Semesters

HI111 Norsk og internasjonal oversynshistorie ca 300–1536

Course code: 
HI111
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Course name in Norwegian Nynorsk: 
Norsk og internasjonal oversynshistorie ca 300–1536
Teaching semester: 
2017 Autumn
Course name in Norwegian Bokmål: 
Norsk og internasjonal oversynshistorie ca 300–1536
Assessment semester: 
2017 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen.

Course content

Formålet med dette emnet er å gje studentane eit samanhengande oversyn i norsk og internasjonal historie frå tidleg mellomalder i Europa (vikingtida i Noreg) og fram til 1536. Dei skal forstå korleis den føydale samfunnsordninga voks fram og endra seg fram til 1500-talet, og vere i stand til å plassere Noreg i eit komparativt europeisk perspektiv med særleg vekt på sentrum–periferirelasjonar. Dei skal òg ha innblikk i framveksten og utviklinga av utvalde ikkje-europeiske sivilisasjonar frå tida før den europeiske påverkinga sette inn med full tyngd.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten

  • har grunnleggjande oversyn over norsk og internasjonal historie frå ca 300 (norsk frå ca 800) til ca 1600 og kan sjå samanhengar og samanlikne tilhøve i tid og rom
  • har grunnleggjande kunnskapar om historisk metode, teori og historiografi
Learning outcome skills

Studenten

  • kan tileigne seg, ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis for å svare på ei historisk problemstilling
  • kan skrive fagtekstar av eit visst omfang på eiga hand og innanfor gjevne tidsrammer
  • kan presentere eit fagstoff munnleg etter førebuing
  • kan formidle kunnskap om emneinnhaldet til fagmiljø og eventuelt eit allment publikum, f. eks. gjennom digitale medium slik som blogg
  • kan reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing
Learning outcome qualification

Studenten

  • kan sette seg inn i nye problemområde og analysere saker frå fleire sider
  • kan handtere informasjonsmengder av eit visst omfang, og ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis
  • kan dokumentere skriftlege arbeid i samsvar med generelt vedtekne krav innafor høgare utdanning
Working and learning activities

Det blir gjeve førelesingar og seminar i emnet. All innlevering av oppgåveutkast m.m. (sjå Vilkår for å framstille seg til eksamen nedanfor) skjer i den digitale læringsplattforma som HVO nyttar. Det er derfor ein føresetnad for å kunne studere historie i Volda at studenten er kjend med elementær internettbruk – navigering i nettlesar, bruk av diskusjonsforum, opp- og nedlasting av filer. Det blir lagt ut rettleiingar i desse teknikkane på nettet.

Assessment requirements

Studentane sitt sjølvstendige og individuelle arbeid gjennom heile semesteret blir lagt til grunn for vurderinga i fagemnet. Følgjande fem arbeidskrav skal kvar student gjennomføre:

  • Levere ein tilnærma ferdig versjon av ei individuell prosessoppgåve over oppgjeve tema i samsvar med semesterplanen. Den tilnærma ferdige vesjon skal ha eit omfang på minst 2 500 ord i tekstbehandling, og blir gjennomgått av ein faglærar som vurderer om den kan godkjennast. Slik godkjenning er nødvendig for at studenten skal kunne gå vidare på emnet. I tilfelle det første framlegget blir underkjent, får studenten høve til å levere ein ny versjon.
  • Presentere eit fagstoff munnleg i samsvar med plan og instruks oppsett frå instituttet.
  • Dokumentere historisk kunnskapstileigning i digitale medium etter nærare instruks frå instituttet.
  • Skrive eit refleksjonsnotat, som skal innehalde korte evalueringar av undervisning, pensum, oppgåve- og kommentarskriving, administrative tenester og generelle kommentarar til opplegget på fagemnet. Eit refleksjonsnotat skal ha eit omfang av 200–500 ord i tekstbehandling.
  • Det er obligatorisk frammøte til undervisninga i førelesingar og seminar, jf. §4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Den som ikkje kan fylle frammøtekravet, kan søkje emneansvarleg om dispensasjon frå kravet mot levering av eit skriftleg arbeid, innanfor oppgjeve tema. Liksom under det første og andre punktet skal også dette arbeidet godkjennast før ein kan gå vidare i emnestudiet.

Detaljane i arbeidskrava – nærare formkrav og framdriftsplan, forklaring og døme på dei ulike prøvetypane – blir presiserte i eigne skriv og lagt ut i det aktuelle emneromet i den digitale læringsplattforma. Som det går fram ovanfor, får kvar student som ikkje har fått godkjent eit arbeidskrav, ein ny sjanse innan ein kort frist. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen. Arbeidskrava og del 1 av eksamen må gjennomførast i same semester.

Evaluation system

Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Minimum number of students: 
8
Maximum number of students: 
50
Person in charge: 
Harald Johannes Krøvel
Used in other programs
  • Bachelor in religious studies
  • History - bachelor
  • History - yearcourse
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individual
1 Semester
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
60
Endeleg versjon av prosessoppgåva studenten har skrive, jf. første punkt under Vilkår for å framstille seg til eksamen.
Oppgåva skal leverast elektronisk i den digitale læringsplattformen.
Alle
3000 - 3500 ord
Written Exam
Individual
4 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
40
Digital eksamen.
Ingen
Emne som gir reduksjonGrad av overlappVektingsreduksjon
SRS101N
2
Approval signature: 
Odd Ragnar Hunnes 08.02.17