filosofi- og vitskapshistorie (5 stp). Delen gjev eit oversyn over filosofi- og vitskapshistoria frå oldtida til i dag med særleg konsentrasjon om oldtidsfilosofien og nyare tid frå og med Descartes.
Del 2: Etikk (3 stp). Delen skal gje eit oversyn over grunnleggjande problem og teoriar innan moralfilosofien.
Del 3 Vitskapsfilosofi (2 stp). Delen skal gje eit oversyn over nokre grunnleggjande problem og teoriar innan vitskapsfilosofien. Hovudvekta ligg på utviklinga på 1900-talet.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Etter endt studium skal studenten
-ha kjennskap til kva dei sentrale filosofiske spørsmåla dreier seg om
-ha kjennskap til korleis nokre sentrale filosofar har drøfta og svara på desse spørsmåla til ulike tider
-ha særleg innsikt i ulike kunnskapsteoriar og kvar dei viktigaste filosofane plasserer seg kunnskapsteoretisk
Etter endt studium skal studenten
-ha tileigna seg innsikt i grunnleggande vitskaplege tenkemåtar og metodar, og til ei viss grad kunne applisere desse på ulike fagstudium
-ha tileigna seg innsikt i grunnleggande omgrep, teoriar og tenking innan allmenn etikk
-ha utvikla evne til sjølvstendig refleksjon omkring både filosofiske, viskapsteoretiske og grunnlagsetiske spørsmål
Studiet vil utvikle
-kunnskapar og evner som vil kunne vere til nytte i ulike fagstudium, for utfordringar framtidige yrke kan kome til å byde på, og for eiga tenking kring eksistensielle spørsmål
Emnet er organisert som eit nettstudium. Undervisinga har form av leksjonar i Canvas, utveksling av spørsmål og synspunkt i diskusjonsforum i Canvas, skriving av tre minioppgåver, og kommunikasjon med lærar på e-post. Det vert utarbeidd ein detaljert plan/kalender over nettundervisninga med tidspunkt for utsending av leksjonar og fristar for innlevering av minioppgåvene.
I løpet av semesteret skal kvar student skrive tre minioppgåver – ei i filosofihistorie, ei i etikk og ei i vitskapsfilosofi. Oppgåvene skal ha ein storleik på ca. 5500 teikn utan mellomrom (ca. 1000 ord) og skal leverast i Canvas innan oppgjevne tidsfristar. Lærar kommenterer og vurderer dei tre oppgåvene. Oppgåvene må vere godkjende før ein kan ta eksamen.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11. (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- Examen Philosophicum
Assessment Form | Grouping | Duration | Grading scale | Proportion | Comment | Support Materials | Scope |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Home exam | Individual | 1 Days | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 |