Semesters
GL1-7PEL3 Pedagogikk og elevkunnskap 3
GL1-7PEL1 og GL1-7PEL2
Utvikling av læraren si profesjonelle rolle og identitet
Emnet bygger på dei to første emna i PEL-faget i grunnskulelærarutdanninga, og omhandlar skulens oppgåver og funksjon i eit historisk, filosofisk, samfunnsmessig og internasjonalt perspektiv. Dette inneber kunnskap om skulen som organisasjon, profesjonelt utviklingsarbeid og profesjonsetisk medvit.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha kunnskap om
- skulen som kompleks organisasjon, om rammefaktorar og styringsstruktur
- samarbeidet med kollegaer, elevar, føresette og samarbeidspartnarane utanfor skulen og kva betyding dette har for elevane si læring og utvikling
- fellesskapet si betyding for elevane sine læringsprosessar
- korleis konfliktar og mobbing kan førebyggast og handterast
- sosialt, språkleg og kulturelt mangfold og korleis ein inkluderande skule kan legge til rette for elevar si læring og utvikling
- overgangen mellom barnehage og skule og mellom barnesteg og ungdomssteg
- sentrale fasar og strategiar i skulen si historiske utvikling, mellom anna om erfaringar frå den samiske skulehistoria, og om skulen og utdanninga sitt mandat og funksjonar til ulike tider i Noreg
- demokrati, danning og utvikling av identitet, og den betydinga dette har for skulen si verksemd i ei internasjonalisert verd
Studenten kan
- kritisk analysere samhandling i klasser og grupper av elevar og fatte slutningar som stimulerer elevar si læring
- planlegge, gjennomføre og vurdere pedagogisk arbeid i elevgrupper med ulik sosial, språkleg og kulturell bakgrunn
- kan analysere og reflektere over skulefaglege spørsmål knytt til elevar med ulik sosial og fagleg utvikling
- stimulere til forståing av demokrati og til demokratisk deltaking og treffe grunngjevne verdival
- planlegge, gjennomføre og vurdere utviklingssamtalar
- meistre norsk munnleg og skriftleg på ein kvalifisert måte.
Studenten
- kan forstå korleis profesjonsetiske val påverkar elevar sitt læringsarbeid og kan analysere og kommunisere om profesjonsetiske utfordringar både med heimen, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
- kan fremme dialog og gjensidig respekt i læringsfellesskap prega av eit sosialt, språkleg og kulturelt mangfald
- har innsikt i lærarrolla si utvikling og dei utfordringar læraren står ovanfor som oppsedar i eit pluralistisk og internasjonalisert samfunn
Undervisingsformene vekslar mellom plenumsførelesing, seminar med studentaktivitet, arbeid individuelt og i grupper.
Det er obligatorisk oppmøte til all timeplanfesta aktivitet, jamfør §4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Det ein føresetnad at alle arbeidskrav er fullførte og godkjende for å kunne avlegge eksamen i emnet. Ein student får to (2) forsøk på eit arbeidskrav, sjå §4-7 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Dette er arbeidskrava i emnet:
- Individuell skriftleg oppgåve ut frå gitt problemstilling knytt til utfordringar i skulen som organisasjon, på inntil 1600 ord
- Ein individuell munnleg presentasjon med aktiv deltaking i seminar
- Innlevering av tema for bacheloroppgåva
Det ein føresetnad at alle arbeidskrav er fullførte og godkjende for å kunne avlegge eksamen i emnet. Ein student får to (2) forsøk på eit arbeidskrav, sjå §4-7 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- Teacher Qualification 1.-7. grade
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oral examination | Individual | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade |