Semesters
GL5-10MAT1B Matematikk 1B
Matematikk kan vere eitt av tre fagval på 60 stp i grunnskulelærarutdanninga for 5.-10.- årssteget. Emnet GL5-10MAT1B er det andre matematikkemnet for GLU 5-10 og skal takast i det andre studieåret av dei som har valt matematikk.
Emnet omfattar matematikkdidaktiske og matematikkfaglige tema som er viktige for alle som skal undervise i matematikk på stega 5-10 i grunnskulen. For å nå måla om læringsutbytte for emnet vert mellom anna følgjande innhald vektlagt;
- statistikk; mellom anna ulike diagram, mål for spreiing og mål for sentraltendens
- sannsyn/kombinatorikk; mellom anna sannsynsomgrepet, ulike sannsynsmodellar, kombinatorikk og ulike sannsynsfordelingar
- geometri/måling; mellom anna grunnleggjande figurar, konstruksjon, kongruens og formlikskap, Pytagoras si setning, romfigurar, avbildingar og symmetri, perspektivteikning
- funksjonar; mellom anna funksjonsomgrepet, lineære funksjonar, polynomfunksjonar, rasjonale funksjonar og eksponentialfunksjonar
- algebra; andregradslikningar
- bruk av IKT i matematikk
- vurdering
- matematikkvanskar, matematikktalent.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har undervisningskunnskap i matematikken elevane arbeider med, særleg geometri og måling, algebra og funksjonar
- har kunnskap om betydinga semiotiske representasjonsformer har i matematikk, og kva utfordringar som er knytt til overgangar mellom representasjonsformer
- har kunnskap om språket si rolle for læring av matematikk
- har kunnskap om vanlege interaksjonsmønster og kommunikasjon knytt til matematikkundervisning
- har undervisningskunnskap om betydinga av rekning som grunnleggjande ferdigheit i alle skulefag
- har kunnskap om å uttrykkje seg munnleg, lese, uttrykkje seg skriftleg og kunne bruke digitale verkty i matematikkfaget
- har kunnskap om matematikkfaget sitt innhald på dei ulike stega i grunnskulen og i vidaregåande skule, og om overgangane mellom stega i grunnskulen og ungdomssteg - vidaregåande skule
- har kunnskap om eit breitt metoderepertoar for undervisning i matematikk
- har innsikt i og erfaring med bruk av ulike læremiddel, både digitale og andre, og mogelegheiter og avgrensingar ved slike læremiddel
Studenten
- kan planleggje, gjennomføre og vurdere matematikkundervisning for alle elever på 5.-10. steget, med fokus på variasjon og elevaktivitet, forankra i forsking, teori og praksis
- har gode praktiske ferdigheiter i munnleg og skriftleg kommunikasjon i matematikkfaget, og kompetanse til å fremje slike ferdigheiter hos elevane
- kan bruke arbeidsmåtar som fremjar elevane si undring, kreativitet og evne til å arbeide systematisk med utforskande aktivitetar, grunngivingar, argument og bevis
- kan bruke og vurdere kartleggingsprøver og ulike observasjons- og vurderingsmåtar, for å tilpasse opplæringa til elevane sine ulike behov
- kan vurdere elevane si måloppnåing med og utan karakterar, og grunngi vurderingane
- kan kommunisere med elevar, enkeltvis og i ulike gruppesamansettingar, lytte til, vurdere og gjøre bruk av elevane sine innspel, og institusjonalisere kunnskap
- kan analysere og vurdere elevane sine tenkjemåtar, argumentasjon og løysingsmetodar frå ulike perspektiv på kunnskap og læring
- kan førebyggje og oppdage matematikkvanskar og leggje til rette for mestring hos elevar med ulike typar matematikkvanskar.
Studenten
- kan bruke matematikkfaglege og -didaktiske kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte
- har innsikt i matematikkfaget si rolle knytt til andre fag og samfunnet elles
Emnet legg opp til varierte arbeidsformer som krev engasjement og initiativ frå studentane for å fremje eiga og medstudentar si læring. Arbeidsformene kan inndelast slik: sjølvstudium, utforsking og problemløysing, oppgåveløysing og drøfting, didaktisk refleksjon, studentpresentasjonar og forelesingar. Det vert kravd aktiv deltaking frå studentane i alle deler av studiet.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk oppmøte til undervisninga i emnet.
Arbeidskrav:
- Tre didaktiske refleksjonsoppgåver. Omfanget på kvar oppgåve skal vere på 500-1000 ord.
- Ei skriftleg prøve på tre timar.
Arbeidskrava vert presisert og tidfesta i semesterplanen. Studentane har to forsøk på å få godkjent kvart arbeidskrav
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)
- Teacher Qualification 5.-10. grade
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oral examination | Individual | 30 Minutes | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade |