Semesters
GL1-7KOH1B Kunst og handverk 1 Visuell kompetanse
Ingen
Emnet skal kvalifisere for undervisning i grunnskulen, trinn 1-7 i Kunst og handverk. Emnet svarar til kompetanseområda visuell kommunikasjon og kunst frå læreplanen. Studenten skal tileigne seg undervisningskompetanse innan området visuell kultur, dette omfattar både kommersielle biletuttrykk, kunstbilete og skulptur.Studenten skal lære å arbeide med visuell kommunikasjon gjennom praktisk skapande arbeid i todimensjonal form og digitale biletmedier. Form, farge og komposisjon samt idèutvikling, problemløysing og symbolhandsaming er sentrale hovudemne. Kunsthistoria og den visuelle kulturen i vårt fleirkulturelle samfunn, dannar utgangspunkt og referanse.Undervisningskompetanse i Kunst og handverk omfattar fagkunnskap, fagdidaktikk og kunnskap om varierte arbeidsmåtar. Emnet har som mål å gi eit læringsutbyte retta mot kompetansemåla i den til ei kvar tid gjeldande nasjonale rammeplanen. Dei faglege tema er profesjonsretta og vil, saman med dei tre andre faga, vere ilag om praksis under felles yrkesrelaterte tema.
KUNNSKAP Studenten - har god kunnskap om planleggjing og gjennomføring av undervisning for klassestega 1-7 - har grunnleggande kunnskap om materialar, teknikkar og reiskapar som er vanlege i arbeid med bilete og skulptur, to- og tredimensjonal form- har god kunnskap om vurdering knytt til praktisk skapande arbeid - har god kunnskap om sentrale teoriar om barn si to- og tredimensjonale formspråklege utvikling og barnekulturen sine visuelle ytringsformer - har god kunnskap om visuelle verkemiddel - har kjennskap til hovudretningar innan biletkunst og skulptur - har kunnskap om visuell analysemetode FERDIGHEITER Studenten - kan planleggje og gjennomføre undervisning, leggje til rette for tilpassa opplæring og formulere oppgåver som fremjar grunnleggande tame i Kunst og handverk - kan bruke, eksperimentere og velje ut høvelege materialar, teknikkar og verkty (også digitale) som eignar seg for oppgåver på barnetrinnet, og gjennom dette vere ein god rollemodell for elevane - har vurderingskompetanse i høve eige og andre sitt arbeid, frå eit læringsorientert perspektiv - kan presentere og formidle fagstoff og eige arbeid, og nytte denne kunnskapen i yrkesutøvinga som lærar - kan utvikle ein idé til ferdig form, dokumentere og vurdere eigen skapande prosess - kan bruke enkle analyseverkty - kan byggje vidare på uttrykksformer frå ulike kulturar og nærmiljø, og nytte dette som ressurs for eige skapande arbeid, organisert læring og elevarbeid. GENERELL KOMPETANSE Studenten - kan diskutere undervisning og læring, fag og elevar i lys av profesjonelle og yrkesetiske perspektiv - kan vurdere eigen og andre sin praksis med referanse til teori og forsking - kan bruke og vurdere digitale læringsarenaer til formidling av fagstoff og eiga fagleg oppdatering - kan bruke Kunst og handverk i tema- og prosjektarbeid og ta vare på den estetiske dimensjonen i opplæringa- har kjennskap til gjeldande reglar om opphavsrett og personvern ved bruk av kjelder, bilete og andre ressursar til undervisning - kan utnytte faget sitt potensiale i å fremme gjenbruk og bærekraftig utvikling
-
-
-
Emnet ligg andre studieåret og er organisert i blokker av ulikt omfang. Emnet er i hovudsak konsentrert om praktisk arbeid i ulike teknikkar, materialar og tema der studenten arbeider enkeltvis eller i grupper med faglege problemstillingar. Undervisningsformene er ein kombinasjon av førelesing og individuell oppgåve-løysing, fellesundervisning og sjølvstudium.Det vert gitt grunnleggjande opplæring i bruk av ulike verktøy og maskiner som studenten skal meistre. Undervisningsformene vekslar mellom plenumsførelesing, verkstadundervisning, arbeid i grupper og individuelt arbeid. Material- og verkstadavgift: Studentane betaler ei avgift på kr 400 til innkjøp av fellesmateriale, samt supplering av utstyr i spesialrom. Undervisninga kan bli lagd til område utanfor campus og studentane må sjølve dekkje reiseutgifter. Ved manglande innbetaling, sjå Retningslinjer for studierett: http://www.hivolda.no/neted/services/file/?hash=d40b0b791db58f1ed578a882... er obligatorisk oppmøte til alle organiserte læringsaktivitetar, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.Fråversprosenten vert rekna for kvar av dei 2 fagmodulane.
-
-
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.