Semesters

GL1-7PEL3 Pedagogikk og elevkunnskap 3

Course code: 
GL1-7PEL3
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Specialization level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2016 Autumn
Assessment semester: 
2016 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

GL1-7PEL1 og GL1-7PEL2

Course content

Emnet bygger på dei to første emna i PEL-faget i grunnskulelærarutdanninga, og omhandlar skulens oppgåver og funksjon i eit historisk, filosofisk, samfunnsmessig og internasjonalt perspektiv. Dette inneber kunnskap om skulen som organisasjon, profesjonelt utviklingsarbeid og profesjonsetisk medvit.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten skal ha kunnskap om

  • skulen som kompleks organisasjon, om rammefaktorar og styringsstruktur
  • samarbeidet med kollegaer, elevar, føresette og samarbeidspartnarane utanfor skulen og kva betyding dette har for elevane si læring og utvikling
  • fellesskapet si betyding for elevane sine læringsprosessar
  • korleis konfliktar og mobbing kan førebyggast og handterast
  • sosialt, språkleg og kulturelt mangfold og korleis ein inkluderande skule kan legge til rette for elevar si læring og utvikling
  • overgangen mellom barnehage og skule og mellom barnesteg ungdomssteg
  • korleis skulen kan nyttiggjere seg lokalt arbeids-, kultur- og samfunnsliv i elevane sine læreprosessar
  • sentrale fasar og strategiar i skulen si historiske utvikling, mellom anna om erfaringar frå den samiske skulehistoria, og om skulen og utdanninga sitt mandat og funksjonar til ulike tider i Noreg
  • demokrati, danning og utvikling av identitet, og den betydinga dette har for skulen si verksemd i ei internasjonalisert verd
Learning outcome skills

Studenten kan

  • kritisk analysere samhandling i klasser og grupper av elevar og fatte slutningar som stimulerer elevar si læring
  • planlegge, gjennomføre og vurdere pedagogisk arbeid i elevgrupper med ulik sosial, språkleg og kulturell bakgrunn
  • kan analysere og vurdere skulefaglege spørsmål knytt til elevar med ulik sosial og fagleg utvikling
  • stimulere til forståing av demokrati og til demokratisk deltaking og treffe grunngjevne verdival
  • planlegge, gjennomføre og vurdere utviklingssamtalar
Learning outcome qualification

Studenten

  • kan forstå korleis profesjonsetiske val påverkar elevar sitt læringsarbeid og kan analysere og kommunisere om profesjonsetiske utfordringar både med heimen, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
  • kan fremme dialog og gjensidig respekt i læringsfellesskap prega av eit sosialt, språkleg og kulturelt mangfald
  • har innsikt i lærarrolla si utvikling og dei utfordringar læraren står ovanfor som oppsedar i eit pluralistisk og internasjonalisert samfunn
Working and learning activities

Undervisingsformene vekslar mellom plenumsførelesing, seminar med studentaktivitet, arbeid individuelt og i grupper.

Assessment requirements

Det er obligatorisk oppmøte til all timeplanfesta aktivitet, jamfør §4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Det ein føresetnad at alle arbeidskrav er fullførte og godkjende for å kunne avlegge eksamen i emnet. Ein student får to (2) forsøk på eit arbeidskrav, sjå §4-7 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.  Dette er arbeidskrava i emnet:

  • Individuell skriftleg oppgåve ut frå gitt problemstilling knytt til utfordringar i skulen som organisasjon, på inntil 2500 ord
  • Ein individuell munnleg presentasjon med deltaking i seminar
  • Innlevering av tema for bacheloroppgåva
Evaluation system

Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maximum number of students: 
40
Person in charge: 
Randi Myklebust
Used in other programs
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oral examination
Individual
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade