Semesters

HI111 Norsk og internasjonal oversynshistorie ca. 300–1536

Course code: 
HI111
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Course name in Norwegian Nynorsk: 
Norsk og internasjonal oversynshistorie ca. 300–1536
Teaching semester: 
2023 Autumn
Course name in Norwegian Bokmål: 
Norsk og internasjonal oversynshistorie ca 300–1536
Assessment semester: 
2023 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen.

Course content

Formålet med dette emnet er å gje studentane eit samanhengande oversyn i norsk og internasjonal historie frå seinantikken i Europa (vikingtida i Noreg) og fram til 1536. Studentane skal utvikle forståing av sentrale endringsprosessar i perioden innanfor tema som folketalsutvikling, økonomi, sosiale forhold, politikk og religion. Dei skal òg vere i stand til å plassere Noreg i eit komparativt europeisk perspektiv. Emnet gjev også innblikk i framveksten og utviklinga av utvalde ikkje-europeiske sivilisasjonar frå tida før den europeiske påverknaden sette inn med full tyngd.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten:

  • har grunnleggjande oversyn over norsk og internasjonal historie frå ca. 300 (norsk frå ca. 800) til midten av 1500-talet, og kunne sjå samanhengar og samanlikne tilhøve i tid og rom
  • har grunnleggjande kunnskapar om historisk metode og teori
Learning outcome skills

Studenten:

  • kan tileigne seg, ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis for å svare på ei historisk problemstilling
  • kan skrive fagtekstar av eit visst omfang på eiga hand og innanfor gjevne tidsrammer
  • kan formidle kunnskap om emneinnhaldet til fagmiljø og eventuelt eit allment publikum, t.d. ved munnleg presentasjon eller gjennom digitale medium
  • kan reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing
Learning outcome qualification

Studenten

  • kan sette seg inn i nye problemområde og analysere saker frå fleire sider
  • kan handtere informasjonsmengder av eit visst omfang, og ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis
  • kan dokumentere skriftlege arbeid i samsvar med generelt vedtekne krav innafor høgare utdanning
Working and learning activities

Det blir gjeve førelesingar og seminar i emnet. All innlevering av oppgåveutkast m.m. (sjå Vilkår for å framstille seg til eksamen nedanfor) skjer i den digitale læringsplattforma som HVO nyttar. Det er derfor ein føresetnad for å kunne studere historie ved HVO at studenten er kjend med elementær internettbruk – navigering i nettlesar, bruk av diskusjonsforum, opp- og nedlasting av filer. Det blir lagt ut rettleiingar i desse teknikkane på nettet.

Assessment requirements

Studentane sitt sjølvstendige og individuelle arbeid gjennom heile semesteret blir lagt til grunn for vurderinga i fagemnet. Kvar student skal gjennomføre følgjande arbeidskrav for å kunne framstille seg til eksamen:

  • Levere ein tilnærma ferdig versjon av ei individuell prosessoppgåve over oppgjeve tema i samsvar med semesterplanen. Den tilnærma ferdige versjonen skal ha eit omfang på om lag 2 500 ord i tekstbehandling, og blir gjennomgått av ein faglærar som vurderer om den kan godkjennast. Slik godkjenning er nødvendig for at studenten skal kunne gå vidare på emnet. I tilfelle det første framlegget blir underkjent, får studenten høve til å levere ein ny versjon.
  • Presentere eit fagstoff munnleg eller i digitale medium i samsvar med plan og instruks frå instituttet.
  • Det er obligatorisk frammøte til undervisninga i førelesingar og seminar, jf. §4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Den som ikkje kan fylle frammøtekravet, kan søkje emneansvarleg om dispensasjon frå kravet mot levering av eit skriftleg arbeid, innanfor oppgjeve tema. Liksom under det første og andre punktet skal også dette arbeidet godkjennast før ein kan gå vidare i emnestudiet.

Detaljane i arbeidskrava – nærare formkrav og framdriftsplan, forklaring og døme på dei ulike prøvetypane – blir presiserte i eigne skriv og lagt ut i det aktuelle emneromet i den digitale læringsplattforma. Som det går fram ovanfor, får kvar student som ikkje har fått godkjent eit arbeidskrav, ein ny sjanse innan ein kort frist. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen. Arbeidskrava og del 1 av eksamen (oppgåva) må gjennomførast i same semester.

Evaluation system
Minimum number of students: 
8
Maximum number of students: 
50
Person in charge: 
Harald Johannes Krøvel
Used in other programs
  • History - bachelor
  • History - yearcourse
  • Language and Literature - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individual
1 Semester
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
60
Endeleg versjon av prosessoppgåva studenten har skrive, jf. første punkt under Vilkår for å framstille seg til eksamen. I sluttevalueringa kan det bli lagt vekt på prosessen.
Oppgåva skal leverast elektronisk. Fyldig informasjon om gjennomføring av eksamenane vert lagt ut i Canvas i god tid før eksamen.
Alle
3000 - 3500 ord
Written Exam
Individual
4 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
40
Emne som gir reduksjonGrad av overlappVektingsreduksjon
SRS101N
2
Approval signature: 
Randi Bergem 23.02.2023