Semesters

GL1-7KOH1B Kunst og handverk 1 Visuell kompetanse

Course code: 
GL1-7KOH1B
Duration: 
2 semesters
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2016 Autumn
2017 Spring
Assessment semester: 
2017 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

Emnet skal kvalifisere for undervisning i grunnskulen, trinn 1-7 i Kunst og handverk. Emnet svarar til kompetanseområda visuell kommunikasjon og kunst frå læreplanen. Studenten skal tileigne seg undervisningskompetanse innan området visuell kultur, dette omfattar både kommersielle biletuttrykk, kunstbilete og skulptur. Studenten skal lære å arbeide med visuell kommunikasjon gjennom praktisk skapande arbeid i todimensjonal form og digitale biletmedier. Form, farge og komposisjon samt idèutvikling, problemløysing og symbolhandsaming er sentrale hovudemne. Kunsthistoria og den visuelle kulturen i vårt fleirkulturelle samfunn, dannar utgangspunkt og referanse.

Undervisningskompetanse i Kunst og handverk omfattar fagkunnskap, fagdidaktikk og kunnskap om varierte arbeidsmåtar. Emnet har som mål å gi eit læringsutbyte retta mot kompetansemåla i den til ei kvar tid gjeldande nasjonale rammeplanen. Dei faglege tema er profesjonsretta og vil, saman med dei tre andre faga, vere ilag om praksis under felles yrkesrelaterte tema.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten:

  • har kunnskap om planlegging og gjennomføring av undervisning for klassestega 1-7
  • har grunnleggande kunnskap om materialar, teknikkar og reiskapar som er vanlege i arbeid med bilete og skulptur, to- og tredimensjonal form
  • har kunnskap om vurdering knytt til praktisk skapande arbeid
  • har kunnskap om barn si læring og utvikling i arbeid med to- og tredimensjonal form
  • har kunnskap om visuelle verkemiddel
  • har kjennskap til hovudretningar innan biletkunst og skulptur                                                                                                                                                                                                                                                                    
  • har kunnskap om visuell analysemetode 
Learning outcome skills

Studenten:

  • kan planleggje og gjennomføre undervisning, leggje til rette for tilpassa opplæring og formulere oppgåver som fremjar grunnleggande tame i Kunst og handverk
  • kan bruke, eksperimentere og velje ut høvelege materialar, teknikkar og verkty som eignar seg for oppgåver på barnetrinnet, og gjennom dette vere ein god rollemodell for elevane                                                                                                     
  • har vurderingskompetanse i høve eige og andre sitt arbeid, frå eit læringsorientert perspektiv
  • kan presentere og formidle fagstoff og eige arbeid, og nytte denne kunnskapen i yrkesutøvinga som lærar
  • kan utvikle ein idé til ferdig form, dokumentere og vurdere eigen skapande prosess                                                                                                                                                                                                                              
  • kan byggje vidare på uttrykksformer frå ulike kulturar og nærmiljø, og nytte dette som ressurs for eige skapande arbeid, organisert læring og elevarbeid 
  • kan bruke enkle analyseverkty
Learning outcome qualification

Studenten:

  • kan diskutere undervisning og læring, fag og elevar i lys av profesjonelle og yrkesetiske perspektiv
  • kan bruke og vurdere digitale læringsarenaer til formidling av fagstoff og eiga fagleg oppdatering
  • kan bruke Kunst og handverk i tema- og prosjektarbeid og ta vare på den estetiske dimensjonen i opplæringa
  • har kjennskap til gjeldande reglar om opphavsrett og personvern ved bruk av kjelder, bilete og andre ressursar til undervisning                                                                                                                                                                         
  • kan utnytte faget sitt potensiale i å fremme gjenbruk og bærekraftig utvikling
Working and learning activities

Emnet er i hovudsak konsentrert om praktisk arbeid i ulike teknikkar, materialar og tema der studenten arbeider enkeltvis eller i grupper med faglege problemstillingar. Undervisningsformene er ein kombinasjon av førelesing og individuell oppgåveløysing, fellesundervisning og sjølvstudium. Det vert gitt grunnleggjande opplæring i bruk av ulike teknikker og verktøy som studenten skal meistre. 

Undervisninga kan bli lagd til område utanfor campus og studentane må sjølve dekkje reiseutgifter. 

Assessment requirements

Det er obligatorisk oppmøte til alle organiserte læringsaktivitetar, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6. Fråversprosenten vert rekna for kvar av dei 2 fagmodulane.

Arbeidskrav:

To gjennomførte praktiske oppgåver i aktuelle faglege arbeidsområde m/ prosessdokumentasjon og fagdidaktisk refleksjon.

Evaluation system

Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maximum number of students: 
16
Person in charge: 
Catarina Andersson
Expenses

Studentane betaler ei materialavgift på kr 500 til innkjøp av fellesmateriale, samt supplering av utstyr i spesialrom.

Used in other programs
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Portfolio
Individual
2 Semester
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Endeleg vurdering i emnet skjer på grunnlag av ei mappe, jf. innhaldet i arbeidskravet, og ein individuell, munnleg justerande eksamen. Munnleg eksamen er ei utdjuping av det praktiske arbeidet, prosessdokumentasjonen og den fagdidaktiske refleksjonen. Studenten kan få spørsmål frå ulike delar av pensum. Det blir gitt ein førebels karakter på mappa. Førebels karakter vert kunngjort seinast dagen før munnleg eksamen.
Adjusting oral examination
Individual
20 Minutes
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
Munnleg eksamen er ei utdjuping av det praktiske arbeidet, prosessdokumentasjonen og den fagdidaktiske refleksjonen. Studenten kan få spørsmål frå ulike delar av pensum. Studenten kan nytte inntil 20 minutt på munnleg justerande eksamen.
Munnleg justerande eksamen fastset endeleg karakter.