Semesters

GL5-10MAT1B Matematikk 1B

Course code: 
GL5-10MAT1B
Duration: 
2 semesters
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2016 Autumn
2017 Spring
Assessment semester: 
2017 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Course content

Matematikk kan vere eitt av tre fagval på 60 stp i grunnskulelærarutdanninga for 5.-10.- årssteget. Emnet GL5-10MAT1B er det andre matematikkemnet for GLU 5-10 og skal takast i det andre studieåret av dei som har valt matematikk.

Emnet omfattar matematikkdidaktiske og matematikkfaglige tema som er viktige for alle som skal undervise i matematikk på stega 5-10 i grunnskulen. For å nå måla om læringsutbytte for emnet vert mellom anna følgjande innhald vektlagt;

  • statistikk; mellom anna ulike diagram, mål for spreiing og mål for sentraltendens
  • sannsyn/kombinatorikk; mellom anna sannsynsomgrepet, ulike sannsynsmodellar, kombinatorikk og ulike sannsynsfordelingar
  • geometri/måling; mellom anna grunnleggjande figurar, konstruksjon, kongruens og formlikskap, Pytagoras si setning, romfigurar, avbildingar og symmetri, perspektivteikning 
  • funksjonar; mellom anna funksjonsomgrepet, lineære funksjonar, polynomfunksjonar, rasjonale funksjonar og eksponentialfunksjonar
  • algebra; andregradslikningar
  • bruk av IKT i matematikk
  • vurdering.
Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne: 

Learning outcome knowledge

Studenten

  • har undervisningskunnskap i matematikken elevane arbeider med, særleg geometri og måling, algebra og funksjonar
  • har kunnskap om betydinga semiotiske representasjonsformer har i matematikk, og kva utfordringar som er knytt til overgangar mellom representasjonsformer
  • har kunnskap om språket si rolle for læring av matematikk
  • har kunnskap om vanlege interaksjonsmønster og kommunikasjon knytt til matematikkundervisning
  • har undervisningskunnskap om betydinga av rekning som grunnleggjande ferdigheit i alle skulefag
  • har kunnskap om å uttrykkje seg munnleg, lese, uttrykkje seg skriftleg og kunne bruke digitale verkty i matematikkfaget
  • har kunnskap om matematikkfaget sitt innhald på dei ulike stega i grunnskulen og i vidaregåande skule, og om overgangane mellom stega i grunnskulen og ungdomssteg - vidaregåande skule
  • har kunnskap om eit breitt metoderepertoar for undervisning i matematikk
  • har innsikt i og erfaring med bruk av ulike læremiddel, både digitale og andre, og mogelegheiter og avgrensingar ved slike læremiddel
Learning outcome skills

Studenten

  • kan planleggje, gjennomføre og vurdere matematikkundervisning for alle elever på 5.-10. steget, med fokus på variasjon og elevaktivitet, forankra i forsking, teori og praksis
  • har gode praktiske ferdigheiter i munnleg og skriftleg kommunikasjon i matematikkfaget, og kompetanse til å fremje slike ferdigheiter hos elevane
  • kan bruke arbeidsmåtar som fremjar elevane si undring, kreativitet og evne til å arbeide systematisk med utforskande aktivitetar, grunngivingar, argument og bevis
  • kan bruke og vurdere kartleggingsprøver og ulike observasjons- og vurderingsmåtar, for å tilpasse opplæringa til elevane sine ulike behov
  • kan vurdere elevane si måloppnåing med og utan karakterar, og grunngi vurderingane
  • kan kommunisere med elevar, enkeltvis og i ulike gruppesamansettingar, lytte til, vurdere og gjøre bruk av elevane sine innspel, og institusjonalisere kunnskap
  • kan analysere og vurdere elevane sine tenkjemåtar, argumentasjon og løysingsmetodar frå ulike perspektiv på kunnskap og læring
  • kan førebyggje og oppdage matematikkvanskar og leggje til rette for mestring hos elevar med ulike typar matematikkvanskar.
Learning outcome qualification

Studenten

  • kan bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte
  • har innsikt i matematikkfaget si rolle i andre fag og i samfunnet
Working and learning activities

Emnet legg opp til varierte arbeidsformer som krev engasjement og initiativ frå studentane for å fremje eiga og medstudentar si læring. Arbeidsformene kan inndelast slik: sjølvstudium, utforsking og problemløysing, oppgåveløysing og drøfting, didaktisk refleksjon, studentpresentasjonar og forelesingar. Det vert kravd aktiv deltaking frå studentane i alle deler av studiet.

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk oppmøte til undervisninga i emnet.

Arbeidskrav:

 

  • Tre didaktiske refleksjonsoppgåver. Omfanget på kvar oppgåve skal vere på 500-1000 ord.
  • Ei skriftleg prøve på tre timar. 

Arbeidskrava vert presisert og tidfesta i semesterplanen. Studentane har to forsøk på å få godkjent kvart arbeidskrav

Evaluation system

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Maximum number of students: 
40
Person in charge: 
Øyvind Roger Halse
Used in other programs
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oral examination
Individual
-
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade