Semesters

GL5-10NF2A Naturfag 2 - Fysikk og kjemi

Course code: 
GL5-10NF2A
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2016 Spring
Assessment semester: 
2016 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

GL5-10NF1A eller tilsvarende

Course content

Undervisninga i Naturfag 2 - Fysikk og kjemi (GL5-10NF2A), saman med Naturfag 2 - Biologi og geofag (GL5-10NF2B), byggjer på naturfagemna Naturfag 1 -Fysikk og kjemi (GL5-10NF1A) og Natyrfag 1 - Biologi og geofag (GL5-10NF1B), og tek sikte på å gje studentane fagleg og fagdidaktisk grunnlag for å undervise naturfag i grunnskulen sitt ungdomssteg. Emnet tek for seg tema innan fysikk og kjemi, samt nokre naturfagdidaktiske emne.

Faglege tema:

  • fysikk: rørsle og Newtons lover, mekanisk energi, atom- og kjernefysikk, astrofysikk, fysikk og teknologi
  • kjemi: varmelære, syrar og basar, redoks-kjemi, bufferar, organisk kjemi og næringsstoff, elektrokjemi

Fagdidaktiske tema:

  • læring, forståing og undervisning i naturfaglege tema, med hovudvekt på kjemi
  • bruk av modellar i naturvitskap
  • vurdering av lærebøker og læringsressursar i naturfag
  • planlegging og gjennomføring av praktisk arbeid i naturfag
Learning outcome

-

Learning outcome knowledge
  • faglege og fagdidaktiske kunnskapar i nokre grunnleggande naturvitskaplege tema
  • kunnskap om å gje undervisning i skulefaget naturfag
  • kunnskap om, og erfaring med, tryggleik og tryggleiksrutinar ved arbeid i laboratorium og ved praktisk naturfagundervisning generelt
Learning outcome skills
  • generelle praktiske ferdigheiter i nokre grunnleggande naturvitskaplege tema
  • ferdigheiter i å gje undervisning i skulefaget naturfag
  • ferdigheiter i å gje ei naturfagopplæring tilpassa den einskilde elev sine evner og føresetnader
  • sjå naturfaget i samanheng med elevane sine grunnleggande ferdigheiter slik dei er definert i LK06
  • utvikle evne til å sjå muligheiter for fleir- og tverrfagleg organisering og undervisning i naturfaglege tema
Learning outcome qualification

-

Working and learning activities

Emnet er organisert med teoretisk og praktisk undervisning, samt regelmessige innleveringar av arbeidskrav via internett (Fronter). Arbeidskrava vil verte gjevne i form av individuelle innleveringar eller gruppearbeid. Frammøte til både den teoretiske og praktiske undervisninga er obligatorisk, sjå «Forskrift om studium og eksamen vedHøgskulen i Volda, §4-6». Kvar student skal gjennomføre ein tovekers periode med skolepraksis i løpet av semesteret.

Det er ein føresetnad at studentane disponerer digitalt kamera til bruk i dokumentasjonsarbeid.

Assessment requirements

Kvar student skal gjennomføre følgjande arbeidskrav:

  • levere rapport frå tre laboratorieøvingar/feltarbeid (minimum 1500 ord)
  • levere ein samlerapport frå det øvrige laboratorie- og feltarbeidet
  • levere eitt fagleg/didaktisk arbeid (omfang 3000-4000 ord)

For å få lov til å gjennomføre obligatorisk lab-undervisning skal studenten før kvar av dei to samlingane gjennomføre og få godkjent ei kunnskapsprøve (fleirvalsprøve i Fronter). Det vert gitt to forsøk.

Detaljar knytt til arbeidskrava vert kunngjort i semesterplanen.

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maximum number of students: 
40
Used in other programs
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Written Exam
Individual
6 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Kalkulator utan moglegheit for lagring av formlar og tekst. Andre hjelpemiddel, som til dømes LK06, periodesystemet og formelsamlingar vert om nødvendig lagt ved eksamensoppgåvene.